Kulturdepartementet har sendt ut på høyring eit framlegg til nytt straffebod i straffelova § 267 a om konverteringsterapi og invitert meg til å gje eit innlegg frå eit strafferettsleg perspektiv.
Departementet skal ha ros for å vere opent om at tematikken er utfordrande å regulere. Konverteringsterapi aktualiserer både eit vern mot tvang til undertrykking av seksuell orientering og kjønnsidentitet og respekt for at nokon kan ønske bistand til slik undertrykking, til dømes av religiøse grunnar. Balansen mellom dei ulike menneskerettane synes vere gjeve god omsorg i arbeidet med dette notatet, inkludert ei særleg utgreiing frå Lovavdelingen. Framlegget avspeglar overordna sett ei adekvat «balansering» mellom dei ulike rettane og interessene som er i spel, som generelt òg harmonerer godt med meir prinsipielle kriminaliseringssynspunkt. Men framlegget viser samstundes at vegen derfrå til eit godt straffebod som både ivaretek lovskravet og stemmer med andre viktige strafferettslege utgangspunkt, kan vere lang. Sider av framlegget gjev grunn til ettertanke i eit lovgjevingsperspektiv og vidare arbeid med utforminga av dette framlegget i seg sjølv.
Allereie i utgreiinga til Lovavdelingen som departementet fekk, ser ein tilløp til at det strafferettslege sporet ikkje er heilt til stades, slik som når det i 4.3.1 visast til Grl. § 113 og ikkje norsk strafferett sin viktigaste paragraf, Grl. § 96, for lovskravet på strafferetten sitt område. Departementet kjem her sjølv betre på sporet (8.2), men lovskravet – i seg sjølv ein sentral menneskerett òg nedfelt i EMK art. 7 – er likevel ei av dei tyngste innvendinga mot framlegget. Framlegget bygger på ein definisjon av konverteringsterapi som «behandlingslignende handlinger som har som formål å få en annen til å endre eller fornekte [eventuelt undertrykke] sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet». Der er utfordringar knytt til sjølve fenomenforklaringa her, men for vaksne er i alle tilfelle synspunktet at slik terapi er noko ein kan samtykke til, men at «utilbørlig» slik terapi skal vere straffbart – mellom anna i tilfelle der er element av tvang eller manglande samtykkekompetanse. I denne konstruksjonen ligg det slik sett at konverteringsterapi som definert, sjølv om normativt ladda uttrykk som «fornekte» er brukt der, i seg sjølv kan vere akseptabelt. Men då er det problematisk at lovframlegget ikkje gjev noko nærare forklaring på når det vert uakseptabelt, altså kvar denne grensa går, ut over det svært skjønnsprega og enno sterkare normativt ladda uttrykket «utilbørlig». Kriteriet er meint å gje grunnlag for «en helhetsvurdering og en avveining mellom ulike interesser og rettigheter» som òg kan «endres i takt med samfunnsutviklingen» (8.3.3.2) – men i eit lovskravsperspektiv berre forsterkar det utfordringa. Framlegget har rett nok i eit eige ledd moment som særleg skal leggast vekt på i vurderinga av «utilbørlig», det vil seie «mottakers alder og modenhet, andre forhold som påvirker mottakerens evne til å forstå kva vedkommende har samtykket til, om mottakeren har vært utsatt for press eller er forledet til å gjennomgå konverteringsterapi, og om gjerningspersonen har misbrukt avhengighets-, tillits- eller maktforhold». Men det er i alle tilfelle stor forskjell på tema for vurderinga og moment i vurderinga av dette tema. Det er det første som markerer grensa mellom det straffbare og det straffrie her, og her seier framlegget berre «utilbørlig». Det er ein svært skjønnsprega terskel som ikkje gjev retning for vurderinga.
Departementet peiker i 8.3 på at lovskravet ikkje står i vegen for at eit straffebod «kan ha skjønnsmessige vilkår, som for eksempel en utilbørlighetsvurdering», og støttar seg på Lovavdelinga her. Men gjerningsskildringar bør ha større ambisjonar enn ikkje å kome i konflikt med lovskravet som eit prinsipp som bør ivaretakast i stå stor grad som mogleg. Gjerningsskildringa skal «være så klar at det i de fleste tilfeller ikke vil være tvil om en handling rammes av regelen», sjå mellom anna HR-2020-955-A avsnitt 22, ein standard dette framlegget etter mitt syn ikkje når opp til. Lovteksten bør derfor ha tydelegare forklaringar på kva som særpregar dei handlingane som fell innanfor det straffbare enn berre å stole på eit utilbørlighetskriterium i seg sjølv som grense her. Her bør ein vurdere å artikulere eit meir informativt svar til borgaren på kvar grensa eigentleg går. I notatet er det på fleire punkt formuleringar om grunngjevinga for straffebodet som i så måte kan løftast opp i gjerningsskildringa for å gje betre retning for den, til dømes i form av alternativ som «klart er egnet til å krenke personens seksuelle integritet», «skade personens kjønnsidentitet» eller «utføre behandlingslignende tiltak rettet mot å endre en annens seksuelle orientering eller kjønnsidentitet på en måte som er egnet til å krenke eller skade vedkommendes psykiske helse straffes». På denne måten får ein meir forklaring på kva som er problemet med den typen handlingar som lovgjevar vil ramme, noko som er essensielt i eit lovskravsperspektiv. Ut frå framlegget synes det nettopp vere skiljet mellom på den eine sida, frivillig å få bistand til (å forsøke) å endre sin eigen kjønnsidentitet og på den andre sida, det å verte gjenstand for slik «terapi» på eit sett som krenker vedkommande sin seksuelle integritet og sjølvbestemmelsesrett – til dømes i form av nedlatande, fordømmande eller krenkande omtale av vedkommande sitt sjølvbilete og seksuelle identitet og/eller mot personar som ikkje har samtykka eller ikkje har samtykkekompetanse – av ulike grunnar som misinformasjon, tvang etc.
Men det kan rettast ytterlegare innvendingar mot framlegget. Felles for dei eg vil trekke fram, er at dei viser at framlegget – kanskje på grunn av dei mange og krevande menneskerettslege aspekta ved tematikken? – ikkje er godt integrert i det strafferettslege systemet av prinsipp, reglar og den indre samanhengen mellom dei. Det avspeglar seg på noko ulike måtar, med ulik innverknad.
Til dømes er eit sentralt tema i departementet sitt framlegg er om det absoluttet vernet mot konverteringsterapi skal gjelde for alle barn, altså til og med 18 år, eller om barn mellom 16 og 18 år skal ha eit visst høve til å samtykke til slik terapi slik vaksne har. Departementet har landa på 18 år som grense, noko som i seg sjølv synes adekvat. På dette punktet er det i høyringsnotatet vist til fleire relevante grenser, slik som retten til ved 16 år å samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 første ledd bokstav b) («den helserettslige myndighetsalderen»), aldersgrensa for sjølvbestemt rituell omskjæring på 18 år etter lov om rituell omskjæring av gutter § 8 første ledd, og retten til fritt å melde seg inn eller ut av trusamfunn etter fylte 15 år etter trossamfunnsloven § 2 («den religiøse myndighetsalderen»). Frå eit strafferettsleg perspektiv er det likevel noko underleg at argumentasjonen ikkje òg er knytt til det at vi har ei seksuell lågalder på 16 år (som kjem til uttrykk særleg i straffelova § 302). Utan at det treng vere eit avgjerande argument, ville det i alle fall vere nærliggande å reflektere over kva denne grensa tilseier for spørsmålet. Etter mitt syn gjev den støtte til 18-års grensa som departementet har landa på: Gjeve lågalderen på 16, vert alderen mellom 16 og 18 år ein «debut- og utprøvingsperiode» i den unge sitt liv, som bør skjermast, og med tanke på å utvikle og identifisere sitt seksuelle liv.
I samanhengen legg eg til at når det kjem til gjerningspersonen sin kunnskap om alderen til den som vert utsett for terapi, har departementet vurdert det som tilstrekkeleg med svært låg grad av uaktsomhet, jf § 308 første setning og viser til bestemmelsen om menneskehandel, sml. § 257 tredje ledd andre setning. Men dette strenge aktsemdskravet er primært brukt for meir alvorlege brotsverk, i kapittel 26 om seksualbrotsverka i brotsverk som rettar seg mot krenkingar av barn under 16 år, tilsvarande i § 262 andre ledd om brot på ekteskapslova i form av inngåing av ekteskap med barn under 16 år/etablering av ekteskapslignende forbindelse som nemnt i § 253 med strafferamme på fengsel i inntil 3 år, medan § 257 om menneskehandel for sin del har ei strafferamme på 6 år – 10 år ved grove tilfelle etter § 258. Utan å avdramatisere alvoret i det her føreslåtte straffebodet, er det grunn til å peike på at det har ei strafferamme på bot eller fengsel i inntil 1 år – og er av lovgjevar dermed vurdert om ikkje så alvorleg som til dømes menneskehandel. Allereie det å ha eit aktsemdskrav er eit unntak frå dekningsprinsippet, og det er uheldig om særordninga med eit slikt svært strengt krav til aktsemd vert «standarden» berre fordi det er straffebod som vernar barn. Her er det dermed grunn til å spørje om det ikkje vil vere tilstrekkeleg med eit meir generelt aktsemdskrav, noko som i seg sjølv altså vil vere eit unntak frå § 21 jf. § 25.
Størst spenning med meir grunnleggande strafferettslege utgangspunkt er der likevel i framlegget om ei særleg medverknadskriminalisering. Her (9.1.1) drøftast tilfelle der den som utfører konverteringsterapien er uvitande om at den som vert gjenstand for den deltek på grunn av press frå andre eller at andre har «forledet» vedkommande. Den som presser eller forleder kan, vurderer departementet, ikkje straffast som medverkar fordi hovudpersonen ikkje har forsett om den som undergår den, ikkje gjer det frivillig. Det gjev i sin tur opphav til særlege medverknadstillegg i framlegget. Men utgangspunktet er i seg sjølv ikkje riktig. Det gjeld ikkje eit krav om at hovudpersonen oppfyller alle ansvarsvilkåra for at vi skal ha med ein «overtredelse» i § 15 si meining. Dersom nokon av andre er tvunge til å delta i slik terapi, vil det vere ei krenking av vedkommande og å straffe som medverknad – uavhengig av om hovudpersonen er klar over bakgrunnen eller ikkje. Det tyder sjølvsagt ikkje at kriminaliseringa vert «feil». Den kan godt stemme i resultat med det som elles ville følgje av den alminnelege medverknadslæra. Men frå eit strafferettsleg perspektiv er det same kva grunn til å åtvare mot slike systemavvikande særreguleringar. Dei bidreg til å komplisere strafferetten på eit vis som gjer den vanskelegare både å lære inn og gjere bruk av i praksis. Det er i seg sjølv ei rettstryggleiksutfordring. Derfor bør det på nytt vurderast kva behov der eigentleg er for særløysingar på medverknadsproblematikken.
Framlegget si mindre gode forankring i medverknadslæra får òg andre utslag, særleg då framlegget tilsynelatande set grenser for medverknadsansvaret som ikkje følger av den allmenne medverknadslæra, utan at eg ser gode grunnar for det. Utgangspunktet er at konverteringsterapi retta mot barn under 18 år er forbode. I 9.2.1 hevdast det så at det å bidra til det berre bør vere forbode dersom det vert nytta «forledelse eller utilbørlig press»:
«Dersom for eksempel en forelder uten å forlede barnet og uten å utsette barnet for utilbørlig press tar barnet med til en religiøs leder for at barnet skal motta konverteringsterapi og den religiøse lederen avviser dem fordi dette vil være en ulovlig handling, vil foreldrenes handling etter departementets syn ikke være av en slik karakter at den bør straffes. Dersom foreldrene derimot bruker forledelse eller utilbørlig press som virkemiddel, er dette såpass klanderverdig i seg selv at handlingen bør kunne straffes som forsøk på medvirkning til konverteringsterapi.»
Men det er ei innsnevring som ikkje følger av det allmenne medverknadsansvaret. Er det forbode å utføre konverteringsterapi på barn under 18 år, så bør det òg reknast som medverknad å ta barnet med til slik terapi. Avviser «den religiøse lederen» det, så har vi (eller i alle fall, bør ha!) med eit tilfelle av forsøk på medverknad å gjere.
Samla sett er altså framlegget, trass i gode intensjonar og adekvate utgangspunkt, for lite integrert i det strafferettslege systemet og viktige utgangspunkt der, som i seg sjølv tener mange viktige føremål. God straffelovgjeving er ikkje berre gode idear og vurderingar, men pleier òg strafferetten som system. Her har framlegget ein del å gå på.
(Innlegget på høyringsmøtet i regi av Kulturdepartementet 21.09.2021 var ein forkorta versjon av dette innlegget.)
Bli første kommentator