Innlegget vart skrive i samband med seminar ved Det juridiske fakultet, UIB i samband med overlevering av festskrift til høgsterettsdommar Magnus Matningsdal. Festskriftet, der mellom anna eg og Linda Gröning diskuterer om «Styrket lovskrav – bare i Høyesterett?» har fått tittelen “Med ære og samvittighet”, og er redigert av Asbjørn Strandbakken, Per Erik Kallerud, Knut. H. Kallerud, Berte-Elen Konow og Ragna Aarli. På seminaret vart aktuelle forskingsprosjekt i strafferett presentert, og eg snakka altså om «Maktbegrepet i strafferettsvitskapen».
Eg er heldig som er med i den sterke forskargruppa for strafferett og straffeprosess ved Det juridiske fakultet, Universitetet I Bergen. Gruppa, som har mange sterke strafferettsforskarar som medlemmar, har mange og for meg berikande diskusjonar. Utan å røpe for mykje av dei interne diskusjonane i gruppa, kan eg vel avsløre at dei tidvis endar i ein konfrontasjon mellom dei som forsvarer den strafferettslege maktutøvinga og dei som stiller seg kritisk til den. Det har ofte gjeve opphav til undring i meg, fordi eg ofte må vedkjenne at begge sider har gode argument og at det slik sett vert vanskeleg å avgjere kven ein til sist skal halde med. Det kan nærast fortone seg som ein antiomi – «er motstrid mellom to dommer som hver for seg synes å ha gyldighet, slik at vår erkjennelse både føler seg tvunget til valg og er ute av stand til å velge mellom dem», slik det er forklart på Store Norske Leksikon.
Kva leier oss inn i denne opplevinga?
Diskusjonane relaterer i alle fall ofte til maktbegrepet. At det uttrykket aktualiserer seg i strafferettsleg samanheng er ikkje overrraskande, meir forunderleg vert det når ein tenker over dei mange samanhengane dei dukkar opp i og variantar av uttrykket ein ser. Det dukkar opp til dømes i samband med saker som vi typisk sett verdset, slik som statsmaktene – som jo er representert her på seminaret, maktfordelingsprinsippet, politimakt – som Gert Johan Kjelby har undersøkt i sitt prosjekt, og gradvis i samanhengar der uttrykket får meir negative konnotasjonar, slik som når det vert tala om ein maktkamp mellom Stortinget og Høgsterett, maktmisbruk, og til og med dukkar uttrykket opp i strafferettslege reglar, slik uttrykket overmaktsforhold i straffeloven § 295 representerer.
Med eitt tenker ein kanskje på makt som fysisk makt, men igjen møter vi eit språkleg mangfald, for vi snakkar jo òg om slikt som politisk makt, sosial makt og økonomisk makt, og i nyare tid har òg førestillingar om psykisk makt fått større merksemd, eit uttrykk som kanskje kan seiast å vere det dagens jubilant sjølv hadde i tankane når han var førstvoterande i Rt. 2002 s. 1526 (s. 1529, kursivert her), der det er uttalt som del av omtale av seksualbrotsverka i saka:
«Deres deltakelse var utelukkende motivert av et sterkt ønske om å bearbeide det traumet som A angivelig hadde funnet. Hvilken makt han hadde over dem illustreres av at B og C lot den utuktige omgangen foregå over nærmere ti år, og at B i en periode reiste fra X til Y for å få behandling. C flyttet endatil til Y for å fortsette behandlingen da A flyttet dit»
Og vi kunne halde fram med å finne uttrykk som relaterer seg til «makt», slik til dømes dette føredraget av ein annan høgsterettsdommar, Bergljot Webester, tek for seg «Domstolene – makt og motmakt«.
Kva er så «makt»? Det er eit av dei uttrykka som ein kjenner seg så sikker på kva det betyr, heilt til ein tek til å undersøke det, då det nærast magisk går i oppløysing og vert erstatta av ukunne. Kva makt er og kva som er god og dårleg makt og maktutøving – frå individ, føretak og det offentlege, statsmaktene inkludert synes vere komplekst og tidvis subtilt. Eg har i alle fall ikkje eit svar på det og om vi går til fagdisiplinen strafferettsvitskap og spør om vi har eit klart begrep om makt å navigere ut frå i våre diskusjonar, så trur eg vi må vere ærlege og svare nei.
Men rettsordninga og strafferetten særleg er kanskje til sist eit rammeverk som bygger på makt, er uttrykk for makt, set rammer for makt i samfunnet og òg å verne oss mot uønska former for makt og maktbruk både i forholdet mellom individa og i forholdet til staten. Om vi i rettsvitskapen då skal drøfte, forsvare, problematisere, kritisere, framheve, undersøke rettsordninga og strafferetten særleg, må vi då ta på oss og undersøke dette begrepet og dermed få betre grunnlag for våre diskusjonar knytt til det.
Bli første kommentator