Utfyllande kommentar til LH-2021-24720 (Tonje-saka)

Saka LH-2021-24720 som først vart omtala av NRK, har fått stor merksemd og mellom anna reist spørsmål om lovendring. Som eg alt har uttalt meg om i media, er avgjerda til lagmannsretten rett når det kjem til § 295: Uttrykket «sårbar livssituasjon» legg ein viss terskel på kva slags sårbarheit som kan aktualisere vern etter § 295 bokstav c). Men som eg òg har teke til ordet for i andre samanhengar, med tanke på endring bør ein gjere ein meir heilskaplege gjennomgang, slik Straffelovrådet er i gang med. Saka kan nettopp illustrere behovet for eit heilskapleg blikk på seksualstraffelovgjevinga, òg om gjeldande rett – noko som tidvis synes mangle òg i praksis.

I saka vart det teke ut tiltale for brot på § 295, som dei tiltalte altså vart frifunne for, og for den eine, etter § 311, der det vart domfelt til ei straff på 21 dagars fengsel. Men sjølv om det med rette vart frifunne etter § 295, står det att to spørsmål som ein ikkje får svar på i alle fall ved lesing av lagmannsrettsavgjerda.

For det første, når det gjeld det første overgrepet mot den fornærma, så merkar ein seg at det vart nytta vald mot jenta. Sitert frå lagmannsrettsavgjerda:

«Han gikk ut, og kom tilbake med en kondom som han tok på seg. Deretter gjennomførte han vaginalt samleie med henne. Fornærmede forklarte at hun husket at B slo henne med flat hånd på baken/hoften under samleiet, og at det var ganske hardhendte slag. … den kronologisk første av filmene  … viser at fornærmede allerede hadde tydelige røde merker på rumpa/hofta. Dette er i tråd med hennes forklaring om at B slo henne under samleiet. I tråd med fornærmedes forklaring legger lagmannsretten til grunn at hun fikk merkene fra B, og ikke da hun og vitnet D hadde samleie tidligere på kvelden ..»

I lys av det kan ein sakne ei nærare vurdering av bruk av § 291. Det synes som at fornærma ikkje var så rusa at vedkommande var i ein «ute av stand»-tilstand etter § 291 bokstav b). Men etter § 291 bokstav a) er det å rekne som valdtekt om nokon «skaffer seg seksuell omgang ved vold eller truende atferd». Her tenker ein typisk sett på tilfelle der valdsbruken er den avgjerande måten ein oppnår den seksuelle omgangen, men utgangspunktet etter den strafferettslege årsakslæra er at det er tilstrekkeleg at valden har verka med til den seksuelle omgangen som skjer. Og det er ikkje til hinder for å dømme for valdtekt at valden først har skjedd under samleiet og bidreg til vidare gjennomføring av det. Det synes ut frå faktum vere grunnlag for òg å konstatere at samleiet skjedde utan samtykke, då fornærma for det første sa nei, og så vart dregen inn på soverommet (noko som i seg sjølv nærmar seg «vold» i § 291 si meining). I tillegg var fornærma så rusa at det kan stillast spørsmål ved om ho, sett i lys av alderen, i det heile var samtykkekompetent. I tilfelle synes det òg kunne ha vore grunnlag for forsett om alle desse omstenda. Mangla det siste, kunne § 294 om grovt uaktsam valdtekt vore aktuell.

Vi er nok i eit tilfelle i ytterkanten av det § 291 bokstav a), eventuelt § 294, rammar, men det er i alle fall etter gjeldande rett ikkje openbert at det fell utanfor. Det kan tilseie at dette spørsmålet burde ha vore prøvd. Eg kjenner ikkje prosessgangen i saka, og der kan vere bevismessige grunnar til at det ikkje er tiltala etter § 291. Men kanskje har ein òg for denne tiltalte for raskt snevra inn på § 295 som det mest aktuelle straffebodet. Same kva, så kan saka her illustrere at det tidvis er ei krevande og lite føremålstenleg avgrensing av valdskriteriet i § 291 som vert avgjerande for rekkevidda av valdtektsstraffebodet. Som hevda i andre tekstar eg har skrive om emnet, så bør det her vere tilstrekkeleg at jenta avviste den seksuelle omgangen – om ho vart drege lett eller hardt inn på rommet, og kor og når i hendingsgangen ho vart slått, synes underordna samanlikna med at ho klart motsette seg handlingane.

Sjølv om det ikkje skulle vere grunnlag for å konstatere valdtekt forsett, og § 295 samstundes er utelukka, så er det for det andre grunn til å spørje kvifor ikkje § 297 i alle tilfella er aktualisert i saka. Sjølv om det var tale om eit samleie, og dermed «seksuell omgang», så vil det alltid inkludere det straffelova reknar som «seksuell handling», og då er det tilstrekkeleg at det mangla samtykke for å domfelle etter paragrafen. Det vil òg vere same «forhold» jf. straffeprosesslova § 38 , slik at det kunne domstolen dømt for sjølv om det var tiltala etter § 295. Sjølv om straffa er markant lågare ved brot på § 297 enn for både § 291 og § 295, kan ein ofte få inntrykk av at § 297 vert lett gløymt i praksis. At det skjedde i denne saka, der det var så stort fokus på den nedre grensa for§ 295 sett opp mot handlingar som domstolen vurderer som «sterkt klanderverdige og straffverdige» gjer det samstundes vanskeleg å forstå i denne saka. Det store spranget ned til § 297 i straffenivå, for det tilfelle at den vart brukt, er samstundes eit ytterlegare uttrykk for at systemet som heile ikkje er slik det burde vere.

Desse refleksjonane er gjort ut frå ei lesing av avgjerda åleine og er spørsmål som eg som lesar av avgjerda sit att med – men då utan det fulle premissgrunnlaget og er slik sett ikkje eit standpunkt til den konkrete saka. Men spørsmåla er påtrengande, og skulle merknadane mine vere treffande, så har vi kanskje her noko av forklaringa på kvifor seksualstrafferetten igjen ser så feilaktig ut for det offentlege ordskiftet. Ein samla gjennomgang med eit betre ordna system som resultat er nødvendig og kan i sin tur ikkje minst bidra til at reglane vert betre nytta i praksis. Utfordringane i seksualstrafferetten i dag er slik sett i høgste grad samansette.

 

 

 

 

 

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.