Overrumpling: Kva skjer eigentleg i HR-2023-2193-A?

Det skjer mykje på området for seksualbrotsverka. Normer og verdioppfatningar er i endring, det offentlege engasjementet knytt til valdtektsproblemet og seksualreform er framleis stort, departementet arbeider med lovframlegg – og Høgsterett avseier fleire saker på området. Den 21. november kom avgjerda i ei sak om såkalla «overrumpling». Saka, dissens 3-2, inviterer til drøfting på fleire plan. Eit sentralt spørsmål er om avgjerda mest treffande er å omtale som ei avklaring av gjeldande rett eller ei slags utvidande reform av § 291.

Særleg ut frå ei tidlegare avgjerd, Rt. 2012.60, relatert til strl. 1902 § 192, har eg tidlegare, mellom anna i Karnov-kommentaren til § 291, lagt til grunn at tilfella omfattast av § 291 om valdtekt. Det er rett nok ei avgjerd av ankeutvalet, men formuleringa der er likevel heilt klar i relasjon til det som saka gjaldt – eit heilt reindyrka tilfelle av ei slik krenking:

«Det alvorligste forholdet er overtredelsen av straffeloven § 192 første ledd bokstav b – voldtekt til seksuell omgang med noen som er ute av stand til å motsette seg handlingen. Domfelte førte en finger inn i fornærmedes vagina uten at hun rakk å avverge handlingen.»

Tolkinga er òg velgrunna ut i frå ordlyden og kva anna som omfattast av § 291. I den nylege avgjerda stadfestar Høgsterett dette. Det er likevel ikkje hovudtema i avgjerda: Spørsmålet var først og fremst om rettsbruken i lagmannsrettsavgjerda i saken var riktig, då denne trakk noko nærare grenser for § 291 i samanhengen. Faktum i saka var det følgande, gjengjeve av Høgsterett i avsnitt 15 (her lett forkorta i starten):

«Natt til … var tiltalte og fornærmede på utestedet … Begge hadde drukket og var beruset. De kjente hverandre ikke, men kom i kontakt med hverandre på dansegulvet. Tiltalte hadde ved tre anledninger tidligere på kvelden forgjeves forsøkt å få fornærmedes oppmerksomhet. På dansegulvet danset de tett med mye kroppskontakt og berøring. Både tiltalte og fornærmede deltok aktivt i dette. Etter at de hadde danset en stund, satte tiltalte seg på en barkrakk rett ved dansegulvet. Fornærmede fulgte etter ham. De pratet sammen og det var en god tone mellom dem, men ingen av dem husket hva som ble sagt. Fornærmede stod etter hvert plassert mellom tiltaltes bein, mens han satt på barkrakken. Tiltalte holdt fornærmede rundt livet og fornærmede holdt på et tidspunkt rundt tiltaltes hals. Det var gjensidig fysisk berøring. … Tiltalte la høyrearmen sin rundt fornærmede og kysset henne på halsen, mens fornærmede hadde hodet på hans skulder. Kort tid etter tok tiltalte venstrehånda raskt inn under fornærmedes korte skjørt, dro trusa til siden og stakk en eller flere fingre opp i skjeden hennes bakfra. Armene til fornærmede var da langs siden og/eller bak henne. Hendelsen kom overraskende på fornærmede, som brått endret ansiktsuttrykk og tok et skritt tilbake.»

Lagmannsretten frifann for valdtekt, men dømte etter § 297 for seksuell handling utan samtykke. Avgjerda vart anka til Høgsterett, som delte seg 3-2 i saka. Fleirtalet i Høgsterett meinte at lagmannsretten hadde bygd på feil rettsforståing, mindretalet såg annleis på det.

Resonnementet til fleirtalet er kort sagt som følgjer: Ordlyden omfattar overraskingstilfelle, og førearbeid og bakgrunnen for at «ute av stand»-tilfella vart flytta inn i valdtektsstraffebodet frå eit anna, mildare straffebod, tilseier òg at tilfella reknast som valdtekt. Det er ikkje grunnlag for å avgrense § 291 til svekka «personlege føresetnader». I tillegg trekk førstvoterande, som målber fleirtalet, fram rettsgodet som straffebodet skal verne (avsn. 28):

«For meg tel det i tillegg tungt at føremålet med straffebodet om valdtekt er å verna mot ufrivillig seksuell omgang. Eg viser i den samanhengen til at straffebod med dette føremålet ifølgje departementet er kjenneteikna av at kontakten vert oppnådd på ein måte og i ein situasjon som utelukkar reelt og fritt samtykke. Eg kan ut frå føremålet ikkje sjå at den fornærma skal ha dårlegare vern fordi årsaka til at vedkomande er ute av stand til å utøva sin seksuelle sjølvråderett, knyter seg til situasjonen, og ikkje til den fornærma sin eigen tilstand. Det er til dømes ikkje gode grunnar til at ein fornærma som vert overrumpla på ein måte som gjer at vedkomande reelt ikkje rekk å protestera eller setja seg imot den seksuelle omgangen, skal ha dårlegare vern enn ein fornærma som søv. Eg kan heller ikkje sjå at det er gode grunnar til at det skal vera mindre straffverdig.»

Vidare: Den begrensa rettspraksisen på området hadde for fleirtalet «avgrensa» rettskjeldeverdi, men vart likevel tek til inntekt for at slike krenkingar faktisk skjer. NOU 2022:21, som i denne samanhengen må omtalast som eit etterarbeid, vert òg teke til inntekt for at overrumplingstilfella vert omfatta. Det same gjer samanhengen med § 297.

At overrumplingstilfelle kan omfattast av § 291 er likevel òg mindretalet einig i, så vi er enno ikkje kome til grunnlaget for dissensen. Den knyt seg til om «frivillig fysisk kontakt før den seksuelle omgangen», har relevans for rekkevidda av straffebodet (sjå avsn. 37 flg.).

Fleirtalet sitt svar er tilsynelatande «nei», men spørsmålsstillinga(ne) er likevel verdt å notere seg. Dei vert formulert særleg to stader. Første gong er i avsn. 17 der det heiter:

«Spørsmålet i saka er om bokstav b omfattar overrumplingstilfelle der den seksuelle omgangen skjedde så raskt og uventa at det reelt ikkje var mogleg for den fornærma å setja seg imot handlinga. I denne samanhengen er det òg eit spørsmål om hendingane som leia opp til den seksuelle omgangen, får innverknad.»

Ein kan merke seg formuleringa «raskt og uventa». Gradvis skjer det likevel ei forskying mot tidsaspektet åleine, sjå til dømes avsn. 28 («reelt ikkje rekk»). Seinare i avgjerda, i avsn. 38, spissast spørsmålet til:

«om det i overrumplingstilfelle er utelukka å domfella etter § 291 bokstav b dersom det har vore gjensidig fysisk kontakt mellom gjerningspersonen og den fornærma før den ufrivillige seksuelle omgangen».

Slikt formulert må jo svaret vere nei: Utelukka kan det openbert ikkje vere. Det interessante spørsmålet er vel eigentleg kva ein eigentleg skal rekne som eit «overrumplingstilfelle», og om ein seksualisert situasjon har noko å seie i den samanhengen. Mindretalet går lengst i eksplisitt å adressere det spørsmålet, ved å trekke eit skilje mellom det som vert omtala som «egentlige overrumplingstilfellene» og andre slike tilfelle. Dermed opnast det for at tilfelle med større eller mindre element av overrumpling kan plassere seg innanfor og utanfor § 291.

Fleirtalet er meir implisitte på dette punktet, mellom anna i samband med at saka visast tilbake til lagmannsretten fordi denne ikkje hadde «gjort ei konkret vurdering av om den tiltalte handla så raskt at den fornærma etter dei konkrete omstenda var ute av stand til å setja seg imot handlinga» (avsn. 49). Skal det vere samanheng i førstvoterande sitt fleirtalsvotum, må vi forstå dette slik at seksualisert kontekst ikkje har noko å seie for denne vurderinga, og at det åleine handlar om ein faktisk har hatt tid til å seie nei eller på anna måte motsette seg det som er å rekne som «meir inngripande seksuelle handlingar» (avsn. 42). Om fleirtalet har tenkt annleis, så synes det dermed ha gått blindt forbi det som er det sentrale spørsmålet i relasjon til «ute av stand»-kriteriet.

Konsekvensen av fleirtalet sitt votum, teke på ordet, synes vere at dette tilfellet no er å rekne som brot på § 291:

Kjærastane A og B ligg i senga nakne. A veit at B helst vil sove, men ønsker seg sex, og tek difor forsiktig initiativ kyss og erotisk stryking på lår og mage (= seksuell handling), noko som B responderer positivt på. A trur framleis at B ikkje vil det skal skje noko meir (= sannsynlighetsforsett om manglande samtykke), men vil gjerne få B i gang og går derfor spontant og utan forvarsel («så raskt….») i gang med å masturbere B ( = seksuell omgang). B avviser A, som «trer tilbake».  

I dømet er det altså ikkje tid til å motsette seg den seksuelle omgangen, og ergo ein tilsynelatande i ein «ute av stand»-situasjon. Med manglande samtykke og sannsynlighetsforsett så er det grunnlag for å domfelle. Skal ein ikkje kome til den konklusjonen, må ein arbeide inn eit slags underliggande samtykke-konstruksjon om «lov til å prøve seg» i nokre seksualiserte relasjonar. Men det er fort det same som å gjeninnføre frivillig seksualisert kontekst som aspekt ved slike vurderingar, og dermed opne for ei meir nyansert vurdering enn å sjå på tidsmomentet allereie.

Uavhengig av om ein meiner det skisserte tilfellet bør vere valdtekt eller ikkje, så har eg for min del ikkje tidlegare sett førearbeid, rettspraksis eller andre kjelder som indikerer at dette har vore å rekne som valdtekt i norsk rett. Enten har ikkje fleirtalet tenkt godt igjennom rekkevidda av det som vert sagt, og dermed utilsikta reformert valdtektsstraffebodet, eller valt å gjere sin eigen seksuallovbrotsreform. Er det siste tilfellet, er her rom for diskusjon både om «timinga» gjeve den pågåande politiske prosessen på området og om relasjonen til lovskravet som tolkingsprinsipp.

Mindretalet sitt votum opnar for meir nyansar i vurderingar av kva tilfelle som skal løftast opp i valdtektsstraffebodet (og tolkar mellom anna nemnte NOU 2022: 21 slik òg). Som analyse av gjeldande rett synes eg mindretalet har dei sterkare korta på hand, mellom anna ved å drøfte samanhengen mellom ulike former for krenkingar. Det kunne òg vore gjort meir ut av. Paragraf § 295 er ikkje så mykje med i spelet, men gjev likevel nyttige perspektiv. Til dømes denne saka frå Høgsterett frå april i år (HR-2023-473-A – Lovdata Pro) gjeld § 295 og ein drosjesjåfør som utførte eit overgrep mot ein kvinneleg passasjer. Faktum vart omtala av lagmannsretten slik (sitert av Høgsterett i avsnitt 10):

B satt med mobiltelefonen da hun merket As hånd på låret sitt. Deretter tok han hånden mot bukselinningen hennes. Han åpnet snøringen og prøvde å føre hånden ned i buksen hennes. B forsøkte å dytte hånden hans vekk og sa stopp, men hånden ‘vendte tilbake’. Etter hvert fikk A hånden ned i buksen hennes. Han tok på kjønnsorganet hennes og hadde en eller flere fingre inne i skjeden hennes minst én gang.

B var redd under hendelsen. Hun var redd for at det kunne gå lenger enn til fingring, og hun var redd for å bli kidnappet. Hun satt i en bil uten kontroll på om sjåføren ville stoppe.

A stoppet da B sa at hun ville slippes av hos ekskjæresten sin, mellom [sted3] og [sted4]. Dette var nærmere enn hjem til henne og hun ba derfor om å bli satt av hos ham. A stoppet bilen da hun ba om det. Hun ble bedt om å betale, betalte og gikk ut av bilen.

Denne krenkinga – som eg for min del vil rekne som meir alvorleg enn den som var utgangspunkt for overrumplingssaka – fekk då ei øvre strafferamme på 6 år, medan strafferamma for valdtekt er (minst) 10 år. Det er noko overraskande at fleirtalet ikkje gjer nærare vurderingar av den indre samanhengen i kapittel 26. (Saka var i alle fall kjend for førstvoterande, som var med på å avgjere saka frå april). Mangelen på eksplisitt refleksjon over den indre samanhengen i kapittel 26 i straffelova syner seg òg i den ovanfor siterte bruken av omsynet til seksuell sjølvbestemmingsrett som argument for løysinga si. Det omsynet er jo grunnlaget for at drosjesjåføren si handling er ei krenking, som eit brot på § 295. På same måte står § 297 om seksuell handling utan samtykke til vern om den seksuelle sjølvbestemmingsretten. Dei tre straffeboda, § 291, § 295 og § 297, fordeler ulike krenkingar av den seksuelle sjølvbestemmingsretten ut frå karakteren av det fysiske overgrepet og omstenda for det. Sagt annleis: Sjølvbestemmingsretten er eit argument for at noko skal reknast som ei krenking. Men argumentet må kvalifiserast om det skal fungere som argument for at krenkinga er ein bestemt type krenking.

Det som særleg saknast i avgjerda er i alle tilfelle ei eksplisitt drøfting av kva vi skal rekne som straffbare «overrumplingar» etter § 291. I den samanhengen er det til dømes freistande å spørje: Kor mykje hadde det å seie at det så langt berre var tale om liten grad av seksuell interaksjon og at handlinga skjedde i det offentlege rom, noko som gjer det mindre nærliggande å forvente seg eit slikt seksuelt framstøyt som i denne saka? Kor langt kan ein generalisere ut slik fleirtalet synes gjere? Ville Høgsterett først vere «offensive» i si tolking, så hadde eg òg gjerne sett ei tolking av i kva grad § 295 og «misbruk av … tillitsforhold» kan vere aktuelle i slike saker. Å vere intim med nokon er jo nettopp det: å gje nokon tillit til å behandle ein på ein fin måte.

Lærdomen får verte: Gå ikkje for fort fram.

 

Takk til gode kollegaer for å ha diskutert saka og kommentaren med meg.

 

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.