Ein ny artikkel er ute, denne gongen skrive saman med Erling Hjelmeng (UiO), Skyldkravet i konkurranseretten – mot et objektivt ansvar for systemsvikt? – Nr 01 – 2021 – Tidsskrift for Rettsvitenskap – Idunn. Artikkelen inngår i eit prosjekt eg har vore del av, leia av Erling og Tina Søreide, finansiert av Konkurransetilsynet. Litt på bortebane for meg her, altså, men så er jo strafferetten kanskje det mest sentrale og velutvikla sanksjonsregimet vi har, og der i ligg mange lærdomar for andre regelverk og sanksjonssystema dei utviklar, noko vi viser i artikkelen. Apropos prosjekt: To nye prosjekt som eg er involvert i, leia av respektive Linda Gröning (DIMENSIONS) og David C. Vogt, er blitt finansiert, og eg skal bidra med tekstar i begge.
Elles har det nye nummeret av BJCLCJ om valdtektslovgjeving i dei nordiske landa kome ut, og her Vol 8 No 2 (2020): Rape laws in the Nordic Countries – Definitions, Development and Discussions | Bergen Journal of Criminal Law & Criminal Justice (uib.no) finn du, i tillegg til ein introduksjon forfatta av meg og Moa Bladini (Göteborg), omtale av den nyare utviklinga i alle dei nordiske landa. Så får vi sjå kva Straffelovrådet kjem fram til no når rådet skal greie ut ein eventuell norsk reform.
Og så dukka eg opp i Juristen, der eg seier litt om kvifor strafferettsleg forsking er viktig! Les den gjerne i samanheng med min artikkel i festskriftet til tidlegare riksadvokat Tor-Aksel Busch.
Kva skjer så ut over våren? Vi ventar spent på utfallet av vår SFF-søknad om rettslig reformforsking, og i mellomtida arbeider eg mellom anna med den komande Karnov-kommentaren om valds- og seksualbrotsverka. Kanskje kan eg snart presentere eit nytt bokmanus òg..
Bli første kommentator