Utfordringa frå Sverige?

Situasjonen i nabolandet vårt er ein skremmande kontrast til biletet vårt av dei fredelege, trygge og gode nordiske samfunna vi lev i. Slike utfordringar vil raskt få oss til å vurdere nye strafferettslege tiltak. Justisministeren er allereie på bana. Men når det kjem til kva vi her skal gjere, kan vi ha litt å hente frå historia om framveksten av den nordiske strafferetten.

Under eineveldet var strafferetten autoritær. Makta låg åleine i kongen sine hender, og retten til å straffe har alltid vore makthavarane si viktigaste form for maktutøving i det sivile samfunnet. Så vaks den liberal rettsstatsideen fram. Med filosofen Kant vart individet sine rettar strafferetten sin grunnleggande ide. Men det innebar ikkje at staten vart uviktig, tvert om; ifølge Kant står vi alle under ein grunnleggande plikt til å gå saman i og vere i staten, og respektere dei boda den har. Berre i staten kan kvar einskild sin fridom sikrast.

Derfor fordrar staten respekt av oss, og skal sjølv forvalte denne respekten og den autoriteten som staten har som rett. Strafferetten, berar av dei grunnleggande normene i rettsstaten, er avgjerande i så måte. Utfordrar ein den, krenker ein ikkje berre einskildpersonar, men statsprosjektet som eit heile. Straffa er staten sin mektige måte å rette opp det. Eller som vår tidlegare statsminister og monumentale strafferettsprofessor Francis Hagerup sa det: Strafferetten «utbreder den trygge Forvisning om, at Øvrigheden ikke bærer sit Sverd forgjæves, men at den, der tramper Lovens Autoritet under Fødderne, vil faa føle Lovens Arm».

At gjengane nettopp tramper lova sin autoritet under føttene, er vel kanskje det som gjer utviklinga i Sverige så alvorleg. Ei tilsynelatande makteslaus statsmakt gjer rettane til ein kvar av oss utrygge. Staten pliktar då å gripe inn og ta tilbake sin maktposisjon. Då er det grunn til å vurdere strafferettslege endringar som legg til rette for det.

Men leier oss ikkje det lett tilbake til eineveldet sin autoritære strafferett? Ikkje om vi tek med oss òg den andre erkjenninga som den «defensive» nordiske strafferetten er bygd på: «Svärdet släcker icke elden», som den svenske strafferettsprofessoren Alvar Nelson uttrykte det. For å sløkke elden er det andre verkemiddel vi må ty til – nettopp dei som pregar våre nordiske samfunn: inkludering, utdanning, fysisk og psykisk helse, tryggleik, likskap, tillit og bygge sosiale og politiske institusjonar for det.

Vi må forsikre oss om at strafferetten er kapabel til å kunne reagere på den organiserte kriminaliteten. Men samstundes må vi raskt skifte fokus til dei andre viktige grepa vi kan gjere for å bringe individa inn i rettsordninga og skape plass i og allmenn respekt den. Det er eit langsamt og mødesamt arbeide, som ikkje strafferetten kan gjere. I det perspektivet er våre heimlege politiske habilitetsavsløringar kanskje ei større utfordring for oss enn det som skjer i nabolandet.

 

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.