Meir om rusreforma

Rusdebatten rasar vidare. I helga hadde nrk.no eit oppslag med meg der mine vurderingar av rusreforma var tema, sjå førre innlegg på bloggen her. Her skal eg fylle ut litt, med utgangspunkt i eit fascinerande trekk ved diskusjonen, som synes å foreine tilhengarar av regjeringa sin rusmodell og dei «på den andre sida» som er imot den: Viljen til å individualisere reguleringa av mindre omgang med narkotika, ei vilje eg ikkje i same grad deler.

Regjeringa sitt framlegg går langt i å binde saman forbod, sanksjon og helsetilbod – ein premiss som frå starten av har vore baka inn i prosjektet. Alt i mandatet til rusreformutvalet heitte det at utvalet skulle ta stilling til «hvilke tilbud/sanksjoner som skal gis» (gjengjeve i NOU 2019: 26 s. 19). Som eg tok for meg i mitt innlegg for rusreformutvalet i deira møte her på fakultetet i 2019, er dette ei av fleire oppsiktsvekkande formuleringar i mandatet. Tilbod til borgarane og sanksjonar mot dei, er ganske enkelt for ulike saker til at dei kan samanstillast slik. Tilhengarane av kriminalisering har for sin del ein sterk vilje til å bryte med ein god del sentrale utgangspunkt for strafferetten i kampen mot narkotika. Krigen mot narkotika er ei lang historie om det. I dag spelar det seg ut i ein trong til å oppretthalde ei kriminalisering av ei handling som vanskeleg kan seiast å representere slik skade- eller fare for andre, og vidare å pakke på særløysingar som skal hindre urimelege utslag av dette i seg sjølv urimelege utgangspunktet.

Denne unisone viljen til å søke slike særlege løysingar i narkotikafeltet bør få oss til å stoppe opp og spørje kvifor vi har hamna her, og om vi ikkje bør ta nokre steg tilbake for å sjå klarare og meir generelt på dette reguleringsområdet.

Det som er rett, er at reguleringsområdet er komplekst. Narkotika skaper store helseproblem. Det er ei utfordring for både individ og samfunn. Det er viktig med helseretta tiltak til tunge misbrukarar. Barn og unge er særleg utsette og bør skjermast frå narkotika i størst mogleg grad. Narkotikaproblemet er forbunde med mange alvorlege handlingar, særleg i ledda fram til brukaren. Men i staden for å dra oss i retning av å lage ei regulering som søker å ta omsyn til så mange og ulike omsyn, kan det vere at vi skal akseptere at ei kvar regulering av eit slikt komplekst område vil vere utilfredsstillande, og at dei «vanlege» utgangspunkta samstundes har sin verdi.

Rettsordninga vår bygger på at det er forskjell på forbod og sanksjonar knytt til desse, og tilbod til borgarane. Og forskjellen er viktig av fleire grunnar. Ein av dei er erfaringane vi har med samanblanding av dei, mellom anna frå ulike former for «behandllingsstrafferett». Det som ofte er presentert som konstruktive og velmeinande sanksjonar, endar ofte opp med å vere ressurssvake ordningar som blandar gulrot og pisk, iblanda med stort innslag av skjønn for dei som skal drifte ordningane. Det går som oftast ut over individet som vert gjenstand for ordningane. Slik sett gjer vi lurt i å ha eit klarare skilje mellom sanksjon og tilbod enn det rusreforma så langt har lagt opp til.

Dersom målet med rusreforma er å skifte heilt til eit helsespor, å hjelpe flest mogleg av rusbrukarane til eit betre liv, så bør ei dermed ta steget lenger og fokusere åleine på styrka helsetilbod. Ordninga med gebyr for manglande oppmøte som føreslått i Prop. 92 L (2020-2021) er ei ganske så uheldig ordning. Det ein her kommuniserer er at ein får betale om ein ikkje aksepterer i alle fall første steg på hjelpestigen. Tvangselement knytt til helsetilbod bør reserverast for dei meir alvorlege tilfella, slik som tvunge psykisk helsevern og liknande.

Ordninga med gebyr synes snarare som eit slags kompromiss for å ha helsesporet i fokus, men samstundes å få med eit slags sanksjonselement i reguleringa. Men dersom ein meiner at det å ha mindre omgang med narkotika ikkje fortener sanksjon, kvifor skal ein ha sanksjon for ikkje å følgje opp hjelpetilbod i forlenginga av den? Vurderer ein først det som å vere grunn til å sanksjonere handlinga, så får sanksjonen som eg har føreslått knyttast nettopp til den handlinga som ein meiner gjer grunnlag for det. I dette tilfellet er det i så fall den mindre omgangen med narkotika som vi snakkar om.

Her bør vi vidare vurdere spørsmålet ut frå eksisterande «sanksjonsregimer»; strafferetten og forvaltningsretten, og førstnemnte er for tungt skyts her. Då er forvaltningsreaksjonar – administrative overtredelsesgebyr – alternativet. Dette er ein anna type sanksjon. Den impliserer ikkje ein slik «moralsk sensur» av borgaren som straff gjer, men er snarare ein meir sosialteknisk form for handlingsregulering. Då staten har ansvar for sosial ro, orden og tryggleiken, har den ein vid kompetanse til å regulere ulike marknader og aktivitetar, som ein altså kan sjå narkotikaproduksjon, omsetning og erverv som døme på, og bruke forvaltningssanksjonar som verkemiddel til å «dytte» borgarane i retning av å respektere. Den som bryt slike reglar, gjer så å seie ikkje noko synd mot andre borgarar, men snarare ein ulydnad med det Johs. Andenæs kalla den gode borgaren sin katekisme: å respektere reglane av respekt for staten sin rett til å organisere samfunnet. For meg synes det som det adekvate utgangspunktet for sanksjonering av mindre omgang med narkotika. Samstundes er òg det eit inngrep overfor borgaren, som ikkje bør skje utan rettstryggleiksgarantiar tilpassa sanksjonen, inkludert krav til bevis, noko som er eit viktig siktemål med framveksten av eit meir generelt system for ilegging av slike i forvaltningslova.

I så måte er det overraskande å sjå nokre forsvare regjeringa sitt framlegg som ein «omgåing» av beviskravet fordi det formelt ileggast for manglande oppmøte. Poenget er vel nettopp at beviskrava er som dei er, fordi dei er generelt ei forsvarleg avveging av omsynet til effektiviteten til forvaltningsreglane og omsynet til borgaren mot å verte ilagt det uriktig grunnlag. Og tilsvarande overraskande er det at enkelte argumenterer mot ordninga eg tek til orde for meg at reaksjonen vert vil verte ilagt i få saker. Men kvifor skal vi på dette området sette omsynet til høgfrekvent sanksjonering framfor dei rettstryggleiksstandardane som elles gjeld? Det er snakk om ei handling som i seg sjølv er relativt lite alvorleg.

Det underliggande omsynet synes nettopp vere elementet av helseomsyn – å få brukarar inn i helsesystemet. Men det er etter mitt syn altså eit problematisk føremål å legge til grunn for utforminga av eit sanksjonssystem, og ei slik målsetting bør søkast oppnådd gjennom samtykkesbaserte tilbod. At ordninga med ein forvaltningssanksjon ikkje fører til hyppig sanksjonering, er slik sett like greitt (og heller ikkje uvanleg ved slike «masseovertredelser» som desse reaksjonane typisk sett rettar seg mot).

Dei generelle utgangspunkta har dermed ein del for seg, som er verdt å ta med seg inn i reguleringa av mindre omgang med narkotika: Vi opprettheld i større grad det viktige skiljet mellom forbod/sanksjonar på den eine sida, og samtykkesbasert helsetilbod på den andre. Vi i får ei regulering som tydleg markerer det uønska ved involvering i ein ikkje-regulert og skadeleg narkotikamarknad. Vi får ei regulering  som spelar på eksisterande sanksjonsordningar, der dei ulike omsyna og interessene og avvegingane mellom desse vert tydlegare, og der rettstryggleiksomsyn er tenkt gjennom og utforma på meir generell basis. Og vi kan samstundes vere tydleg med at vi i nokre tilfelle ønsker å overstyre sanksjoneringa, av omsyn til utsette grupper og for å legge til rette for helsetilbod.

Alle desse trekka speglar meir grunnleggande aspekt og kvalitetar i rettsordninga, som vi gjer lurt i å verne om. Ofte når vi ønsker sterkt å endre på noko uheldig er vi blinde for kva vi vender oss mot. Samansyinga av politi-rusnemnd-sanksjon for manglande oppmøte-eventuelt frivillig oppfølging i regjeringa sin reform, kan lett verte berre nok eit steg i retning av den type tvangsbasert paternalisme som vi allereie ser mange ulykkelege trekk av i retten allereie. Ved å halde fast ved dei generelle utgangspunkta og systema, som er utvikla på meir generell basis og dermed berarar av breiare innsikter og erfaringar, får vi ein viss tryggleik for at vi ikkje i alle fall spring for fort inn i det. Så får vi med det kanskje ikkje den styrkinga av helsesporet som tilhengarane av regjeringa sitt reformframlegg ønsker seg. Men erfaringar tilseier at resultatet av ein slik reform ikkje i praksis vil svare til forventingane same kva. Det viktigaste i denne omgang synes å vere at vi får gjort opp med ein urettferdig tung intervensjon av politi og straff mot brukarar og slik sett teke steg i retning av ei meir balansert regulering av mindre omgang av narkotika.

Når eg uttalar meg om rusreforma, understreker eg alltid at eg ikkje er rusforskar og har arbeidd med strafferett og samanhengen med anna regulering mest frå meir generelle perspektiv. Og det som eg har lært av det perspektivet, er å ha med seg i slike diskusjonar ein god dose skepsis til «den gode stat», og det avspeglar seg altså òg i dette innlegget.

 

 

 

 

 

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.