Nytt år – hausten i perspektiv

Hausten 2020 var prega av eit strafferettskurs som måtte koronatilpassast – det årlege møtet med eit nytt kull av framtidige strafferettsjuristarvart redusert til epostar, zoom og anna distansundervising. Kurset let seg gjennomføre, men den daglege diskusjonen med studentar i førelesingssalen, seminara og andre fora var sårt sakna. Ein sak som gleda, var likevel den gode mottakinga som den nye boka vår – Forbrytelser i utvalg – fekk blant studentane.

I tillegg til arbeid med ein forskingssøknad, så vart det ikkje veldig mykje tid til eigne strafferettslege studiar. Men vi fekk publisert første nummer av Bergen Journal of Criminal Law and Criminal Justice 2020 og eit nytt er på veg, denne gongen om reformane av straffelovgjevinga i dei nordiske landa.

Forskingssøknadsarbeidet var likevel ein naturleg fordjuping av diskusjonen om reform av valdtektslovgjevinga og rettsvitskaplege bidrag til den. Temaet for den var reformforsking, og du kan finne litt om tenkinga mi rundt det i dette SSRN-paperet Architectonics for Legal Reform Research.

Samstundes nærmar det seg nye publikasjonar som gjennom hausten vart ferdigstilt. Ein oversikt over komande artiklar finn du her:

– Grunnlova § 93, historisk kommentar, i Ola Mestad/Dag Michalsen (red.), Grunnloven – historisk kommentarutgave 1814-2016 (Oslo, 2021)

– Grunnlova § 96, historisk kommentar, i Ola Mestad/Dag Michalsen (red.), Grunnloven – historisk kommentarutgave 1814-2016 (Oslo, 2021)

– How Can Legal Doctrine be a Scientific Discipline? Methodological Groundworks for the Norwegian Criminal Law Doctrine i Shin Matsuzawa/Kimmo Nuotio (red.), Criminal Law Theory as Science (2021)

– med Erling Hjelmeng, Skyldkravet i konkurranseretten – mot et objektivt ansvar for systemsvikt?, Tidsskrift for rettsvitenskap (2021).

– og til sist; ein artikkel saman med Linda Gröning om utviklinga i lovgjevinga frå eit lovskravsperspektiv, men den får de vite meir om seinare:)

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.