Samtykke i § 295-tilfella? Ein merknad til lovframlegget i Prop. 132 L (2024-2025) Endringer i straffeloven (samtykke til seksuell omgang m.m.)

Som eg har uttrykt i anna samanheng, er lovframlegget i Prop. 132 L (2024-2025) Endringer i straffeloven (samtykke til seksuell omgang m.m.) eit velgrunna steg i retning av ei nyansering av norsk seksualstrafferett, mellom anna med tanke på opphevinga av § 292 og minstestraffa der. Dette som andre lovframlegg bør likevel kritisk granskast og i så måte er det det nye første ledd i § 291 som merksemda må rettast mot. Inn som nytt første ledd, kjem ein «berre ja betyr ja»-modell, ved at det no som valdtekt skal reknast om ein har seksuell omgang med «noen som verken i ord eller handling har samtykket til det».  Noverande innhald i § 291 vert for sin del nytt andre ledd, som òg får eit nytt tillegg i bokstav b), imot det å ha seksuell omgang med nokon som «i ord eller handling gir uttrykk for ikke å ville det». Desse tilfella, som er uttrykk for ein «nei betyr nei»-modell, får såleis ei strafferamme på ti års fengsel som dei andre alternativa i dagens valdtektsstraffebod. Denne sistnemnte endringa er som eg har argumenter for i ulike samanhengar, til dømes i Valdtektsstraffebodet: Gjeldande rett og spørsmålet om reform frå 2017, velgrunna.

Plasseringa av verken i ord eller handling har samtykket til det-tilfella i akkurat valdtektsstraffebodet er i proposisjonen hevda vere grunngjeve i det å få i tilstrekkeleg grad markert alvoret i slike krenkingar: At desse tilfella skulle gå inn i § 291, som i stor grad i proposisjonen knyt seg til dei såkalla passivitetstilfella, var viktig for «å understreke alvoret i den krenkelse slike handlinger innebærer» (s. 39, sjå òg s. 40). Samstundes vert strafferamma her sett lågare enn for tilfella i § 291 andre ledd: Strafferamma etter § 291 første ledd skal vere seks års fengsel – tilsvarande som for tilfella som i dag er omfatta av § 295. Eit uttrykk for at første ledd-tilfella er vurdert som å skilje seg frå dei andre i § 291, finn ein òg i at § 294 om grovt aktlaust valdtekt ikkje vert knytt til det nye første ledd i § 291.

Avgjerande for bruk av det nye § 291 første leddet skal vere om «partene verbalt eller på annen måte har samtykket til seksuell omgang» (s. 41). Det siktast her – får vi rekne med – til at det krevjast eit verksamt samtykke. Som vi kjem attende til, alt i dag er samtykke av relevans for bruken av § 291 og det er då ikkje nok til å kome vekk frå straffansvar at motparten har sagt ordet «ja» eller kledd av seg og lagt seg på senga i seksuell positur, dersom det til dømes skjer på grunnlag av trugslar (etter framlegget har vi då ikkje berre med manglande samtykke og brot på første ledd å gjere, men òg brot på andre ledd i framlegget).

Men la oss her sjå på kva som med dette framlegget skjer med relasjonen til § 295, for det er komplisert. Relasjonen § 291 og § 295 er ikkje på noko punkt nærare drøfta i kapittel 4 i proposisjonen, der endringane i § 291 er grunngjevne. Der er berre nokre få poengteringar om § 295 å finne her, men desse bidreg snarare til å forvanske relasjonen for oss. Ein stad gjengjev departementet utsegn i høyringa om at det var behov for kriminalisering ut over det som i dag er omfatta av både § 291 og 295, samstundes som at departementet understrekar at § 297 er ei for lite alvorleg markering av krenkingane (s. 40). Ein anna stad hevdast det at det er «også i dag straffbart å ha seksuell omgang med noen som ikke har samtykket til det», merk: med § 295 som eitt av døma på relevante straffebod (s. 38). Departementet anerkjente samstundes at det til dømes kan «være uklart hvor stor grad av press, overtalelse og annen påvirkning som kan godtas, og hva som skal til for at en person anses for å være samtykkekompetent» (s. 42).

I relasjon til strafferammene vert det peika på at det i fastlegginga av strafferamma vart sett til § 295 då det nye første ledd i § 291 vil ha «enkelte fellestrekk med § 295, ettersom den blant annet er ment å fange opp tilfeller der fornærmedes forutsetninger for å beskytte seg mot ufrivillig seksuell omgang er begrenset av ulike årsaker» (s. 69). Spørsmålet er om departementet her tek litt for lett på samanhengen mellom desse to alternativa. For meg ligg der ein omfattande kompleksitet i det departementet her omtalar som «enkelte fellestrekk».

Det ser ein når vi går vidare til kapittel 7 i proposisjonen, der § 295 vert tema (drøfta på s. 78-83). Konkret handlar det om framlegget om at § 295 bokstav c)-alternativet «å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar livssituasjon» vert utvida. Det skjer meir konkret ved at «livssituasjon» vert endra til det meir generelle uttrykket «situasjon» – ei i seg sjølv fornuftig endring. Her er det likevel merknader om § 295 av meir generell relevans, då det uttalast her at § 295 omhandlar tilfelle der «den seksuelle omgangen er oppnådd på en måte som utelukker reell frivillighet». Men med det nye første ledd i § 291, vert jo då spørsmålet: Har vi ikkje då med å gjere med ein valdtekt? Når «reell frivillighet» ikkje etter departementet sitt syn er til stades her, har vi ikkje då med eit tilfelle å gjere der ein har hatt seksuell omgang med «noen som verken i ord eller handling har samtykket til det»? Det kan vel neppe hjelpe om til dømes det rusa barnet i den svært utsette situasjonen skulle kle av seg sjølv eller til og med eksplisitt godta å ha seksuell omgang: Eit verksamt samtykke må jo alt i dag til for å ha relevans etter § 291, og det krev noko meir kvalifisert  enn berre eit «tomt» samtykkeuttrykk. Ein «tom» aksept av samleiet kan jo til dømes den som vert truga med kniven mot strupen uttrykke, utan at det vil hindre bruk av § 291 i dag, og det er jo, som nemnt, i proposisjonen sagt at det § 295 omfattar tilfelle der det ikkje føreligg «reell frivillighet».

Tilfella synes gjeve desse føresetnadane altså å klikke inn både i § 291 første ledd og i § 295. Dermed er vi kome til kjernen i problemet med det nye § 291 første ledd, som vil krevje ei nærare plassering av ein del tilfelle i enten § 291 første ledd eller § 295 ut frå ei avveging mellom: Enten eit lex gravis-synspunkt om at § 291 første ledd er det mest alvorlege alternativet – for sjølv om strafferamma er den same som etter § 295, var det jo eit viktig poeng for departementet nettopp å bruke valdtektstermen og alvoret i den her. Eller eit lex specialis-synspunkt om at § 295 skildra meir konkret kva som er klanderverdig i desse tilfella, samanlikna med den meir generelle formuleringa i § 291 første ledd. Eit tredje alternativ er sjølvsagt å seie at alle tilfella etter § 295 no skal gå etter § 291 første ledd. Men då er jo framlegget eigentleg å oppheve § 295, og det kan neppe ha vore meininga.

Departementet tek jo seg til dømes bryet med å gjere justeringar i § 295 bokstav c. I samband med det er det jo òg lagt til grunn at (den etter kvart mykje omtala) LH-2021-24720 er ei sak som illustrerer bruksområdet til ny § 295 bokstav c). I den saka heiter det mellom anna om situasjonen som utspelte seg:

«Kontakten mellom fornærmede og B denne natten innledes med en korrespondanse på SMS fra klokken 01:28 natt til 14.12.2019 som ble dokumentert under ankeforhandlingen. Fornærmede skriver ‘korr d edu e p drekk…??’. Fornærmede gir uttrykk for at hun vil dra et sted og drikke, og B inviterer henne hjem til A i [adresse]. Ut fra meldingsutvekslingen fremstår det som om fornærmede mente at også vitnet D skulle være med. I tillegg til dette hadde fornærmede og B minst en samtale på telefon, der det blant annet ble avklart at B/A skulle betale for drosjen, siden fornærmede selv ikke hadde penger til dette. D bestemte seg for å bli hjemme, og fornærmede tok taxi fra hans bopel til [adresse] klokken 02:50, jf. dokumentasjon fra [sted3] Taxi. Som nevnt var vitnet E sjåfør. Han forklarte at da de kom frem til adressen, stod det en ung mann og ventet på dem, og denne personen betalte kontant for turen. E forklarte at han vurderte fornærmede til ikke å være i stand til å ta vare på seg selv, og at han vurderte å ringe til politiet.

Hjemme hos A fikk fornærmede servert mer alkohol, så vidt hun husker var også dette vodka. De satt i sofaen og snakket en stund. Fornærmede forklarte at hun var overrasket over at det bare var de tre i leiligheten, siden hun trodde at A hadde fest og at det skulle være flere folk der. På et tidspunkt reiste B seg opp og sa ‘kom’ eller lignende til henne. Hun sa nei, og beskriver at B da tok henne i hånden og dro henne inn på soverommet. Hun forsøkte, men klarte på grunn av beruselsen ikke å gjøre motstand mot dette. Deretter husker hun at hun lå på ryggen i senga, og at B kledde et plagg av henne. Han gikk ut, og kom tilbake med en kondom som han tok på seg. Deretter gjennomførte han vaginalt samleie med henne. Fornærmede forklarte at hun husket at B slo henne med flat hånd på baken/hoften under samleiet, og at det var ganske hardhendte slag.

Etter at dette samleiet var ferdig, gikk fornærmede på toalettet. Da hun kom inn på soverommet igjen for å kle på seg, kom A inn på rommet.»

Skal ein då forstå bruken av dette dømet i omtalen av § 295 slik at det er (verksamt) samtykka i dette tilfellet slik at vi er utanfor valdtektsalternativet i § 291 første ledd? Det gjev ikkje god meining for min del, og jo høgare ein legg terskelen i § 295 bokstav c) (jf. «utnytter,» «særlig sårbar situasjon») jo meir presserande vert det problemet. Alternativet er å seie at slike tilfelle likevel skal opp i § 291 første ledd, men då får vi eit nytt spørsmål om kva som vert att for § 295 å handtere.

Korleis desse tilfella bør løysast er ikkje noko vi treng forsøke å ta stilling til her. Poenget er at det burde proposisjonen avklara. Eg undrar meg over at meir ikkje er sagt om korleis relasjonen § 291 og § 295 er tenkt. Kanskje har ein i skriving av proposisjonen i for stor grad vorte fanga av utfordringane med tilfella av «passivitet». Problematikken er samstundes ikkje avgrensa til § 295 bokstav c), men gjeld òg til dømes bokstav a), som til dømes i LB-2023-153164 – Lovdata Pro om misbruk av stilling som vekter til å skaffe seg seksuell omgang med ei som var teken for butikktjuveri, og bokstav b), til dømes i tilfelle der den fornærma har ei psykisk utviklingshemming.

Forsøk på å avklare denne relasjonen ville samstundes kanskje nettopp leia til erkjenning av det som gjer at eg har vore og framleis er skeptisk til å bruke (manglande) samtykke som kriterium slik det er gjort i § 291 første ledd. Dei seksuelle krenkingane – alle av individet sin rett til seksuell autonomi eller sjølvbestemming – kjem i mange former med ulik grad av alvor ved seg. Målet med ei god strafferettsleg regulering bør vere å gje eit nyansert sett av krenkingstilfelle og dermed alternativ for domstolane til å plassere dei ulike tilfella på sitt rette nivå av alvor. Bruk av det grovkorna «uten samtykke» i valdtektsstraffebodet er ikkje hjelpsamt til det føremålet, noko det vanskelege skjeringspunktet som no skapast mellom § 291 første ledd og § 295 viser. Eit meir nyansert sett av kategoriar for dei ulike måtane den seksuelle sjølvbestemmingsretten kan krenkast på, er påkravd. Løysinga lagt fram i § 291 første ledd kan tvert om bidra til å «devaluere» tilfella etter § 295, då den impliserer at det i dei tilfella, i motsetnad til i § 291 første ledd, føreligg samtykke. Eg trur sitatet er frå den amerikanske science fiction forfattarinna Ursula Le Guin, men visdomen gjeld òg for oss: «Når du tenner et lys, kaster du også en skygge».

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.