HR-2023-1639-A om eventuelt forsett: Two wrongs don’t make a right?

HR-20203-1639-A omhandla ein politimann som var tiltalt for mellom anna valdtekt og misbruk av overmaktsforhold. Saka, som er omtala mellom anna på Rett24.no, hadde fleire sider ved seg. Ei av dei var at tingretten hadde domfelt for post II a i tiltalen, som gjaldt brot på § 295. Sjølv om posten ikkje var omfatta av anken til lagmannsretten, prøvde Høgsterett den likevel etter at forsvararen hadde gjort innvendingar mot den. Høgsterett fann òg at tingretten hadde brukt det eventuelle forsettet feil, slik at domfellinga for denne posten vart oppheva.

Denne forsettsforma har etter kvart ei lang historie knytt til domfellingar som vert oppheva på grunn av at forsettskravet er forstått eller formulert feil. At straffelova 2005 § 22 c, i motsetnad til den tidlegare lova, definerer det eventuelle forsettet, har ikkje vist seg nok til å løyse det problemet. Avgjerda til tingretten føyer seg inn i denne rekka av saker med feil bruk av eventuelt forsett. Det spesielle i denne saka er at Høgsterett sjølv formulerer seg på ein i beste fall misvisande måte då tingretten si domfelling for post II a vart oppheva.

Tingretten fann at politimannen stod i eit overmaktsforhold til den aktuelle kvinna, og at han hadde forsettleg utnytta denne posisjonen til å skaffe seg seksuell omgang ved fleire tilfelle. I tingretten sin dom finn ein denne grunngjevinga av domfellinga (gjevgjeve av Høgsterett i avsnitt 62):

«At tiltalte her har hatt en rolle som seksualpartner overfor C samtidig som han opptrådte som polititjenestemann overfor henne fremstår klart. Videre er det etter rettens oppfatning klart at hun sto i et avhengighets- og tillitsforhold til tiltalte, og at den seksuelle kontakten dem imellom ikke ville ha skjedd om ikke tiltalte hadde hatt sin rolle som polititjenestemann i hennes saker. Det er videre rettens oppfatning at tiltalte i det minste innså muligheten av dette

Høgsterett hadde – med rette – innvendingar mot den avsluttande setninga, som var det tingretten hadde å seie om forsett. Domfellinga på dette punktet vart difor oppheva. Høgsterett innleia sin gjennomgang av det eventuelle forsettet slik (avsnitt 65):

«Tingretten må imidlertid forstås slik at man har bygd på forsettsformen dolus eventualis – eventuelt forsett – i § 22 bokstav c. Slikt forsett foreligger der gjerningspersonen ‘holder det for mulig at handlingen dekker gjerningsbeskrivelsen, og velger å handle selv om det skulle være tilfellet’. Dette inneholder to elementer. For det første må det bevises at gjerningspersonen anså det ‘mulig’ at hans eller hennes handlinger dekkes av gjerningsbeskrivelsen. For det andre må det bevises at han eller hun, til tross for slik kunnskap, valgte å gjennomføre handlingen.»

Det snik seg likevel inn eit problem i dette forsøket på å forklare det Høgsterett omtalar som «to elementer» i forsettsforma. Det første av dei to elementa som vert løfta fram, er rett formulert: Eventuelt forsett krev at gjerningspersonen må ha innsett dei aktuelle faktiske omstenda som moglege, altså at dei faktiske omstenda kan vere slike at dei vil vere omfatta av gjerningsskildringa. Men så kjem den uheldige formuleringa om at det for det andre må bevisast «at han eller hun, til tross for slik kunnskap, valgte å gjennomføre handlingen». Uttrykksmåten «slik kunnskap» er naturleg å forstå som å vise tilbake på innsikten om at noko er «mulig», som omtala i setninga før. Men det å innsjå noko som mogleg, og på trass av slik kunnskap likevel velje å gjennomføre handlinga, er berre aktløyse, ikkje eventuelt forsett.

Det påfølgande avsnittet 66 viser at det ikkje berre er ein tilfeldig glipp. Her heiter det at:

«I de tilfeller der retten bare har tatt stilling til det første elementet, om gjerningspersonen har innsett muligheten, og ikke det andre, om han eller hun likevel valgte handle, er lovens forsettskrav anvendt uriktig.»

Det er i og for seg riktig, men det ville altså vere feil bruk av § 22 c sjølv om retten hadde teke stilling til både det første og det andre av det som her er trekt fram. I så måte er dei avgjerdene Høgsterett viser til i dette avsnittet, i første rekke HR-2020-2117-A avsnitt 14, meir presise om kva § 22 c krev. Der er valet om å handle ikkje knytt til at noko for gjerningspersonen er mogleg, men snarare til den hypotetiske førestillinga om at det aktuelle faktum er «sikkert». Og det er nettopp det § 22 c krev.

I så måte vert det altså feil om feilen til tingretten, men likevel «a right»: Det hefta feil ved tingretten si domfelling for post II a, som såleis ikkje kunne verte ståande. Men HR-2023-1639-A bør likevel leggast til side med tanke på framtidig omtale av eventuelt forsett etter § 22c.

Er så denne avgjerda eit ytterlegare argument for at vi ikkje bør ha eventuelt forsett som forsettsform i norsk rett? Nei, ikkje nødvendigvis. Men som eg og mine medforfattarar av Frihet, forbrytelse og straff (no i ny 3. utgåve 2023) har argumentert for: Eventuelt forsett bør reknast for å ha tre, ikkje to element. Gjerningspersonen må sjå for seg at noko er mogleg, så eit hypotetisk scenario der det aktuelle faktum er sikkert, og så må gjerningspersonen velje å gjere handlinga sjølv for det tilfelle (sjå FFS s. 237-238). Den tilnærminga legg betre til rette for bruk av eventuelt forsett i tråd med § 22c. Å sjå det som to vilkår, som både praksis og stemmer i litteraturen har teke til orde for, synes – som saka altså viser – å leie Høgsterett sjølv på villspor.

En kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.