HR-2024-1201-A gjeld straffutmåling i ei sak om brot på § 296 om seksuell omgang med innsette mv. i institusjon, i form av minst 30 samleie over ein periode på ca. fem månader, med ei ung jente plassert i barnevernsinstitusjon. Tiltalte vart domfelt både i tingretten og i lagmannsretten, men sistnemnte skjerpa straffa frå fengsel i eitt år til tre år og tre månader, altså ei ganske så vesentleg straffeskjerping samanlikna med tingretten si avgjerd. Straffutmålinga vart anka til Høgsterett, der det vart dissens, 3-2, om kva straffa skulle verte (men ikkje om rettstapet etter § 56, som eg ikkje går nærare inn på her). Mindretalet på to stemte for ei straff på i utgangspunktet to år, altså ei mildare straff enn lagmannsretten hadde dømt til. Fleirtalet på tre dommarar tok derimot utgangspunkt i ei straff for brotsverket på tre og eit halvt år, men med eit frådrag på to månader på grunn av sakshandsaminga og rettstapet. Anken vart dermed vraka. Usemja i Høgsterett avspeglar meir grunnleggande utfordringar med § 296 som inviterer til eit vegval av lovgjevar som del av ein føreståande revisjon av kapittel 26 i straffelova.
Fleirtalet resonnerer kort sagt slik (tal i parentes er til avsnitta i avgjerda): § 296 har særtrekk samanlikna med andre brotsverk i kapittelet: Straffebodet rettar seg mot handlingar i institusjonar der maktforholdet mellom den innsette og den tilsette er «spesielt skeivt», og understrekar «det særlege ansvaret som er knytt til stillingar i visse institusjonar» (12). Straffebodet vert forstått som primært å skulle gje vern om den innsette eller institusjonsplasserte, som mellom anna vert omtala som «offeret for brotsverket» (13). (For kollektive – tidvis omtala som offerlause – brotsverk vil det vere dei offentlege eller kollektive goda eller interessene som vert krenka, til dømes slik vegtrafikklovgjevinga først og fremst vernar om ein ordna og trygg trafikk, ikkje primært den einskilde trafikkanten.) Det påfølgande avsnittet (14) viser likevel ein viss ambivalens her:
«Etter straffelova § 296 er det ikkje rom for ei vurdering av om det faktisk har vore misbruk eller utnytting av offeret, slik det er etter straffelova § 295. Hovudtanken med straffebodet i § 296 bokstav a er at all seksuell omgang i slike tilfelle skal reknast som utnytting av den som oppheld seg i institusjonen. Straffebodet er også gjeve av omsyn til den særskilde samfunnsoppgåva institusjonen har. Eit samtykke gjer difor ikkje handlinga rettkomen – til dømes om det er eit kjærastforhold mellom personane. Det er heller ikkje avgjerande kven som har teke initiativet til den seksuelle omgangen. For dette straffebodet kan dette eventuelt berre ha vekt ved utmålinga.»
Desse synsmåtane vert viktig for straffutmålinga. Etter å ha omtala lovhistorikken, og peika på at straffebodet dekker tilfelle av særs ulikt alvorsgrad, klargjer førstvoterande at det ikkje er relevant praksis å trekke på i utmålinga og at det heller ikkje gjeld noko normalnivå.
Dermed vert det dei meir generelle prinsippa for straffutmåling som førstvoterande må vende seg til; «prinsippa om proporsjonalitet mellom lovbrot og straff og forholdet til andre samanliknbare lovbrot» (22). I relasjon til andre straffebod, så ser førstvoterande overføringsverdien frå valdtektsstraffebodet (valdtekt til samleie, meir presist) som «avgrensa». Av gjeldande straffebod er det først og fremst § 295 som vert vurdert som relevant; deler av praksis knytt til det straffebodet har det førstvoterande omtalar som «element av institusjonelt omsorgsansvar», og kunne difor gje «monaleg rettleiing» (23). Gjennomgangen av den praksisen viser at «brot på straffelova § 295 blir straffa strengt i omsorgssituasjonar» (28). Derfrå går førstvoterande over til den konkrete saka, som var alvorleg. Det var for fleirtalet vanskeleg å tenke seg eit grovare brot på § 296 (33), Det følgande frå lagmannsretten si avgjerd, som Høgsterett gjengjev (29), får tydeleg fram alvoret i saka:
«Hun var plassert på X på grunn av sammensatte vanskeligheter, deriblant uheldige seksuelle relasjoner til andre og eldre menn. Hva tiltalte hadde eksakt kunnskap om er uklart for lagmannsretten. Men som utdannet sosionom og flere års arbeidserfaring med denne brukergruppen, er det ingen tvil om at han visste at fornærmede var særskilt sårbar. Det kan som nevnt ikke utelukkes at det var hun selv som tok initiativet til den seksuelle kontakten mellom dem. Men i den brukergruppen hun tilhørte, er det ikke uvanlig at dette skjer. At fornærmede også utviklet følelser for tiltalte, som da var 33 år gammel, er heller ikke unormalt. Men det er nettopp i slike situasjoner det er avgjørende at den voksne profesjonelle forholder seg til brukeren på en profesjonell måte. Det er nettopp slik atferd straffebudet skal hindre. I nærværende sak er det først i ettertid at fornærmede forstod at relasjonen var uheldig for henne. Også dette er typisk for denne type overgrep.»
Fleirtalet framhever ei form for planmessig utnytting av rolla som tilsett ved institusjonen, noko som klart er skjerpande. Element av samtykke i saka vart derimot ikkje vurdert som formildande (32):
«Det er gjort gjeldande at det må få vekt ved straffutmålinga at B samtykte i den seksuelle omgangen, og at lagmannsretten ikkje utelukka at det var B sjølv som tok initiativet til omgangen. Etter mitt syn kan dette klart ikkje vera formildande når brotet på § 296 skjer overfor ei sårbar 16 år gamal jente som er plassert i ein barnevernsinstitusjon. Omsorgssvikt er gjerne hovudårsaka til at born er på ein slik institusjon. Mangelen på omsorg gjer samstundes at slike born gjerne vil ha ei omsorgssøkjande framferd i den sårbare alderen og livssituasjonen dei er i. Det er viktig for dei å bli lagde merke til av vaksne – å bli sett. Seksuell framferd i denne formande livfasen er ein del av dette. Eg viser her til det eg nettopp har sitert frå lagmannsrettens dom, og som eg sluttar meg til. At det utviklar seg til eit kjærastforhold eller liknande, kan berre vera eit formildande omstende mellom vaksne i § 296-saker …»
Om enn godt forankra i rettskjeldene, så er der likevel ei meir underliggande (prinsipiell) innvending mot fleirtalet sitt syn på grunngjevinga for straffebodet: Dersom ein først skyv individvernet fram som det sentrale ved straffebodet, og dermed gjer institusjonsomsynet sekundært, er det vanskeleg å sjå samtykkeaspektet som så lite relevant, i alle fall ikkje i straffutmålinga. Fleirtalet avviser generelt relevansen av kjærleiksforhold der det er eit barn involvert. Det gjev først meining om ein forstår jenta, og born i denne situasjonen som heilt å sakne samtykkekompetanse. Nettopp slik kan ein lese fleirtalet.
Men det skapar ei ny prinsipiell utfordring (som vi kan pakke ut utan å ta omsyn til saka og dei prosessuelle skrankane for ei ankesak som denne): Om det er tale om samleie med eit born som heilt manglar samtykkekompetanse, vert spørsmålet om det ikkje ville vere meir adekvat å tenke i retning av slike tilfelle som i alle fall brot på § 295 c) om å utnytte en person under 18 år i en særleg sårbar livssituasjon. Paragraf 295 c) markerer, om denne kunne brukast, tydlegare at det er tale om ei krenking av barn i ein sårbar livssituasjon, eit poeng som står så sentralt i fleirtalet sitt resonnement. (Kanskje vi til og med nærmar oss noko som kunne likne på eit «ute av stand»-tilfelle, slik Høgsterett i seinare tid har tolka det alternativet i § 291 – og dermed eit straffebod som altså fleirtalet ser liten overføringsverdi frå.) Sagt annleis; dersom individvernet står i sentrum og jenta vert vurdert som å mangle samtykkekompetanse i slik grad at det ikkje eingong er rom for å ta omsyn til samtykkelementa i straffutmålinga, kvifor er då i det heile § 296 ei adekvat klassifisering av tilfellet?
Argumentet ein står att med for å sjå det som eit tilfelle av nettopp § 296 – og i forlenginga å sjå vekk frå samtykkeelementa i ei straffutmåling som resulterer i ei streng straff – er det særlege institusjonelle aspektet knytt til funksjonane til og tilliten til slike institusjonar, og relatert, dei særlege pliktene som ligg på dei som arbeider i slike institusjonar (eller; som ein tek på seg ved å ta arbeid i ein slik institusjon). Det er først med det i sentrum at det vert grunn til så kategorisk å avvise samtykke-element som det førstvoterande gjer: dette er interesser som jenta klart ikkje kan rå over. Men då rykker altså det som i utgangspunktet er tenkt som det sekundære omsynet fram som det primære for klassifiseringa av og straffutmålinga i tilfellet. På denne måten kan ei sjå ein slags prinsipiell ambivalens i resonnementet til fleirtalet, men som først og fremst avspeglar noko uavklart frå lovgjevar si side.
Korleis handterer mindretalet spørsmålet? Mindretalet går for ei vesentleg lågare straff, då utgangspunktet for forståinga av straffebodet er vert eit anna. For fleirtalet er det nettopp det institusjonelle omsynet som utgjer grunngjevinga for straffebodet (avsn. 50-51):
«Straffelova § 296 skil seg frå dei fleste andre straffeboda i kapittelet om seksuallovbrot ved at han råkar heilt friviljug seksuell omgang mellom personar som er over den seksuelle lågalderen. Difor tek straffebodet i utgangspunktet ikkje sikte på å verne den seksuelle sjølvråderetten. … Siktemålet er fyrst og fremst å oppretthalde orden og å bevare tilliten til dei institusjonane som er opprekna. Rett nok er det i dei situasjonane som § 296 omfattar, klår risiko for at den tilsette har skaffa seg den seksuelle omgangen ved misbruk av stillinga si eller ved å utnytte den som er innsett eller plassert. Men det må ikkje provast at handlingane har skjedd på den måten, slik det må gjerast for å kunne dømme for brot på § 295.»
Mindretalet tek då utgangspunkt i ei straff på eitt års fengsel, men skjerpar den til to år på grunn av alderen til jenta, at ho var særs sårbar og at handlingane skjedde under omsorg. Mindretalet peiker òg på at det ikkje er prova misbruk eller utnytting som nemnt i § 295, og at det var trekk av ei form for kjærleiksrelasjon mellom dei involverte. Mindretalet sitt votum vert dermed nærast spegelvend av fleirtalet sitt, men kan dermed òg prinsipielt utfordrast: Får vurderingane av krenkingane av jenta og samtykkeelementa for stor plass i mindretalet sitt resonnement, då det er det institusjonelle omsynet som skal dominere? Burde argumentasjonen i alle fall ikkje vore vinkla meir mot og dominert av i kva grad av dei institusjonelle omsyna var krenka?
Oppsummert: Det vert kort sagt spenningsfylt når ein skal grunngjeve eit straffebod både i omsynet til individet og samstundes i meir kollektive omsyn, same kva av dei ein set i førarsetet. Element av samtykke får ein heilt anna relevans for den eine grunngjevinga enn for den andre. Mindretalet peiker på at det i saka ikkje var prova at det var tale om misbruk eller utnytting. Men i eitt tilfelle der det var det, ville kanskje det å tiltale og døme for § 295 for individkrenkinga (som det mest alvorlege) og i tillegg for § 296 for krenkinga av omsynet til institusjonen gjeve eit prinsipielt sett meir adekvat utgangspunkt for straffutmålinga i slike saker. Kanskje ville det vere eit for offensivt grep frå påtalemakta slik § 296 tradisjonelt har vore forstått, altså nettopp som eit straffebod med ei samansett grunngjeving.
Men slik bør i alle fall desse reglane etter mitt syn konstruerast i den komande reforma frå lovgjevar si side. Sagt meir generelt, kanskje er det på tide å tenke meir heilskapleg gjennom reguleringa av individkrenkingane og det vi i vid meining kan kalle grove brot på offentlege tenesteplikter gjort for seksuelle føremål (sjå allereie § 171 om «tjenestefeil» og til dømes HR-2023-961-U – Lovdata Pro).
Bli første kommentator