1 Framlegget i NOU 2024: 13: «fysiske eller psykiske krenkelser»
NOU 2024: 13, Lov og frihet – Negativ sosial kontroll, æresmotivert vold, tvangsekteskap, kjønnslemlestelse, psykisk vold og ufrivillig utenlandsopphold – juridiske problemstillinger og forslag til regelverksendringer, drøftar strafferetten si rekkevidde i relasjon til «psykisk vold» og relaterte uttrykksmåtar som «negativ sosial kontroll». Eit viktig utgangspunkt for desse drøftingane er § 282 om «mishandling i nære relasjoner». Då straffebodet vart grundig revidert i 2005, skjedde det på bakgrunn av Kvinnevoldsutvalget si utgreiing i NOU 2003: 31. Ei målsetting den gongen var å fange betre inn kompleksiteten i slike krenkingar, ikkje minst med tanke på det «psykiske» aspektet ved dei. Om ein ved den revisjonen lukkast med målsettinga, kan diskuterast. I NOU 2024: 13 vert det i alle tilfelle føreslått å justere på gjerningsskildringa i § 282. Meir konkret vert ordlyden «trusler, tvang, frihetsberøvelse, vold eller andre krenkelser» føreslått endra til «trusler, tvang, frihetsberøvelse, vold eller andre fysiske eller psykiske krenkelser». Endringa er ikkje meint å endre på rekkevidda av straffebodet:
«Formålet med endringen er å skape økt forutsigbarhet, samt å synliggjøre at psykisk vold rammes av straffeloven § 282. Påtalemyndighetene og domstolene bruker eksisterende straffebestemmelser bare i begrenset grad på rene tilfeller av psykisk vold. … Presiseringen kan tydeliggjøre overfor både politiet, påtalemyndigheten, domstolene og befolkningen at mishandling ikke bare utøves ved fysisk vold, men også gjennom utelukkende psykiske krenkelser. Det gir økt klarhet og forutberegnelighet ved rettsanvendelsen, noe som er i tråd med hensynene bak lovkravet. Presiseringen kan dessuten bidra til at § 282 i større grad benyttes på mishandling av utelukkende psykisk art, og derved også gi særlig barn et styrket vern mot psykiske vold.» (s. 149)
Å oppnå «økt klarhet og forutberegnelighet ved rettsanvendelsen» er ei verdig målsetting. Om framlegget gjer det, kan likevel problematiserast. Før det spørsmålet drøftast i det vidare, skal det understrekast at utgreiinga inneheld ei rekkje påpeikingar og endringsframlegg som det er lett å slutte seg til, til dømes forsterkinga av § 266 om omsynslaus åtferd (sjå mellom anna s. 150-151 i utgreiinga). Ei styrke ved utgreiinga er òg at den søker å vere tydeleg på korleis termar som «psykisk vold», «psykiske krenkelser» og «negativ sosial kontroll» vert forstått og brukt. Men dette er samstundes termar som ikkje er lette å handtere – noko utvalet sjølv løftar fram med tanke på «negativ sosial kontroll» (s. 22): «En utfordring med å regulere negativ sosial kontroll i lovgivningen er at begrepet er upresist og dekker en rekke ulike handlinger og atferder, alt fra mild kontroll til svært alvorlige begrensninger i den enkeltes liv.”
Kanskje ligg der slik sett eit forvarsel her. Rett etterpå hevdast det at «begrepet negativ sosial kontroll har betydelig overlapp med begrepet psykisk vold» (s. 22, sjå òg til dømes s. 43), og i forlenginga (s. 24) at: «Hvert enkelt tema som denne utredningen tar opp, kunne også vært en egen utredning i seg selv. Dette gjelder ikke minst psykisk vold, som er et omfattende, komplekst og vanskelig tema.» Eit nærare blikk på kva utvalet eigentleg refererer til med «psykiske krenkelser» synleggjer i alle fall ein del utfordringar i samanhengen.
2 Utvalet si forståing av «psykisk vold» og «psykiske krenkelser»
Allereie i det innleiande kapittel 2, til dømes, der det vert gjeve eit samandrag av rapporten, vert uttrykksmåtane «psykisk vold» og «psykisk mishandling» søkt klarlagt slik:
«Psykisk vold
Utvalget bruker formuleringen psykisk vold om måter å skade, skremme eller krenke en annen person på som ikke er av fysisk art. Normalt vil psykisk vold være et mønster av krenkende handlinger eller atferd som gjentas eller vedvarer over tid ….
Psykisk mishandling
Begrepet psykisk mishandling er i denne utredningen forbeholdt psykisk vold som er over terskelen for mishandling etter straffeloven § 282. Terskelen er etter rettspraksis høy. Skillet mellom psykisk vold og psykisk mishandling er dermed alvorlighetsgraden av den psykiske volden som utøves. Én enkeltstående psykisk krenkelse vil kun i spesielt alvorlige situasjoner utgjøre mishandling etter § 282.» (s. 30)
Ved ettersyn opererer utvalet med i hovudsak tre relaterte storleikar; psykisk vold, som kan ha eit omfang som gjer det til psykisk mishandling, og som samstundes byggjer på den mest grunnleggande storleiken psykiske krenkelser. I tillegg dukker samstundes ytterlegare relaterte uttrykk opp; ren psykisk vold og rene psykiske krenkelser (s. 31). Dette er uttrykksmåtar som òg førekjem i rettspraksis, men som utvalet ikkje nærare forklarer (og det er ikkje openbert korleis sakene nemnt på s. 138-140 illustrerer uttrykksmåten). Relevansen av særleg uttrykket «psykiske krenkelser» vert tydeleg når utgreiinga nærare forklarer uttrykksmåten «psykisk vold» som ein uttrykksmåte som «brukes som regel for å betegne ulike former for psykiske krenkelser som foregår gjentatte ganger over tid, som for eksempel trusler, tvang, overvåkning, kontroll, verbal trakassering, isolering og å være vitne til vold mot andre» (s. 52). Utvalet viser seg samstundes tydeleg medvitne om kompleksiteten her, der strafferetten har hatt eit «snevert voldsbegrep» knytt til fysisk vald, samstundes som at ulike andre samanhengar opererer med eit vidare valdsomgrep (s. 53). Psykisk vald vert for sin del òg knytt til andre konsept, slik som «kontroll», meir spesifikt i form av Evan Stark sitt omgrep om «coercive control».
Denne kompleksiteten søker så utvalet å handtere gjennom ei nærare fastlegging av omgrepet psykisk vald:
«Begrepet omfatter et svært variert sett med handlinger eller atferd som ikke er av fysisk art, alt fra mindre krenkelser til grove overgrep. I motsetning til fysisk vold, som ofte blir forstått som én enkelthendelse, forstås psykisk vold primært som et mønster eller regime som foregår, og gjerne eskalerer, over tid.» (s. 54).
Denne vert følgd opp av ei lengre forklaring, som lengda til trass er verdt å sitere:
«Psykisk vold er måter å skade, skremme eller krenke en annen person på og som ikke er av fysisk art. Normalt vil psykisk vold være et mønster av krenkende handlinger eller atferd som gjentas eller vedvarer over tid. Den psykiske volden kan blant annet bestå av direkte og indirekte trusler, degraderende og ydmykende atferd, kontroll, overvåkning, utagerende atferd, isolering og ulike typer emosjonelle krenkelser for å få personen til å føle seg liten, dårlig eller uviktig. Også krenkelser av økonomisk karakter som det å ta kontroll over en nær relasjons bankkonto, tvungen overføring av lønn, tvungen signering på ektepakter eller lånedokumenter, eller ID-tyveri, kan inngå i et mønster av handlinger eller atferd som utgjør psykisk vold. Tilsvarende gjelder tilfeller hvor en person misbruker rettssystemet ved stadig å ta ut åpenbart grunnløse søksmål eller på annen måte åpenbart misbruker offentlige klageordninger eller lignende, med sikte på å plage en person.
Handlingene eller atferden kan ha forskjellig alvorlighetsgrad, alt fra grove krenkelser der den utsatte fratas grunnleggende friheter, til mildere former for press og kontroll. Enkeltstående psykiske krenkelser faller normalt utenfor betegnelsen psykisk vold, men én alvorlig trussel kan være av en slik art at en person lever under et vedvarende kontrollregime som må karakteriseres som psykisk vold, for eksempel en trussel om drap eller en trussel om å bli giftet bort. Psykisk vold utspiller seg som regel i relasjoner med skjev maktbalanse, som for eksempel mellom et barn og en omsorgsperson eller i et parforhold der den ene har makt og kontroll over den andre. Psykisk vold kan også utspille seg digitalt.» (s. 54)
Desse forklaringane av «psykisk vold» kan seiast å ha dei følgjande sentrale karakteristikkane:
- «Psykisk vold» er definert negativt, som måtar å «skade, skremme eller krenke en annen person på og som ikke er av fysisk art»
- Grunnelementet i den definisjonen er «psykiske krenkelser»
- Slik vald kan bestå av eit «svært variert sett» av ulike handlemåtar
Denne omgrepsforklaringa, som òg vert konkretisert i relasjon til handlingar mot barn, dannar bakgrunnen for det konkrete framlegget til endring av § 282. Før det gjer samstundes utvalet ei grundig avklaring av i kva grad gjeldande rett dekker inn tilfelle av «psykisk vald». Som utvalet viser, er det mange straffebod som er aktuelle i samanhengen, samstundes som at det til dømes i tolking av § 282, til dømes i rettspraksis, er sagt lite om kva ein siktar til med uttrykksmåtar som «psykisk vold» eller «psykiske krenkelser».
3 Det konkrete endringsframlegget: «fysiske eller psykiske krenkelser»
På denne bakgrunnen kjem dei meir konkrete framlegga som vert gjort i utgreiinga. Det vert til dømes føreslått ikkje å gjere eit eige straffebod mot psykisk vald (sjå s. 148). Utvalet vil heller ikkje gjere bruk av uttrykksmåten «psykisk vold» i straffelova, gjeve at lova er bygd omkring det tradisjonelt fysisk orienterte valdsomgrepet: Eit slikt grep vil som utvalet peiker på (s. 149), krevje ei større gjennomarbeiding av straffelova kapittel 25 (særleg). Dette er standpunkt som eg sluttar meg til. Utvalet nøyer seg for sin del difor med ei presisering av § 282 og det som i dag heiter «andre krenkelser», i form av å framheve «psykiske krenkelser» som ei aktuell form for slik krenking. Dette er altså ikkje ei substansiell endring i straffebodet.
Spørsmålet er om denne endringa gjer § 282 tydlegare, eller snarare forsterkar ein uklarheit i straffebodet. Eg lutar mest mot det siste, av følgjande tre relaterte grunnar:
For det første er der innvendingar på det grunnleggande konseptuelle planet. Det er som nemnt sjølv av utvalet, grunnleggande uklarheiter knytt til kva «psykisk vold» er, tilsvarande som den relaterte uttrykksmåten «negativ sosial kontroll». At uklarheita er av meir fundamental karakter, kan lett visast gjennom å trekke fram igjen utvalet si negative forklaring av «psykisk vold» (og dermed «psykiske krenkelser»). Det er som vist ovanfor tale om ei negativ forklaring, der ein seier at «psykisk vold» er valden som ikkje er fysisk. Men kva er meint med at den ikkje er fysisk? Fysisk vald er som fenomen relativt enkel å relatere seg til, då den er fysisk både i relasjon til handlemåten til valdsutøvaren (eit slag, til dømes) og i måten handlinga råkar offeret på kroppen (slaget treff i andletet). Den fysiske valden er, kan ein seie, iaugefallande òg frå eit tredjepersonsperspektiv.
Men om vi så seier at den psykiske valden ikkje er fysisk, kva av dei nemnte fysisk elementa tek vi då vekk? Det første (den fysiske handlemåten til valdsutøvaren), det siste (innverknad på kroppen til offeret), eller begge deler? Det kan neppe vere begge deler: Då ikkje vil vere noko slags kontakt mellom gjerningsperson og offer (hugs då at ordboksdefinisjonen av «fysisk» er vid, og at til dømes lydar og anna som kan registrerast av sansane omfattast av uttrykksmåten). Av same grunn vil det neppe heller vere tale om å ta vekk det første, altså det fysiske elementet ved gjerningspersonen sin handlemåte. Då ville vi i beste fall stå igjen med tilfelle av unnlatingar (og, for dei som måtte tru på det parapsykologiske, telepati og anna ekstrasensorisk kommunikasjon). Sjølv om unnlatingar kan vere relevante i § 282-samanheng, er tanken som vi skal sjå heilt klart å nå vidare enn det. Dermed må det vere elementet av fysisk (kroppsleg) krenking av offeret som det må vere tale om å ta vekk i den negative definisjonen, slik at det ein gjer åleine råkar offeret psykisk på noko vis. Aggresjon, til dømes, kan jo kanskje omtalast nettopp slik: Eg er utagerande – eg hoppar og skrik og sparkar i veggen (er «fysisk»), og du vert redd inne i deg (råkast «psykisk»).
Men sjølv om det måtte gje meining, ser ein likevel raskt problem med denne tilnærminga, slik som den dualistiske innvendinga: Når ein prøver å dele verda i to, i ein fysisk og ein psykisk del, misser ein viktige samanhengar. Den «psykiske volden» har jo openberre negative fysiske helsemessige konsekvensar for offeret, slik at her er, som utvalet òg peiker på på s. 56, ein nærare samanheng mellom kropp og sjel her som elles (tilsvarande som for den fysiske valden, som klart har store negative psykiske konsekvensar). Samstundes er det noko grunnleggande sett uavklart i ein slik definisjon av «psykisk vold»: Veldig mange handlemåtar kan påverke nokon annan «psykisk» på ein negativ måte. Det gjeld både elles lovlege handlemåtar og ulovlege slike. Men «alt» som gjer det, bør ikkje reknast som psykisk vald eller psykiske krenkingar. For å avgrense kunne avgrense «psykisk» vald/krenkingar frå alt som påverkar oss negativt i vårt tanke og kjensleliv, vil vi då trenge eit underliggande og meir generelt valdsomgrep, eller om ein vil, noko slags anna krenkingsstandard. Det avklarar utgreiinga samstundes ikkje så mykje om. Vi kan neppe heller vende oss til det fysiske valdsomgrepet som svar her, for det er jo det vi søker å etablere eit tillegg til. Slik sett har vi kanskje ikkje kome nærare det vi er på jakt etter her.
Desse konseptuelle merknadane relaterer seg til det andre som er å innvende, som går på kva handlingar som eigentleg er relevante å sjå som «psykisk vold», eventuelt «psykiske krenkelser» som kan inngå i det vidare valdsomgrepet. Den negative definisjonen vert supplert av ei opplisting av aktuelle typetilfelle av relevante krenkingar, til dømes slik det vert gjort i dei avsluttande merknadane til framlegget til (revidert) § 282:
«Dette kan for eksempel være frihetsinnskrenkninger som ikke utgjør frihetsberøvelse, kontroll, overvåking, isolering, ydmykende eller nedverdigende behandling, ikke-straffbare trusler, verbal trakassering, aggressiv atferd, å være vitne til vold mot andre (‘indirekte’ vold), personforfølgelse, eller materielle krenkelser. Krenkelser av økonomisk karakter som det å ta kontroll over en nær relasjons bankkonto, tvungen overføring av lønn, tvungen signering på ektepakter eller lånedokumenter, eller ID-tyveri er også handlinger som kan inngå i en vurdering av om det foreligger psykisk mishandling. Tilsvarende kan tilfeller hvor en person misbruker rettssystemet ved stadig å ta ut åpenbart grunnløse søksmål eller på annen måte åpenbart misbruker offentlige klageordninger eller lignende, med sikte på å plage en person være psykiske krenkelser. Opplistingen er ikke ment å være uttømmende.» (s. 474)
Sjølv om lista i seg sjølv kan synes relevant nok for moglege krenkingar som kan vere relevante i ei § 282-vurdering, så er her spørsmål å stille: Eit spørsmål er kva som gjer at nemninga «psykiske krenkelser» vert ein adekvat referanse for til dømes «det å ta kontroll over en nær relasjons bankkonto» eller «tvungen overføring av lønn». Sagt annleis; er det her eigentleg elementet av «psykisk» krenking som er framtredande, slik at klassifiseringa leier rettsbrukaren i rett retning – eller er vi her over i ein type krenking der det er eit anna krenkingsaspekt som trer fram som det sentrale. Etter mitt syn har denne typen krenking først og fremst karakter av å ta frå nokon fridomen til å rå over eigen økonomi, og eg er skeptisk til å redusere desse tilfella til «psykiske» krenkingar. Det er grunn til igjen å minne om at svært mange straffbare handlingar vil typisk sett ha negativ psykisk påverknad på dei som vert eksponert for brotsverket. Det gjeld jo òg tjuveri og bedrageri, og andre typar krenking òg, slik som framkalling av fare for allmenheita (§ 355). Det gjeld som nemnt òg den fysiske valden. Krenking av verdiar som eigedomsretten og handlefridomen bør ikkje reduserast til «psykiske» krenkingar åleine. (I tillegg har ein jo her uttrykksmåten «økonomisk vold», sjå til dømes s. 52 i utgreiinga.)
Det er kanskje nettopp i lys av ein så vid forståing av «psykiske krenkelser» at utvalet, som nemnt ovanfor, ser behov for den litt meir uklare uttrykksmåten rene psykiske krenkelser (kva er alternativet – «urene»?). Og i alle tilfelle er det grunn til å spørje om den relativt opne termen «psykiske krenkelser», kombinert med ei så vidtfamnande opplisting som den siterte, er eigna til å nå det målet som utvalet har knytt til å gje meir høve til å føresjå rekkevidda av straffebodet. Kombinasjonen av «fysisk» og «psykisk» krenkelse har i alle fall ingen kapasitet til å presisere kva slags krenkingar som er relevante for § 282-vurderinga, då den kombinasjonen vel dekker det meste av krenkingar som kan skje i kontekst av nære relasjonar. «Krenkelse» føreset som vi alt har vore inne på, ein normativ standard som kan brukast til å identifisere relevante tilfelle, men denne gjev som nemnt rapporten mindre informasjon om. Samla sett vil ei slik lovendring dermed i liten grad bidra til å presisere rettsregelen og ivareta målsettingane med reforma.
Tvert om kan den bidra til å forvanske forståinga av straffebodet, noko som heng saman med den tredje grunnen eg ser til å vere skeptisk til framlegget. Den vide kategorien av fysiske eller psykiske krenkingar kviler som vist på ein anna normativ standard eller prinsipp som avgjer kva handlemåtar som er relevante å trekke inn i vurderinga av straffebodet. Tillegget «psykisk krenkelse» bidrar som vist lite her, men kan tvert om lett indikere at der er noko særskilt med desse i samanhengen. Men tilfellet er snarare tvert om; dei fleste av krenkingsmåtane som er trekt fram i straffebodet, i dag altså «trusler, tvang, frihetsberøvelse, vold eller andre krenkelser», er teke med her nettopp i kraft av dei særlege psykiske konsekvensane dei typisk sett har når dei skjer i nære relasjonar.
Slektskapen til tilfelle av det som utvalet omtalar som «psykiske krenkelser» er til dømes tydeleg når det gjeld trugslar. Slike er nemnt i lovteksten i dag som eit døme på aktuelle krenkingar (og krenkingsmåten verkar praktisk relevante i rettspraksis i slike saker). Utvalet nemner for sin del som vist «ikke-straffbare trusler» som døme på «psykiske krenkelser». Det er neppe slik at det berre er dei ikkje-straffbare trugslane som representerer «psykiske krenkelser». Slike har gjerne ei sterk negativ psykisk innverknad på offeret same om dei er rett over eller under grensa for § 263. Poenget er snarare eit anna: Dei har i begge tilfella kapasitet til å bidra til at det ««danner et mønster som resulterer i at den som rammes må leve under et ‘regime’ preget av kontinuerlig utrygghet og frykt for vold», jf. Rt. 2010 s. 129 avsnitt 21 og mellom anna Rt. 2013 s. 879 avsnitt 30. Dette vurderingstemaet er i seg sjølv ein standard for ein bestemt type psykisk vald: Det handlar om å måtte leve i ein tilstand «preget av kontinuerlig utrygghet og frykt for vold» (kursivert her). Relevansen av dei ulike handlemåtane som er aktuelle for § 282, er altså nettopp at dei har ein funksjon i relasjon til danning av – lett omformulert – eit slikt regime av psykisk vald. Det er då òg først og fremst i den meininga at det utvalet omtalar som tilfelle av «psykisk krenkelse», slik som kontroll og andre skrankar på fridomen til nokon, meiningsfullt kan seiast å vere «psykiske krenkelser».
Dette fortel oss samstundes noko meir grunnleggande om gjerningsskildringa i § 282. Den er ikkje heldig utforma, noko som kanskje ikkje er overraskande då det ikkje låg noko grundig utgreiingsarbeid bak sjølve utforminga av gjerningsskildringa. Det sentrale vurderingskriteriet kjem ikkje fram av lovteksten, men er først og fremst eit produkt av høgsterettspraksis. I staden bruker lovteksten sjølv eit uttrykk som peiker først og fremst i retning av fysiske krenkingar. Eit oppslag på mishandle | Nynorskordboka – ordbøkene.no (ordbokene.no) gjev til dømes desse resultata:
Tyding og bruk: «behandle brutalt; bruke vald på; skamfare»
Døme: «mishandle dyr; fangane vart mishandla og torturerte»
Lite her leier tankane i retning av den typen krenking som § 282 rettar seg mot. Dermed vert det kanskje ikkje så rart at det i relasjon til aktuelle krenkingsmåtar vert opplevd eit behov for å få fram at òg psykiske krenkingar er relevante etter paragrafen. Kanskje hadde det vore meir openbert om til dømes gjerningsskildringa retta seg mot «den som utsetter en annen i nær relasjon for et regime av frykt eller tvang, straffes …». Då ville så å seie retninga for heile straffebodet kome meir direkte fram, og dermed det som ligg til grunn for å identifisere ei heil rekkje av ulike handlemåtar som kontekstuelt relevante med tanke på kva grad av regimedanning som har funne stad i den aktuelle saka.
For min del vil eg i så måte heller tilrå at ein går meir heilskapleg til verks med tanke på å revidere gjerningsskildringa i § 282 enn det utvalet legg opp til. Skulle ein no ville gjere ei slik meir konkret endring i § 282, så bør den i så fall gjerast på anna vis enn ved å endre «andre krenkelser» til «fysiske eller psykiske krenkelser». Utvalet er sjølv inne på eit alternativ i form av å kople paragrafen betre til § 266 om omsynslaus åtferd:
«Et annet alternativ er å bruke formuleringen ‘skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd’, tilsvarende gjerningsbeskrivelsen i straffeloven § 266 om hensynsløs atferd. Barnelova § 30 tredje ledd tredje punktum bruker denne formuleringen, som ifølge lovgiver er ment å gi et forbud mot psykisk vold mot barn.» (s. 149)
Det synes eg er eit betre spor, då det gjev eit meir substansielt tillegg til gjerningsskildringa. Utvalet er likevel skeptisk, då formuleringa er «ordrik, og den vil gjøre en allerede lang lovtekst kronglete og uoversiktlig» (s. 149). Det er etter mitt syn likevel å føretrekke framfor den løysinga som er føreslått. Eit grep i den retninga er òg meir i tråd med andre av dei adekvate framlegga til utvalet, slik som tillegget til barnelova § 30 tredje ledd tredje punktum («kontrollerande, nedverdigande»). (Og ser ein på framlegget til ny liste over relevante relasjonar, så synes utvalet i alle fall der kunne leve med eit visst nivå av «uoversiktlig» utforming av gjerningsskildringa.)
4 Epilog
Strafferetten er aldri skilt frå dei endringane samfunnet går igjennom. Meir gjennomgripande skifter i samfunnet, altså meir paradigmatiske endringar, utfordrar strafferetten: Då er det gjerne tale om meir komplekse utviklingstrekk som skjer over tid, og der særleg startfasen lett vert prega av brytingar mellom gammalt og nytt. Endringane er då i seg sjølv vanskeleg å gripe og utvikle eit språk for. At slike samfunnsendringar er særleg utfordrande for strafferetten, heng nært saman med at den kort sagt skal ri to hestar: Strafferetten skal fungere som eit allment register over dei mest alvorlege krenkingane i samfunnet og dermed fordøminga av desse. Det kan vi kalle strafferetten si offentleg-symbolske side, ofte forbunde med bruk av ideologisk lettgripelege uttrykksmåtar. Samstundes skal strafferetten levere rettvise i einskildsaker, på eit sett som viser omsyn til rettane til så vel offer som den påståtte gjerningspersonen. Sentralt her er at individet skal kunne føresjå rettsstillinga si, og vurderast på eit nyansert vis ut frå den utviste skulda.
I tider av større underliggande sosiale endringar, kjem desse to målsettingane lett i spenning i relasjon til kvarandre: Ei ny problemerkjenning aktualiserer overordna symbolske responsar, ikkje minst gjennom strafferetten. Samstundes manglar vi då enno ofte det differensierte og nyanserte språket for å tilpasse strafferetten godt til så vel fenomenet som dei mange ulike individuelle tilfella som kan dukke opp. Vi manglar dermed dei analytiske verktøya som trengs for å handtere desse på eit rettvist sett. Vi har gode døme på at lovgjevar har sett eit spørsmål på vent til teori og praksis har fått utvikla eit tilstrekkeleg god og nyansert forståing av ein problematikk – slik til dømes lovgjevar i 1902 enno ikkje kjende seg komfortabel med å lovfeste definisjonen av forsett av denne grunnen. Det skjedde først med straffelova 2005. Slikt tolmod er det samstundes vanskeleg å ha i møte med sosiale utfordringar knytt til (det som først er erkjent som) krenkingar av kvinner, barn og andre sårbare personar i samfunnet, men det kjem altså med risiko for at dei to funksjonane til strafferetten ikkje samspelar godt.
Vi synes no å stå i møte med slike paradigmatiske utfordringar knytt til endringar av valdsomgrepet. Meir generelt synes bruken av valdstermen bre om seg, samstundes som at vi generelt reknar oss som å verte meir og meir «siviliserte» og i mindre og mindre grad nyttar vald som konfliktløysingsverktøy. Der er slik sett ein meir kompleks samanheng mellom sosiale praksisar og endringar av desse, og normative, epistemiske og terminologiske reorienteringar som tek seg uttrykk i språklege skifter knytt mellom anna til bruk av uttrykksmåten «psykisk vold». Skal det handterast på eit godt vis i strafferetten, krev det analytisk arbeid av rettsvitskapen, erfaring med saker frå praksis i rettssystemet og stegvise grep gjennom lovgjeving. Å bygge lovgjevinga på eit så grovkorna og lite hjelpsamt terminologisk par som «fysiske» og «psykiske» krenkingar, er neppe vegen å gå.
Takk til Anja Bredal og Jane Dullum for diskusjonar om temaet og kommentar til teksten.
Bli første kommentator