På gjengrodde stiar? Høgsterett om årsak og rettsstrid – del 1

To relativt nye høgsterettsavgjerder rører seg inn i ein historisk sett krevjande tematikk: Forholdet mellom årsakskrav og rettsstrid. Den eine saka er HR-2022-2104-A om såkalla sugardating. Den andre er den heilt nylege avgjerda i HR-2023-1639-A om mellom anna misbruk av overmaktsforhold etter § 295. I begge avgjerdene står argument om eit meir kvalifisert årsakskrav sentralt i Høgsterett sitt resonnement. I den første av desse synes Høgsterett å gjere årsakskravet til den sentrale avgrensinga av straffeboda i § 316 og § 309, om kjøp av seksuelle tenester, i sistnemnte tilfelle frå barn. I den andre av avgjerdene går merknadane her enno litt lenger enn til berre krava i det spesifikke straffebodet. Høgsterett uttalar meir generelt (avsnitt 33):

«Her presiseres altså at det gjelder et krav om årsakssammenheng. Som fremhevet i HR-2022-1271-A avsnitt 57 har spørsmål om årsakssammenheng likevel en annen funksjon i strafferetten enn i erstatningsretten. Der det gjelder et årsakskrav, må innholdet i kravet utledes ved en tolkning av den enkelte straffebestemmelsen og ikke ut fra en allmenngyldig lære om krav til årsakssammenheng.»

Eit spørsmål her er om Høgsterett ikkje slår inn på ein tidlegare prøvd veg, som allereie har vist seg lite gangbar. I alle fall var det utprega for strafferettslitteraturen rundt overgangen til 1900-talet å søke løysingar på avgrensinga av straffansvaret nettopp i årsakskravet. Det viste seg likevel vere ein blindveg. Utprega normative rettsstridsvurderingar viste seg vere både nødvendige og avgjerande for rekkevidda av straffansvaret. Kan det vise seg å vere tilfelle denne gongen òg?

I denne del 1 av denne teksten tek eg for meg den første av dei to avgjerdene, der det altså er straffeboda mot kjøp av seksuelle tenester i § 316 og mot kjøp av seksuelle tenester frå barn i § 309 som er tema. Tiltalte hadde hatt seksuell omgang mot vederlag med fem jenter under 18 år, to av dei fylte 18 i løpet av den aktuelle perioden. Lagmannsretten hadde omtala det meir konkrete «sugardating»-tilfellet slik (referert av Høgsterett i avsnitt 11):

«Relasjonene har få eller ingen elementer av det som karakteriserer et ordinært parforhold. Lagmannsretten peker for det første på den svært store aldersforskjellen, som er fra 34 til 39 år. Han har gitt uriktig informasjon om navn, arbeid, familieforhold mv., og han har krevd diskresjon og hemmelighold. Det er liten grad av gjensidig tillit og fortrolighet. Forholdene er klart ubalanserte: Det er A som gir premissene for hva relasjonen skal bestå i og for møtene. Det har vært opp til ham å avgjøre om de har riktig ‘kjemi’, det vil si forutsetningen for at han vil velge å gå over i en fase hvor han yter vederlag. Som nevnt har relasjonen bestått i lite annet enn seksuell omgang på et hotellrom.»

Høgsterett deler drøftinga si i tre: årsakskrav, rettsstridsreservasjon og skadefølgeprinsippet. Under rettsstridsdrøftinga i avsnitt 23-30 er spørsmålet om slike sugardating-tilfelle fell utanfor det som straffebodet etter sitt føremål skal omfatte, i første rekke seksuell utnytting av sårbare menneske. Høgsterett er avvisande til ei slik avgrensing – med rette: Det har klart vore lovgjevar sitt utgangspunkt, som òg avspeglar seg i ordlyden i både § 309 og § 316, at det meir generelt skal vere forbode å kjøpe seksuelle tenester. Høgsterett konkluderer slik (avsnitt 30):

«Etter mitt syn er det ikke tvilsomt at kjøp av seksuelle tjenester der årsakskravet er oppfylt, vil være straffbare etter norsk rett, uansett om den som yter tjenesten, er spesielt sårbar eller ikke. Dette gjelder kjøp av seksuelle tjenester fra både barn og voksne. Basert på forarbeidene er det derfor ikke grunnlag for å fastslå at rettsstridsreservasjonen tilsier en innskrenkende tolking av lovbestemmelsene.»

Drøftinga av skadefølgjeprinsippet i avsnitt 31-33 omhandlar eigentleg langt på veg same tematikk, og konklusjonen er der den same.

Dermed vert det altså, slik Høgsterett nærmar seg tematikken, årsakskravet som vert styrande for rekkevidda av forbodet mot å kjøpe seksuelle tenester.

Utgangspunktet for Høgsterett her er eit sitat frå Ot.prp. nr. 48 (2007-2008) s. 11-12, referert i avgjerda i avsnitt 17 (det er eigentleg tale om eit sitat i proposisjonen frå Ot.prp. nr. 28 (1999-2000) s. 86 relatert til ein legaldefinisjon av prostitusjon, noko eg kjem attende til). Departementet avviste her ei mogleg avgrensing av straffebodet til tilfelle der transaksjonen var «tilfeldig», med følgande grunngjeving:

«Såfremt bindeleddet mellom partene i all hovedsak er selve utvekslingen av seksuell omgang eller handling mot vederlag, er det ikke grunn til å avgrense definisjonen av prostitusjon mot disse tilfellene. Faste forhold som i større grad har karakter av vanlig parforhold faller utenfor definisjonen av prostitusjon».

Dette bygger så Høgsterett vidare på. Avsnitta 18 og 22 i avgjerda bør her siterast og lesast i samanheng:

«Forarbeidene viser dermed at det ikke er tilstrekkelig for å konstatere årsakssammenheng at vederlaget har medvirket til den seksuelle omgangen eller handlingen – det kreves noe mer. For at forholdet skal rammes av bestemmelsen, må bindeleddet i all hovedsak være selve utvekslingen av seksuelle tjenester mot vederlag. Også faste seksuelle forhold mot vederlag omfattes i utgangspunktet, men slike forhold må etter forarbeidene avgrenses mot faste forhold som ‘i større grad har karakter av vanlig parforhold’.»

«Slik jeg ser det, er det ved vurderingen av om handlingene rammes av straffeloven, ikke avgjørende hva forholdet kalles eller hvordan partene kom i kontakt med hverandre. Det avgjørende er om bindeleddet mellom partene i all hovedsak er selve utvekslingen av seksuelle tjenester mot vederlag. Man må dermed vurdere de enkelte tilfellene konkret. Det er derfor ikke nødvendig for meg å gå nærmere inn på innholdet i uttrykket sugardating.»

Synspunkta her synes stemme godt med utgangspunkta frå førearbeida. Men spørsmålet er om det eigentleg er ei årsaksvurdering som vert nytta til å avgrense straffeboda her. Her er nokre ulike kasus som kan vise at det kanskje er langt meir nyanserte, normative vurderingar vi må gjere:

«Indecent proposals» på jobben:

A og B arbeider i ei årrekke på same arbeidsplass og i tilsvarande stillingar. Dei samarbeider profesjonelt og godt om arbeidsoppgåvene, men har ingen privat relasjon. A har over tid vore seksuelt tiltrekt av B, men det er ikkje gjensidig. Når B får behov for 10 000 kr. i samband med eit bilkjøp, tilbyr A å dekke beløpet mot at A får ha samleie med B. Transaksjonen vert utført og dei snakkar aldri om det igjen.

Det er vanskeleg å sjå at dette ikkje skal reknast som eit tilfelle av brot på § 316 frå B si side, trass i at «bindeleddet mellom partene» ikkje kan seiast å vere «i all hovedsak … selve utvekslingen av seksuell omgang eller handling mot vederlag» (mi kursivering). Tilsvarande kan ein seie om dette tilfellet:

A arbeider som snekker og vaktmeister, og har mange oppdrag på massasjesalongen Harde tak. A utviklar ein god dialog med B, som åleine driv salongen. Dei drikk ofte kaffi saman når det er stille i salongen, følgjer kvarandre på sosiale medium og går av og til tur i skog og mark. Etter kvart utviklar A ein mistanke om at B sel seksuelle tenester i salongen. På direkte spørsmål om det er tilfelle, svarar B at det stemmer, og at A til og med kan få kjøpe massasje med «happy ending» for halv pris gjeve den gode relasjonen mellom dei. A slår til.

Heller ikkje her er bindeleddet mellom partane i all hovudsak sjølve utvekslinga av seksuell omgang mot vederlag. At A skal vere friteken frå straffansvar er likevel vanskeleg å forstå.

Kan ein då ikkje i staden forklare straffansvar i desse tilfella med at i begge tilfella er det isolert sett vederlaget som er den heilt dominerande årsaksfaktoren for at A i det konkrete tilfellet oppnår seksuell omgang? Jo, kanskje det. Men kva då med dette tilfellet:

«Dinner & wine»

A og B har ein etablert kjærleiksrelasjon, med eit aktivt seksualliv. A arbeider likevel mykje og tener godt med pengar, medan B er meir glad i det godet livet. Ein kveld vil B at A skal ta med seg B på byen og spandere eit fancy måltid på luksusrestauranten Mange kroner, og drikke frå den eksklusive vinkjellaren der. A svarer: «Om eg skal gidde å spandere 10.000 på ein kveld på byen, så får du tilfredsstille meg seksuelt først og det med innleving». Etter ein time der B, trass ikkje eigentleg å vere i humør for det, gjer alt A vil, vendast fokus resten av kvelden til kulinarisk tilfredsstilling.

Her må vi seie at det – isolert sett – er det A sitt vederlag som fører til at A oppnår seksuell omgang. Likevel er dette tilfellet ikkje straffbart, då det her er det ein etablert seksuell relasjon og eit fast parforhold med fleire strengar å spele på. Her må omsynet til partane sitt privatliv og positive seksuelle autonomi, altså retten til sjølv å definere korleis den seksuelle samhandlinga mellom dei skal vere. (Rekkevidda av EMK artikkel 8 er eit tema her, men ikkje eitt vi skal gå inn på her.)

Desse døma viser at vi verken kan isolere vurderinga til om vederlaget er avgjerande for at personane er i kontakt med kvarandre meir generelt eller til om vederlaget isolert sett er den dominerande årsaka til at det i det konkrete tilfellet kjem til seksuell omgang, om vi vil nå ei adekvat avgrensing av straffebodet.  I tillegg kan vi tenke oss eit ytterlegare tilfelle, som viser at vederlaget til og med kan vere mindre av betydning for at det kjem til seksuell omgang:

Hemmeleg beundrar

Den berømte artisten A er på hotellrommet etter ein konsert. B er innom rommet for å levere mat. A skulle til å ringe ein hallik i byen som har fasilitert for A sine tidlegare kjøp av seksuelle tenester i byen. Då A ser B, tenker A at B får duge og seier: «Du er hot. Du får 15.000 for eit ligg her og no.» B er ein stor fan av A, og har lenge fantasert om å ha sex med A. B ville utan vidare hatt sex med A sjølv utan betaling, men ser samstundes på sjansen til å tene 15.000 som ein fin bonus på det heile og seier difor berre «OK». A og B har samleie og etterpå får B pengane og går.

Her har i alle fall ikkje vederlaget vore sentralt for B sitt samtykke å ha seksuell omgang. A kan kanskje ha tenkt at det var det for B, men det ville vore kunstig å rekne dette som eit forsøk på kjøp av seksuelle tenester. Vederlaget har trass alt verka med til at A får seksuell omgang, og det synes ikkje vere grunn til å skjerme eit slikt tilfelle mot å råkast av straffebodet om kjøp av seksuelle tenester.

Døma ovanfor viser at årsakskonstellasjonane kan variere og at det òg er andre moment enn akkurat årsaksfaktorane som direkte leier til seksuell omgang som er av betydning for rekkevidda av straffansvaret. Det er her samstundes verdt å merke seg at proposisjonane som er vist til, for sin del ikkje eksplisitt omtalar det vi her arbeider med som eit kvalifisert årsakskrav. Tvert, om den utsegna i proposisjonen som Høgsterett bygger på, er tvert om primært relatert til å gjere klart at òg «faste kunder» skal omfattast av straffansvaret, jf. Ot.prp. nr. 28 (1999-2000) s. 86 (merk formuleringa «mot disse tilfellene» i det siterte frå proposisjonen/ane.)

Går vi igjen til proposisjonen frå då straffebodet mot kjøp av seksuelle tenester vart innført, Ot.prp. nr. 48 (2007-2008), og ser på merknadane der på. s. 18, noko Høgsterett ikkje gjer, så finn vi att synspunktet, men då òg følgt opp av ei avsluttande setning: «Vurderingstemaet er om det er tale om kjøp og salg av seksuelle tjenester»

Det seier kanskje ikkje så mykje, men er likevel ein tydeleg indikasjon på at avgrensinga av straffebodet krev noko slags meir heilskapleg vurdering. Og vi løyser vi nok dei mange ulike tilfella som kan dukke opp best med å ta utgangspunkt i at vederlaget har verka med til den seksuelle omgangen, slik at årsakskravet dermed er oppfylt, og så ta med oss den nærare karakteren av årsaksbildet inn i ei breiare rettsstridsvurdering (sjå vidare kapittel 6 og 8 i Gröning, Husabø og Jacobsen, Frihet, forbrytelse og straff, 3. utgave 2023). Utgangspunktet vil der vere at lovgjevar har generelt ønska å kriminalisere sal og kommersialisering av seksuelle tenester, særleg – men ikkje berre – av omsyn til risikoen for utnytting av sårbare menneske og offer for menneskehandel. Er vederlaget dominerande for at det i det konkrete tilfellet kjem til seksuell omgang, tilseier det at tilfellet er rettsstridig – men alt står og fell som vist ikkje med akkurat det.

Eit klart døme er straffritt vederlag for bidrag til innspeling av pornografisk film. «Sugardating»-tilfella, som var tema i denne saka, kan for sin del kome i ulike variantar, der nokre fell innanfor og nokre utanfor det straffebodet omfattar. I Ot.prp. nr. 28 (1999-2000) s. 117 uttalar departementet då òg: «Men blir kontakten fast og/eller langvarig, blir grensen mot forhold som faller utenfor prostitusjon, vanskeligere.» Tilfella må til sist, som Høgsterett sjølv altså seier det, vurderast konkret, og til dømes løysinga som Høgsterett kom til for den konkrete saka er det ingenting å utsette på. Vi får samstundes gode generelle utgangspunkt for slike vurderingar ved å trekke opp normative retningslinjer ut frå føremålet til straffebodet, karakteren av årsaksbildet, relasjonane mellom partane og så vidare.

For § 316 og § 309 sin del i alle fall, treng dei som vil forfekte eit slikt rettsstridssynspunkt – som eg har gjort det i Karnov-kommentarane til § 316 og § 309 – ikkje seie som Hamsun; «I dag har Høiesteret dømt, og jeg ender min Skrivning.». Tanken om å laste avgrensinga av desse straffeboda inn i årsakslæra er ein gjengrodd sti som vi godt kan la vere nettopp det. Rettsstridsorienteringa er meir fungerande for å fange inn gjeldande rett. Om Høgsterett si tilnærming treff betre i relasjon til § 295, eit straffebod av  ein noko anna karakter enn straffeboda mot kjøp av seksuelle tenester, vert tema for del 2 av denne teksten.

 

En kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.