Innlegg i diskusjon om trygdeskandalen og jusutdanninga

Den 7. januar 2021 vart det halde eit seminar om trygdeskandalen og jusutdanninga med deltakarar frå dei juridiske fakulteta. Eg var bede om å halde eit kort innlegg med utgangspunkt i strafferett og strafferettsundervising. Her er innlegget mitt:

Eg er bedt om å snakke litt om det strafferettslege perspektivet, som er det feltet eg arbeider og underviser innanfor.

Ein enkel strafferettsleg respons, er at Nav-skandalen ikkje er eit strafferettsleg problem – komplisert regelverk i bakgrunnen, men gjeve ei rett tolking av desse, så er ikkje straffeboda i seg sjølv så kompliserte her. Desse er jo òg i alle fall hjå oss tema i undervisinga i Bergen.

Men saka handlar jo om òg sjølve grunnlaget for bruk av sentrale straffebod og med relativt strenge straffer. Dette gjev opphav til mange punkt av bekymring, langs det strafferettslege sporet.

Allereie frå eit lovskravsperspektiv, sjølve kjernen i strafferetten så er kompleksiteten i regelverket og forventinga om eit klart rettsgrunnlag for ein straffedom, er jo saka urovekkande. Utfordringa i NAV-saka avspeglar meir allmenne utfordringar som oppstår gjeve strafferetten sin samankopling med regelverk innanfor mange andre rettsområde, som styrer rekkevidda av straffesanksjonerte rettar og plikter for borgarane. EØS-dimensjonen illustrerer òg korleis dette har internasjonale forgreiningar.

Vidare, læra om «rettsvillfarelse» eller «rettsuvitenhet», kjem jo i forlegenhet – uklarheita som rettsapparatet her sjølv strevar står i kontrast med dei sterke og urealistiske forventingane til borgarane i samanhengen.

Begge delar avspeglar systemiske problem i strafferetten i dag. Og her er eit element av sosial urettvise i denne saka som nok avspeglar meir grunnleggande problem i norsk strafferett. Det er ein stor kontrast mellom korleis enkeltpersonar i denne saka er straffa hardt og den ofte meir tilgivande og forståande haldninga som avspeglar seg når det er personar i samfunnet sine øvre sjikt som har fått for mykje av offentlege midlar og gode. Den «nasjonale» strafferetten er ei anna overlevering som nok i for stor grad pregar strafferetten.

Spørsmålet vert om vi i tilstrekkeleg grad tek for oss slike meir kritiske perspektiv – eller om blandar saman «ideal og virkelighet», og sender studentane ut med for lite av kritiske impulsar til å kunne sjå, forholde seg til og gå i rette med slike utfordringar i praksis. Dette avspeglar nok ikkje berre eit problem i utdanninga, men i norsk strafferettsvitskap i det heile.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.