Det såkalla «sløret forsett»-læra har vist seg som ei utfordring, og behovet for presisering av kva denne læra eigentleg inneber, har vore stort ikkje minst i drapssaker. Etter kvart har vi fått fleire avgjerder der Høgsterett presiserer læra og på sett og vis bringer det «slørete» forsettet tilbake inn i og i tråd med dei meir generelle utgangspunkta for forsettslæra. Det bidreg ikkje minst til at grensedraginga mellom forsett og aktløyse igjen vert meir tydeleg. I 2026 kom den i skrivande stund seinaste av desse avgjerdene, HR-2026-1432-A – ei sak om drapsforsøk i form av knivstikking.
Meir presist gjaldt saka knivstikking i samband med eit oppgjer om narkotikagjeld. Det var tale om fleire knivstikk, der eitt av dei trefte offeret i brystet. Kniven som vart brukt var ein stor og kraftig 34 cm. lang kjøkkenkniv. Sjølve bladet var 20 cm. langt. Stikket var utført med ei viss kraft, og gjekk gjennom fleire lag med klede, gjennom huda og inn i brysthola. Lagmannsretten siterte frå ein rapport frå rettsmedisinske sakkunnige, gjengjeve i avsnitt 14 i Høgsterett si avgjerd: «Skarpvoldsskader lokalisert på brystet, buken og låret som hos fornærmede, kunne gitt skade på tallrike strukturer som for eksempel kunne medført store blodtap, rask sjokkutvikling og død. Fornærmedes faktiske skader ansees derfor svært heldig plasserte.»
Tiltalte vart av lagmannsretten domfelt for forsøk på drap, og det var forsettsvurdering som låg til grunn for den dommen som særleg var tema for Høgsterett.
Høgsterett starta med å trekke opp dei rettslege utgangspunkta frå tidlegare avgjerder i samanhengen (avsn. 20-21), og då særleg HR-2022-1323-A: Forsett som strafferettsleg omgrep omfattar ikkje berre det ein aktivt tenker på, men òg det ein veit. Slik kunnskap kan ein ha enten i kraft av at det er allmenn menneskekunnskap eller at det er erverva spesialkunnskap for den aktuelle gjerningspersonen. Samstundes understrekar Høgsterett (avsn. 22) det viktige utgangspunktet om at det er «gjerningspersonens bevissthet om den konkrete handlingen i den aktuelle situasjonen» som det er eit spørsmål om, ikkje eit (normativt) tredjepersonsperspektiv, og at all rimeleg tvil òg i denne samanhengen skal kome tiltalte til gode.
Som påpeika av Høgsterett i HR-2022-1323-A, og igjen understreka i HR-2026-1432-A (avsn. 23-31), er ei viss forsiktigheit avgjerande for rett bruk av denne forsettsforma. Tre poeng vert særleg trekt fram: 1) Vurderinga må gjerast opp mot den konkrete handlemåten, ikkje ein breiare kategori av handlingar – altså det konkrete stikket og ikkje knivstikking meir generelt. 2) Vurderinga av eventuell allmenn kunnskap om følgjene må vere «så klar at det kan presumeres at også gjerningspersonen hadde denne kunnskapen» (avsn. 27). 3) Vurderinga av om den konkrete gjerningspersonen hadde ei anna oppfatning enn den allmenne, må ikkje gjerast for snever og må ikkje berre ta høgde for personlege omstende, men òg situasjonen handlinga skjer i. Krava til grunngjeving av forsett vil samstundes påverkast av kor sterk førestillinga om den allmenne kunnskapen står.
Så langt alt vel: Alle desse påpeikingane er i seg sjølv adekvate. Spørsmålet er likevel om Høgsterett så gjer ei omdreiing for mykje i det lagmannsretten si konkrete vurdering i saka vert gjenstand for vurdering.
Lagmannsretten domfelte som nemnt. Om drapsforsettet skreiv lagmannsretten (sitert i avsnitt 36 av Høgsterett):
««Lagmannsretten mener at det er allmennkunnskap at dersom man stikker en stor kjøkkenkniv med en viss kraft inn i brystet på en person, vil dette – på grunn av de vitale organene som befinner seg i brysthulen – mest sannsynlig føre til døden. Det foreligger ikke noe som tilsier at A manglet denne kunnskapen. Tvert imot har han forklart at han tidligere har vært vitne til et tragisk knivdrap og var godt kjent med den betydelige risikoen for dødelig utgang ved stikkskader i overkroppen.
Selv om A ikke aktivt tenkte på muligheten for dødsfølgen i det øyeblikket han stakk fornærmede, anses han likevel å ha hatt forsett om drap.»
Til dette kommenterer Høgsterett (38), og desse to setningane er verdt å merke seg:
«Lagmannsrettens vurdering av hva som er allmenn kunnskap, tar ikke utgangspunkt i det konkrete stikket, men er bredere siden det vises til stikk med en stor kniv inn i brystet mer generelt. Det konkrete stikket gikk som nevnt inn i brystet fra siden og var rundt to centimeter dypt.»
Dette er slik sett ei oppfølging av den første av dei tre varsemdspunkta som vi omtalte ovanfor: Det er ikkje ein meir generell kategori av handling som skal vurderast, men «slike stikk» som det er tale om i den konkrete saka. Eg er einig med Høgsterett at lagmannsretten her har ei for generelle forklaring av det gjerningspersonen sitt forsett vert knytt til: Å stikke «en stor kjøkkenkniv med en viss kraft inn i brystet på en person» omfattar ei rekke meir konkrete variantar av den handlinga, der nokre klart er livsfarlege, men andre ikkje. Spørsmålet er likevel om ikkje Høgsterett sitt alternativ, at «det konkrete stikket gikk som nevnt inn i brystet fra siden og var rundt to centimeter dypt» spissar forsettsvurderinga for mykje.
Annleis sagt er spørsmålet her kva som er det rette «referansepunktet» for vurderinga av gjerningspersonen sitt forsett. I dei generelle utgangspunkta om § 22 formulerer Høgsterett det som om gjerningspersonen «lovbruddet», då i samanheng med kva tidspunkt gjerningspersonen må ha hatt forsettet (sjå avsn. 17). Men det er ikkje presist: det eventuelle «lovbruddet» her er forsøk på død, jf. § 275 jf. 16, og forsett (i forsøkstilfella, eit fullføringsforsett) er eit av krava som må føreligge for at det skal vere tale om eit slikt lovbrot. Ergo kan ikkje, logisk sett, «lovbruddet» vere rett referanse for verken tidspunktet for forsett eller referansen for vurderinga av om gjerningspersonen på det tidspunktet hadde forsett.
For å løyse opp det problemet, må vi erkjenne at eit sakskompleks, til dømes alt det som skjedde i denne konkrete saka, kan omtalast på ulike nivå, med ulike delhandlingar, som òg står i tidsmessig samanheng med kvarandre. Med utgangspunkt i tiltalen i saka kan til dømes relasjonane pakkast ut slik:

Delhandlingane, til dømes den normativt viktige «DH2b3 stikke i brystet», kan sin tur pakkast ut i ulike delsekvensar, noko som er sentralt for forsettsvurderinga:

Spør vi kva i denne kompleksiteten som er rett referansepunkt for forsettsvurderinga, er svaret det vi i Frihet, forbrytelse og straff (FFS) omtalar som den forutgåande handlinga, altså den siste kontrollerte delhandlinga før den handlinga som fullbyrdar gjerningsskildringa (eventuelt passerer den nedre grensa for forsøk, dersom det er forsøksansvar det er tale om).
Kva er så den siste kontrollerte handlinga i eit tilfelle av knivstikking som dette? Det kan ein ikkje seie generelt, for det avhenger av dei nærare omstenda i saka og då særleg kor kontrollert knivstikkinga var. Her kan vi tenke oss to ulike typetilfelle (og la oss her, for å gjere det enkelt, tenke oss at offeret døyr gjennom eit stikk i hjartet):
Kirurgisk presisjon: B ligg medvitslaus, og A sonderer overkroppen og peiker ut eit innskjeringspunkt, som vert markert med tusj. A tek så kniven, fører den svært sakte mot punktet, gjennom huda og vidare inn. På førehand har A skaffa seg all nødvendig kunnskap til å vite akkurat når handlinga vil ta livet av B. Vitande om at stikket må litt lenger inn for å nå inn til hjartet og vere dødeleg, tek A ei pause og tenker på om han skal fortsette. A bestemmer seg for å gjere det og fører kniven vidare inn slik at den punkterer hjartet til B.
Hot-head: I ein krangel trekk A impulsivt opp ein kniv og stikk den «blindt», men hardt mot B sin overkropp. Tilfeldigvis, i det kniven er på veg mot kroppen til B, mistar A grepet om den. Kombinert med måten B sjølv rører på seg, har den likevel nok kraft og retning til å trenge inn i B sin kropp og gjennom huda, for så å punktere hjartet til B på akkurat same stad og i same omfang som i kirurgisk presisjon. B døyr.
I det første tilfellet beheld gjerningspersonen kontrollen over handlemåten sin lenger enn i det siste tilfellet, og strekk dermed tidsrommet for forsett lenger ut. Om gjerningspersonen i det første tilfellet får forsett om død som følgje av handlinga så seint som i det kniven har perforert huda, så vil det framleis vere rom for å avbryte handlinga og ergo kan det forsettet tilskrivast vedkommande. For Hot-head sin del vil eit forsett som kjem til i det kniven er rett ved hjartet vanskeleg kunne trekkast inn; på det tidspunktet kan ikkje A kontrollere hendingsutviklinga.
Like viktig i vår samanheng: Tilsvarande som at tidsrommet for forsett påverkast, vil vurderinga av «allmenn kunnskap» (om vi tenker oss at A i ingen av tilfella tenker etter) verte ulik: I kirurgisk presisjon vil spørsmålet vere om det er allmenn kunnskap at følgja av eit slikt stikk inn i hjartet er død, noko som det vel må vere greitt å svare ja på. For hot-head sin del er den vurderinga vanskelegare fordi det er meir opent kva som vert utfallet av eit slikt stikk. Det kunne jo til dømes vere at den typen knivstikking ville treffe eit ribbein og dermed såre, men ikkje drepe.
Det kan godt innvendast at lagmannsretten skulle sagt meir om karakteren av stikket og ikkje minst i kva grad treffpunkt mot kroppen var kontrollert eller ikkje, noko som vi har sett vert utgangspunkt for forsettsvurderinga. Men ein kan heller ikkje utan vidare utan vidare fokusere som Høgsterett synest gjere, på utfallet, altså måten kniven konkret råka offeret sin kropp. At utfallet vart slik, er ganske enkelt ikkje relevant for vurderinga av kva forsett knivkastaren hadde, og, om det viser seg at utfallet var eit ukontrollert resultat, vil eit slikt fokus forpurre forsettsvurderinga. Då må vi altså i staden litt tilbake i tid, til karakteren av den føregåande handlinga, måten den vart utført på og omstenda for den. Ei rettare forklaring av temaet for den eventuelt allmenne kunnskapen ville då til dømes kunne vere:
Er det allmennkunnskap at det å stikke ein kniv av denne karakteren, ukontrollert på denne måten mot ein annan person sin overkropp, i eit basketak, der vedkommande allereie var knivstukken og slik sett svekka, mest sannsynleg leier til død?
Forsettet må jo som kjent heller ikkje svare til den spesifikke dødsmåten slik den skjedde, berre (etter § 22 bokstav b) til at ein har sett for seg at ei slik følgje som gjerningsskildringa etterspør mest sannsynleg ville inntre.
Bli første kommentator