Høgsterett på gjengrodde stiar? Årsakskrav, rettsstrid og samtykke – del 2

I førre post om dette emnet vart straffeboda i § 316 og § 309 drøfta. Kva så med det andre straffebodet Høgsterett har identifisert eit tilsynelatande eige årsakskrav for, § 295 om misbruk av overmaktsforhold. I HR-2023-1639-A går, som vi skal sjå, Høgsterett òg ut over analyse av krava i det spesifikke straffebodet og uttalar meir generelt om årsakskravet i strafferetten og behovet for «tolkning» av det i det konkrete tilfellet.

Saka er i seg sjølv noko spesiell: Den omhandlar ein politimann som hadde seksuell omgang med fleire kvinner som vedkommande hadde kome i kontakt med gjennom stillinga som politi. Høgsterett omtalar det som i fleire av tilfella å vere tale om «røff og utfordrende sex med betydelige elementer av det som omtales som BDSM – bondage, dominans, sadisme og masochisme». Politimannen vart tiltala for valdtekt av to av kvinnene etter § 291 jf. § 292, og, for den seksuelle omgangen med fem andre kvinner, misbruk av overmaktsforhold etter § 295. Tiltalte var òg tiltalt for nokre andre forhold. I denne kommentaren er det berre spørsmåla knytt til § 295 som vert omtala.

Berre så det er sagt; i denne saka knytt til § 295 er relasjonen mellom årsaksspørsmålet og rettsstrid meir komplisert enn i den førre saka. Som vist i den førre bloggposten om temaet, er årsakskravet klart ikkje å tilrå som spor for å avgrense straffebodet i § 316 om kjøp av seksuelle tenester og § 309 om kjøp av seksuelle tenester frå barn: Rettsstridssporet gjev rom for ei normativt sett heldigare avgrensing av straffansvaret, og let seg godt foreine med utgangspunkt i førearbeida. Når spørsmålet vert meir komplisert for § 295 sin del, heng det saman med at der forbodet mot kjøp av seksuelle tenester i stor grad er gjeve av omsyn til kollektive interesser, står § 295 til vern om einskildindividet og denne sin seksuelle autonomi (meir om det i denne artikkelen). Dermed vert det meir nærliggande å fokusere på korleis handlemåten har verka på individet.

For å undersøke korleis Høgsterett ser på samanhengen mellom årsak, rettsstrid og samtykke for § 295 sin del, må vi gå relativt nøye gjennom resonnementet.

Høgsterett går i saka nærare inn i § 295, som verken har vore gjenstand for mykje rettspraksis eller for «dogmatisering» og analyse i litteraturen. I så måte er saka nyttig, samstundes som det er grunn for å vere varsam med sterke konklusjonar om gjerningsskildringa. Til det høyrer det, som vi skal sjå, òg at gjerningsskildringa i straffebodet er kompleks.

Avgjerande for om det er tale om brot på § 295, er om nokon «skaffer seg eller en annen seksuell omgang, eller får noen til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg sjølv» gjennom – «ved» – eitt av tre bokstavalternativ. Av desse er det a) som er det relevante alternativet: «misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold». Som Høgsterett peikar på, må det altså vere ein (årsaks)samanheng mellom misbruket av stillinga (som det her handla om) og at ein oppnår seksuell omgang (avsn. 25). Høgsterett siterer så ein lengre passus frå førearbeida til lovendringa i 2000 (Ot.prp. nr. 28 (1999-2000) s. 113), som òg vart sitert i førearbeida til straffelova 2005 (Ot.prp. nr. 22 (2008-2009) s. 236):

«Hva som skal regnes som misbruk, vil være situasjonsbetinget. Generelt vil det regnes som misbruk dersom gjerningspersonen på en utilbørlig måte utnytter sitt overmaktsforhold til å skaffe seg seksuell omgang med fornærmede, f.eks. som dennes lege, psykolog eller støttekontakt. Relevante faktorer ved vurderingen vil være partenes alder, erfaring og opptreden, herunder hvilken overlegne posisjon dette har satt gjerningspersonen i overfor fornærmede. Herav følger at ikke alle forhold mellom personer hvor den ene part står i et overordningsforhold til den andre, omfattes. Situasjonen vil kunne stille seg annerledes dersom partene uavhengig av den enes overmaktsforhold, har seksuell omgang, f.eks. som følge av at det utvikler seg et alminnelig kjærlighetsforhold. Begrunnelsen for straffebudet – vern av personer som står i et underordningsforhold til annen person – vil da ikke lenger gjøre seg gjeldende.»

Høgsterett presiserer i forlenginga at kjærleiksforhold ikkje er det einaste tilfelle der seksuell omgang mellom personar i ein «overmaktsforhold»-relasjon, som fell utanfor straffebodet. I tillegg omformulerast departementet si formulering om «på en utilbørlig måte utnytter sitt overmaktsforhold» til eit poengtert krav om «utilbørlig utnyttelse» (avsn. 31).

Høgsterett går så vidare til årsaksspørsmålet, og startar då med å sitere førearbeida til straffelova 2005 på at den seksuelle omgangen må vere «oppnådd på en måte som utelukker reell frivillighet» (avsn. 43). I forlenginga av det kjem den generelle påpeikinga om årsakssamanheng i strafferetten som nemnt innleiingsvis (avsnitt 33):

«Her presiseres altså at det gjelder et krav om årsakssammenheng. Som fremhevet i HR-2022-1271-A avsnitt 57 har spørsmål om årsakssammenheng likevel en annen funksjon i strafferetten enn i erstatningsretten. Der det gjelder et årsakskrav, må innholdet i kravet utledes ved en tolkning av den enkelte straffebestemmelsen og ikke ut fra en allmenngyldig lære om krav til årsakssammenheng.»

Høgsterett presiserer òg at seksuell omgang som «i utgangspunktet er frivillig», kan omfattast, noko som vert forklart gjennom motsetnad til valdtektsstraffebodet. Avgjerande er om det er «reell frivillighet». Her vert er det ikkje så lett å følgje Høgsterett. Den ein måte å få grep om denne distinksjonen mellom om handlinga berre «i utgangspunktet er frivillig» eller om det er tale om «reell» frivilligheit, er å forstå det som eit skilje mellom det vi kallar faktisk versus verksame samtykke (sjå Frihet, forbrytelse og straff s. 208-220). Men det kan samstundes ikkje vere eit grensemerke mellom valdtekt etter § 291 og misbruk av overmaktsforhold etter § 295. Det er lett å tenke seg valdtektstilfelle der det føreligg eit faktisk samtykke, som ikkje er reelt: Den som vert truga og derfor går med på å utføre seksuelle omgang med gjerningspersonen vil jo «faktisk» samtykke, men utan at det er tale om eit «reelt» samtykke. Kort sagt eignar neppe eit slikt klart skore skilje grensedraging mellom desse to straffeboda.

Samstundes synes det klart at samtykke-aspekt har relevans. Paragraf 295 er generelt prega av å ramme tilfelle – vel er det som Høgsterett forsøker å få fram her – der det er for svakt grunnlag for å vurdere handlinga som eit uttrykk for individet sin seksuelle autonomi, sjølv om der kan vere element av det (som i denne saka, som vi skal sjå). Det typiske for valdtektstilfella er at det heilt manglar eit slikt uttrykk.

Høgsterett legg til (avsn. 35):

«Det må igjen sees i sammenheng med misbrukskravet. Det må foreligge en utilbørlig utnyttelse av overmaktsforholdet, og dette må ha bidratt til fornærmedes valg om delta i den seksuelle omgangen på en slik måte at valget ikke er basert på reell frivillighet.»

Etter omtale av forsettskravet (avsn. 36-27) går Høgsterett over til den konkrete sak, inkludert den mindre heldige omtalen av eventuelt forsett som drøfta i ein tidlegare bloggpost. I noverande post er det drøftinga av post II c om § 295 (avsn. 38-53) vi skal konsentrere oss om. Opptakten til den seksuelle omgangen som posten omhandla vart av lagmannsretten skildra slik:

«Da fornærmede forut for samleiet tiltalen gjelder sendte screenshot av meldingen til tiltalte, spurte hun om dette var noe han faktisk kunne tenke seg å gjøre. Etter dette sendte han meldinger til henne på Signal og Snapchat med spørsmål om hva hun var interessert i seksuelt og med opplysning om hva han var interessert i. Hun deltok i meldingsutveksling om dette.

Om kvelden 22.06.2019 drakk fornærmede alkohol. Etter hvert kontaktet hun tiltalte og lurte på om hun kunne komme på besøk. Han sa ja, men satte som betingelse at hun kom uten truse, og ba om at hun tok med glidemiddel. Hun hadde imidlertid ikke glidemiddel, og tok derfor ikke det med.

I begynnelsen av besøket satt de og pratet og hun fortsatte å drikke. Han drakk også litt. På et tidspunkt tok han initiativ til sex. Han tok fram gapestokken og hun ble plassert i den. Deretter gjennomførte han vaginalt og analt samleie med henne. På et tidspunkt pisket han henne med et tau. Fornærmede hadde ikke erfaring med slik seksuell praksis, og opplevde det som skjedde som smertefullt og nedverdigende.»

Tingretten hadde frifunne for dette, mellom anna med vekt på at han på tidspunktet ikkje hadde noko aktiv rolle i relasjon til henne, og at det var ho som oppsøkte han ved det konkrete tilfellet. Det kan leggast til at det òg synes å ha vore ein viss grad av samtykke til den seksuelle omgangen, elles måtte det her vere tale om eit tilfelle av valdtekt.

Lagmannsretten kom derimot til det motsette resultatet, eit resultat Høgsterett ikkje hadde noko å innvende på (ut over at lagmannsretten burde kommentert relevansen av at ho oppsøkte han). Lagmannsretten grunngav avgjerda mellom anna slik:

«Fornærmede hadde hatt en vanskelig oppvekst, tilhørte rusmiljøet i [sted] og var på denne tiden i en vanskelig personlig situasjon, mens tiltalte var en sentral person i narkotikapolitiet i [sted]. Da den seksuelle omgangen fant sted var hun 21 år mens tiltalte var 34 år. Hun hadde dessuten drukket før hun kom, og fortsatte å drikke. Av betydning er også at han fikk henne med på svært røff sex, som hun ikke tidligere hadde erfaring med, og som hun opplevde som smertefullt og nedverdigende

Denne grunngjevinga er meir prega av skildring av ei utnytting av maktubalanse enn av åleine manglande samtykke og/eller samtykkekompetanse på offeret si side. Grensedraginga for straffebodet i slike tilfelle er i alle fall vanskeleg å formulere som eit (tilpassa) årsakskrav. Det gjerne springande punktet i overmaktsforholdet – politirelasjonen – synes berre ein del av eit større årsakbilete, som vert nytta av Høgsterett i samanheng med ei breiare normativ vurdering der ein ser på både gjerningspersonen sin handlemåte og i kva grad og på kva måte offeret har samtykka til den i den aktuelle situasjonen. Som det heiter i den generelle omtalen: det er ikkje berre «overmaktsforholdet», men den «utilbørlig utnyttelse» det som «må ha bidratt til fornærmedes valg om delta i den seksuelle omgangen på en slik måte at valget ikke er basert på reell frivillighet» (avsn. 35, mi utheving). Lagmannsretten, med aksept frå Høgsterett, trekk samstundes på element av både «stilling», «avhengighetsforhold» og «tillitsforhold» i den vurderinga. Som det heiter i dei siterte førearbeida er vurderinga her sterkt «situasjonsbetinget». I alle tilfelle kan ein likevel seie at noko kvalifisert eller (for § 295) konkret tilpassa årsaksvurdering er det vanskeleg å lokalisere.

Å tenke i eit slikt årsaksperspektiv er kanskje nærliggande for det som kan omtalast som kjernetilfelle av § 295, der til dømes ein psykolog bruker terapirolla til aktivt å «drive fram» ein seksuell relasjon til sitt offer, som på grunn av lojalitet og tillit til terapeuten går med på det. Då dominerer jo misbruket av overmaktsforholdet heilt og gjer det utvilsamt at § 295 kjem til bruk. Men i denne saka er vi (som usemja mellom tingrett og lagmannsrett avspeglar) meir i periferien av § 295. Grunngjevinga til lagmannsretten handlar mykje om faktorar som «svekker» samtykke/-kompetansen til offeret og skapar ein situasjon der det representerer «utilbørlig utnyttelse» av politimannen, sett òg opp mot den konkrete karakteren av den seksuelle omgangen.

Særleg i slike yttertilfella av § 295 synes eg vi fangar inn vurderinga betre ved å spørje om det konkrete «overmaktsforholdet» har virka med til at det kjem til seksuell omgang (noko det openbert hadde i denne saka), og i tilfelle, om handlemåten samla sett representerer «utilbørlig utnyttelse» av dette forholdet til å skaffe seg den aktuelle seksuell omgangen med motparten i den konkrete situasjonen.

I så fall er vi tilbake til observasjonane frå førre bloggpost: Det generelle årsakskravet i strafferetten ligg fast. Ut over det styrast rekkevidda av straffebodet av utprega rettsstridsvurderingar. Samstundes: Om den for straffebodet mest relevante premissen (i førre bloggpost vederlaget, her overmaktsforholdet i form av politirolla) er dominerande i årsaksbiletet, så vil denne rettsstridsvurderinga lett slå ut i favør av brot på straffebodet. Bruk av straffeboda krev samstundes ikkje at denne premissen dominerer årsaksbildet, noko denne saka illustrerer.

Vurderingar etter § 295 er lettare å forstå slik:

  • Forelåg det eit overmaktsforhold i form av «stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold»? Her kan ein svare ja på grunnlag av at domfelte A var «en sentral person i narkotikapolitiet» og dermed knytt til eit miljø som D var relatert til og hadde òg hatt omfattande kontakt med henne i den samanhengen.
  • Verka det overmaktsforholdet med til at A og D hadde seksuell omgang (årsakskrav)? Det synes greitt å konstatere at det var det, ettersom det var del av bakgrunnen for at D initierte kontakten med A.
  • Misbrukte A dette overmaktsforholdet til ha seksuell omgang med D gjeve omstenda (breiare normativ vurdering med referanse til karakteren av overmaktsforholdet og dei involverte partane og deira relasjon, situasjonen for handlinga, graden av aktiv bruk av overmaktsforholdet som verkemiddel for å oppnå seksuell omgang og element av samtykke frå den «underordna»)?

Skal ein leike litt med orda her, kan ein til og med seie at årsakskravet i 2) handlar om overmaktsforholdet vart «brukt» til å skaffe seg seksuell omgang , rettsstridsvurderinga i 3) om det vart «misbrukt» i så måte på eit vis som gjev grunnlag for bruk av § 295.

Med denne strukturen får ein betre identifisert vurderingstemaet for den nærare vurderinga etter 3) som til sist vert avgjerande for om straffebodet skal kome til bruk. Det ville gjerne òg gjeve betre grunnlag for å diskutere til dømes kva vekt det skal ha at politirolla her danna meir av ein bakgrunn for den aktuelle situasjonen som resulterte i seksuell omgang og at det var D som kontakta A ved det konkrete tilfellet. Uavhengig av det, så synes det klart Høgsterett sin inngang til spørsmålet gjennom eit årsaksperspektiv ikkje er nyttige for at vi skal kunne gjere dei vurderingane som både lovtekst og førearbeida inviterer til. Ingen av sakene gjev oss grunn til å snakke om eit særleg årsakskrav i relasjon til desse straffeboda, tvert om gjer den inngangen det vanskelegare å forstå og vurdere resonnementa i avgjerdene.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.