Kursjustering? Høgsterett om normalstraff for valdtekt i HR-2022-2225-A

Saka i HR-2022-2225-A omhandla eit tilfelle av valdtekt av ei kvinne som var sovande og dermed «ute av stand til å motsette seg handlingen» (§ 291 bokstav b). Bakgrunnen for overgrepet var at dei to hadde over lengre tid vore vener og denne kvelden hadde vore på byen og drukke saman. Dei returnerte til dit kvinna budde og skulle sove i same seng, men med ein klar føresetnad frå fornærma om å ha kvar sin del av senga. Det var ikkje noko intimitet mellom dei. Seinare vakna ho av overgrepet, og vreid seg då inn til veggen slik at gjerningspersonen sin finger/fingrane gjekk ut av skjeden. Ho gjorde motstand då han forsøkte å vri henne tilbake. Tiltalte erkjente ikkje straffeskuld, men gav seinare i ein Snapchat-samtale uttrykk for å ha angra på det som hadde hendt den natta.

Innføring av ein eller fleire fingrar i fornærma sin skjede omfattast ikkje av § 292, strafferamma på 3 til 15 år og heller ikkje den «normalstraffa» på 4 år som er førearbeida til straffelova sette for desse tilfella og som seinare er følgt opp av Høgsterett. Kor vidt det er rimeleg at til dømes innføring av (ein kvar slags) gjenstand omfattast av § 292, medan innføring av ein eller fleire fingrar ikkje er omfatta, kan diskuterast. Klart er det i alle fall at det ikkje bør vere noko stort sprang i straffa for desse ulike tilfella. Av den grunn har Høgsterett utvikla seg ei «normalstraff» på 3 år og 3 månader som eit retningsgjevande utgangspunkt, sjå særleg Rt. 2013 s. 848.

Den normalstraffa var eit sentralt tema for Høgsterett, som i  denne saka delte seg i eit fleirtal på fire og eit mindretal på ein dommar i straffutmålinga.

Mindretalet sitt resonnement (avsnitt 58-83) er ganske rett fram: Normalstraffa kjem til bruk når den aktuelle fysiske krenkinga er innføring av ein eller fleire fingrar, og det krev særlege omstende for å kome under (eller over) det straffenivået. Eit visst avslag i straffa var det grunn til, då vedkommande i ettertid hadde forenkla bevissituasjonen gjennom innrømminga. Formildande omstende var det derimot ikkje: Det var ikkje rimeleg å omtale overgrepet som ei «impulshandling», og alderen til tiltalte (som hadde passert 20 år), var for høg til at den kunne få betydning. På den andre sida hadde overgrepet skjedd i fornærma sin heim, av nokon fornærma stolte på. Sjølv om det var skjerpande, så var det likevel ikkje tilstrekkeleg tungtvegande grunnar for å gå over normalstraffa.

Påtalemakta hadde rett nok vore av det syn at straffa frå lagmannsretten, som var i tråd med normalstraffa på 3 år og 3 månader, var for høg og tok til orde for ei straff på 2 år og 5 månader. Mindretalet forstod det som ei kursomlegging som mindretalet ikkje fann rom for: Det var ei lovgjevaroppgåve å endre kursen her, i form av lovendringar eller klare lovgjevarsignal. Mindretalet peika på at Straffelovrådet er gjeve i oppdrag å vurdere minstestraffa.

Kva så med fleirtalet? Resultatet er klart: Fleirtalet sette straffa til 2 år og 5 månader, i tråd med aktor sin påstand og klart lågare enn normalstraffa i utgangspunktet skulle tilseie. Resonnementet er meir komplisert: Det er ikkje teke eit markert oppgjer med den normalstraffa. Fleirtalet si grunngjeving går i staden langs to parallelle spor. Dels tolkar fleirtalet normalstraffa til primært å ta utgangspunkt i tilfelle der det er meir element av integritetskrenkingar enn det er i denne saka, og dels fann fleirtalet fleire formildande omstende i denne saka enn det mindretalet gjorde. Argumentasjonen langs begge spora kan problematiserast.

Om «normalstraffa» for brot på § 291 åleine, startar fleirtalet med fleire poengteringar, men eit sentralt poeng for fleirtalet er at normalstraffa generelt er fastlagt i saker der det er andre krenkande omstende. Samstundes understrekar fleirtalet at normalstraffa ikkje skal vere til hinder for konkrete vurderingar med utgangspunkt i «det strafferettslige forholdsmessighetsprinsippet» (avsn. 43), noko som førte over til den konkrete vurderinga av handlinga som nettopp omtala. Det siste er openbert eit viktig poeng å understreke. Spørsmålet er likevel om fleirtalet har rett i si forståing av normalstraffa.

Fleirtalet sitt utgangspunkt for forståing av normalstraffa synes vere at lovgjevar sine straffeskjerpingar var først og fremst retta mot saker som har preg av «skremmende» opplevingar, eit uttrykk som vert brukt både i omtalen av Rt. 2004 s. 32 og Rt. 2003 s. 495 (avsnitt 22-23). I omtalen av normalstraffa etter § 292 er det framheva tilfelle der det mellom anna er stor aldersskilnad på dei involverte, i form av at gjerningsperson er ein (i det eine tilfellet, godt) vaksen mann som utfører overgrep mot ei ung kvinne, utan at det var noko nærare relasjon mellom dei involverte (avsn. 29-30). Fleirtalet går så vidare til rettspraksis om normalstraffenivået, og startar med Rt. 2013 s. 848, der normalnivået på 3 år og 3 månader vert fastlagt, som vert omtalt som «et svært alvorlig forhold begått under skremmende omstendigheter» (avsnitt 36). På denne måten fekk fleirtalet «dytta» normalstraffa vekk frå det reine fokuset på karakteren av sjølve det seksuelle overgrepet – innføring av finger, av gjenstand, samleie etc. – og i retning av å ta utgangspunkt i tilfelle som er «skremmende» eller har anna karakteristikkar. I og med at dette normalnivået var fastlagt av Høgsterett sjølv, måtte domstolen sitt ansvar for å forvalte det nyansert «gjelde desto mer» (avsnitt 45 og 46).

Utfordringa her er likevel at ser ein til dømes på Rt. 2013 s. 848, så uttrykker Høgsterett seg ganske så klart slik at normalstraffa er forbunde med karakteren av det sjølve det seksuelle overgrepet, til dømes i avsnitt 19:

«Dette tilsier etter mitt syn at straffen for voldtekt i form av innføring av én eller flere fingre i skjede eller endetarmsåpning nå som et utgangspunkt må være fengsel i tre år og tre måneder

Sjå òg til dømes HR-2022-980-A og meir mindretalet sitt votum, avsnitt 68.

I den konkrete vurderinga, synes fleirtalet å dytte det konkrete tilfellet i motsett retning, vekk frå dei tilfella minstestraffa no av fleirtalet er verte forbunde med. Fleirtalet vurderte til dømes den konkrete handlinga til ei «kortvarig impulshandling» (avsn. 54): Den var ikkje planlagt og vart avbroten ved at fornærma snudde seg vekk. (Mindretalet hadde her altså ei noko anna forståing av den utførte handlinga.) Fleirtalet la vidare vekt på innrømminga, samstundes som at fleirtalet i den samanhengen peika på at det på same vis som i Rt. 2013 s. 853, var det i denne saka tale om eit overgrep «begått av en ung mann overfor en jevngammel kvinne» (avsnitt 54). Poengteringa står litt utan forklaring, men kanskje var der grunnar til den, som relaterer nettopp til måten normalstraffa som vist er forsiktig dytta i retning av noko andre tilfelle.

Det er samla sett ulike grunnar til at fleirtalet landar på ei straff i 2 år og 5 månader. Det er likevel vanskeleg å kome frå inntrykket av at fleirtalet ikkje legg opp til ei viss kursendring av straffenivået på området – av den karakter som fleire i andre samanhengar har teke til orde for (sjå til dømes Seksuallovbruddsaker: Mener lovarbeidet var elendig (advokatbladet.no)) og som har heilt klart gode grunnar for seg. Den kan kanskje best omtalast som ei form for nyansering eller relativisering av normalstraffa. Det kan synes å vere mindretalet si oppfatning òg (avsnitt 74):

«Jeg forstår førstvoterende slik at hun mener de konkrete omstendighetene rundt handlingen må tillegges større vekt enn etter rettspraksis hittil, og at dette underbygges blant annet av det strafferettslige forholdsmessighetsprinsippet

Det er noko fleirtalet gjerne kunne teke meir eksplisitt stilling til og gjerne gjeve noko meir avklaring av det som synes som det viktige retningsgjevande aspektet å sjå etter: kva ein eigentleg skal forstå som kortvarige impulshandlingar i det vi kan kalle relasjonelle kontekstar i vid forstand.

Men mest av alt er kanskje saka eit uttrykk for at sjølv om normalstraffer kan vere relevant å gjere bruk av i straffutmålingssamanheng, så bør dei på området for seksualbrotsverk i alle fall ikkje knytast for sterkt til ein karakteristikk ved overgrepet, slik som innføring av finger (i dag § 291) eller gjenstand (i dag òg § 292). Sjølv om det aspektet ved handlinga har stor innverknad på korleis eit brotsverk vert vurdert, så er seksuelle krenkingar som andre brotsverk, som ulike domstolane bør ha rom for å vurdere dei som slike. Det er vere eit viktig synspunkt for lovgjevar å ta med seg til når vi synes stå innfor ein reform av seksualbrotsverka.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.