Dyr i strafferetten

Strafferetten har aldri stått stille. Det som ein gong såg ut som trivialt og ønskeleg kan no vere vurdert som særs alvorleg, slik til dømes slaveri no er å vurdere som særs alvorleg. Det som ein gong såg alvorleg ut, er det kanskje ikkje lenger, slik blasfemi kan illustrere. Mellom slike endringar, ligg der ofte lengre historiske epokar, der samfunn og verdisyn endrar seg gradvis og tidvis umerkeleg. Synet på kvinner sitt vern mot seksuelle overgrep har til dømes endra seg i takt med større sosiale endringar, knytt til mellom anna likestilling.

Oppfatninga om dyr og handlingar mot desse, endrar seg òg. I eldre tider vart dei tidvis halde strafferettsleg ansvarlege og avretta for brotsverk, slik skildra i den klassiske studien av Edmund P. Evans, The Criminal Prosecution and Capital Punishment of Animals (tilgjengeleg her). Som det går fram av tittelen, fekk dyr tidvis dødsstraff og vart avretta for «brotsverk» slik som å skade nokon med eit spark eller anna vill åtferd.  Seinare gjekk ein vekk frå dette, då det vart tydlegare at straff handlar om klander og at slik klander berre kan rettast mot moralsk autonome individ, altså (vaksne) menneske.

Strafferetten handlar samstundes om det ein kan klandrast for. Drap, vald og overgrep er døme på det. Men kva når det er dyr som er gjenstand for handlingane? Historisk har det mest vore rekna som skadeverk, tjuveri eller anna krenking av eventuell eigar av dyra, enten det er skogeigaren eller innehavaren av kjæledyr. Men her skjer det endringar. Styrking av vernet om dyr er klart, og dyrevelferdslova er i dag tydleg på at dyr har «egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker», som det heiter i § 3, der det vidare står at «[d]yr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger».

Denne endringa avspeglar seg òg i rettspraksis, til dømes i straffutmåling i saker etter dyrevelferdslova. I til dømes HR-2016-295-A gjorde Høgsterett ei markert skjerping for dyrevelferdsmessig uforsvarlig avliving av ein hund. Faktum vart der omtala slik (sjå avsnitt 8 i avgjerda):

«Natt til torsdag 17. juli 2014 på Krapfossbrua i Vålerveien i Moss kommune, avlivet han blandingshunden Lukas, ved at han bandt båndet til hunden fast i et betongrør han fant på stedet, for deretter å kaste hunden bundet fast i røret fra ca. 6,5 meter og ned i Vansjø, slik at hunden ble dratt ned under vannflaten av betongrørets vekt og døde av drukning. Han avlivet og håndterte derved hunden i forbindelse med avlivingen på en måte som medførte unødvendig dødsangst samt store og smertefulle påkjenninger for hunden både forut for og ved dødstidspunktet.»

Høgsterett fann i utgangspunktet fengsel i 120 dager eit passande utgangspunkt for forholda i saken.

Der er mange interessante aspekt ved denne dommen, som avspeglar vårt i dag noko ambivalente forhold til dyr. Den markante straffekjerpinga samanlikna med lova frå 1974, viser korleis vi har endra vår oppfatning om slik behandling av dyr.  Samtidig er det tale om «forsvarleg avliving», ein uttrykksmåte som naturlegvis ikkje er tenkeleg for omgangen mellom menneske. Og mellom dette ønsket om vern og synet på dyr som eit objekt, får vi nettopp slike litt paradoksale variantar som denne dommen – Lukas-dommen, som den er blitt kjent som, der Høgsterett finn grunn til å omtale hunden som vart avliva med namn. Det er jo høgst uvanleg for menneske, der uttrykk som A og NN typisk sett vert bruk, og slik sett kanskje eit retorisk verkemiddel for Høgsterett for å forsvare straffeskjerpinga. Denne framhevinga av namnet er slik sett symptomatisk for vår ambivalente haldning til dyr – kjæledyr særleg . Vi ser slektskap med, men ikkje nødvendigvis identitet med dyr. Våre vener frå den andre sida, som den tyske strafferettsteoretikaren Claus Roxin har omtalt dei som, er nettopp frå den andre sida. Lukas-avgjerda er samstundes berre ei av mange saker som vi kan analysere i slikt lys.

Strafferetten si utvikling her kan ikkje forståast og heller ikkje rettleiast utan at vi reflekterer over våre eigne haldningar omkring dyr og handtering av desse. I så måte er det grunn til å sjå fram til Martha Nussbaum si Holbergførelesing den 8. juni og å lese til dømes hennar tekst om Full article: Working with and for Animals: Getting the Theoretical Framework Right (tandfonline.com) – ikkje for at ho nødvendigvis har svara, men for at vi får hjelp til å forstå, reflektere og utvikle våre eigne argument og synspunkt. Kanskje er det behov for ytterlegare reform på området, slik alt den kjende retts- og moralfilosofen Jeremy Bentham argumenterte sterkt for i si tid, og kanskje ikkje.

Men det er i alle fall ingen grunn til å tru at synspunkta vil stå stille på dette området. Få av oss kan vel skryte av å ha heilt koherente førestillingar på området, ei heller Høgsterett. Det vi lærer om dyr, deira rolle i naturen og deira eigenskapar utfordrar oss i alle fall. Endringar i retning av eit meir klimatisk og økologisk forsvarleg syn på menneskeleg aktivitet gjer det same. Det er inga overdriving å seie at det å finne dyr sin plass i strafferetten ei av dei mest interessante og utfordrande strafferettsteoretiske problemstillingane vi i dag har framfor oss, og filosofien med sitt strengare krav på analytisk klarheit og koherens vil vere oss til god hjelp òg her.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.