Nytt framlegg om straffebod mot konverteringsterapi: Nokre refleksjonar

Regjeringa Støre sendt før sommaren ut eit høyringsnotat om eit nytt straffebod om konverteringsterapi. Framlegget heng saman med regeringa Solberg sitt tidlegare framlegg frå 2021, som eg vart invitert til å gje mitt syn på. I lys mellom anna av synspunkta mine frå høyringsmøtet, som er å finne i tidlegare innlegg på denne bloggen, er vist til av departementet i det nye høyringsnotatet, finn eg grunn til å reflektere litt over det nye framlegget òg.

Framlegget denne gongen ser slik ut:

  • 270 Konverteringsterapi

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som anvender metoder med formål om å få en annen til å endre, fornekte eller undertrykke sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet, som er klart egnet til å påføre vedkommende psykisk skade. Uvitenhet om en handling er klart egnet til å påføre psykisk skade fritar ikke for straff dersom tiltalte grovt kan bebreides for sin uvitenhet.

Der en handling som nevnt i første ledd utføres overfor en person under 18 år, skal handlingen alltid anses å være klart egnet til å påføre vedkommende psykisk skade. Uvitenhet om et barns riktige alder fører ikke til straffrihet hvis gjerningspersonen på noe punkt kan klandres for sin uvitenhet.

Den som ved å utføre en handling som nevnt i første ledd har opptrådt uaktsomt med hensyn til at en person påføres betydelig psykisk skade, straffes med fengsel i inntil 6 år.

Den som markedsfører metoder med formål om å få noen til å endre, fornekte eller undertrykke sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet straffes med bøter eller fengsel i inntil 6 måneder

Verdt å merke seg er mellom anna at gjerningsskildringa er ganske annleis no, at departementet har vidareført det strenge ansvaret for aldersvillfaring (som eg var kritisk til i førre omgang), og at her er tillegg og ikkje minst ei klart skjerpa strafferamme samanlikna med det tidlegare framlegget, som hadde ei øvre strafferamme på 1 år. Den er no heva til 3 år, i tillegg til at det er teke med eit alternativ for uaktsom påføring av «betydelig psykisk skade» med straff på inntil 6 års fengsel. Eg skal ikkje, og har ikkje kompetanse til å vurdere alle sider av notatet, til dømes den fenomenforståinga det baserer seg på. Eg held meg igjen til nokre meir allmenne strafferettslege perspektiv. Overordna sett synes den sentrale gjerningsskildringa klart å ha bevega seg i retning av større grad av presisjon, samanlikna med det tidlegare framlegget. Her er samstundes ein del aspekt ved framlegget som fortener nærare gjennomtenking og vidareutvikling av departementet i det vidare arbeidet med lovframlegget. Eg trekk her fram dei mest iaugefallande. Det følgande er ikkje meint som ei uttømmande eller fullverdig analyse, men mest refleksjonar vonleg til hjelp i det vidare arbeidet med straffebodet.

1) Kva er føremålet med straffebodet? Meir avklaring synes naudsynt.

Sjølv om framlegget ved første augekast synes verte gjeve for å identifisere og gje grunnlag for å reagere mot den krenkinga av det einskildindividet som konverteringsterapien representerer, er likevel framlegget utydeleg når det kjem til grunngjevinga for straffebodet. Tidvis er det meir kollektive interesser som vert løfta fram, slik det på s. 37 vert eksplisitt tala om «straffebudets kollektive begrunnelse» (sjå òg mellom anna s. 40). Illustrerande for denne problematikken er følgande avsnitt frå omtalen av grunngjevinga av straffebodet, og forholdet til skadefølgjeprinsippet, på s. 76:

«departementet [mener] at det er klart forenelig med skadefølgeprinsippet å kriminalisere handlinger som påfører den enkelte skade. Det vil være individuelle forskjeller i hvordan handlingene oppleves av den enkelte. Dette utelukker imidlertid ikke at kriminalisering av konverteringsterapi kan begrunnes i skadefølgeprinsippet. Etter departementets syn er det klart at det også vil være forenelig med skadefølgeprinsippet å kriminalisere handlinger der skaden ikke har manifestert seg, men der handlingen har et skadepotensiale. Departementets begrunnelse bak det foreslåtte straffebudet er både beskyttelse av individet og beskyttelsen av skeive som en sårbar gruppe. Eksistensen av konverteringsterapi rammer ikke bare de enkeltindivider som utsettes for dette, men det bidrar også til minoritetsstress, stigmatisering og diskriminering av en gruppe som vi gjennom ulike levekårs- og livskvalitetssundersøkelser er godt kjent med at er sårbare.

Straffebudet hviler også på den begrunnelse at konverteringsterapi rokker ved og skader grunnleggende samfunnsverdier som frihet, likeverd og ikke-diskriminering. Som nevnt, følger det av straffelovens forarbeider at også skade på samfunnsinteresser kan begrunne straff. Det finnes mange straffebud som er begrunnet i kollektive interesser. Blant annet er straffeloven § 185 et eksempel på et slikt straffebud. Andre eksempler det er naturlig å fremheve er straffeloven § 295 som forbyr å skaffe seksuell omgang ved misbruk av overmaktsforhold, utnytting av noens psykiske utviklingshemming eller psykiske lidelse eller utnytting av person under 18 år i særlig sårbar situasjon, og straffeloven § 266 som kriminaliserer seksuell omgang med innsatte mv. i institusjon. Også straffeloven § 298 om seksuelt krenkende atferd kan nevnes i denne forbindelse, samt straffeloven § 317 om 77 pornografi og straffeloven § 316 som kriminaliserer kjøp av seksuelle tjenester. I tillegg til at disse straffebudene er begrunnet i hensynet til å beskytte individer mot overgrep mv., er de begrunnet i mer kollektive hensyn, som beskyttelse av sårbare grupper, tillit til institusjoner og maktposisjoner, seksuell moral og hensynet til det offentlige rom.»

I dette resonnementet er det i realiteten ein flytande overgang mellom ulike kriminaliseringsgrunnar, frå skade på individ, til faresynspunkt, til skade på kollektive interesser – sistnemnte forstått i svært vid meining som òg å kunne omfatte «moral» (som ein i lys av skadefølgeprinsippet generelt avviser som relevant grunngjeving). Der er mange innvendingar som kan rettast mot det som står her, inkludert at § 295 ikkje riktig er å forstå som grunngjeve i kollektive omsyn. Paragraf 296 (ikkje § 266 som det står fleire stader i notatet), er meir naturleg å trekke fram i så måte, sjølv om grunngjevinga heller ikkje der er klar. Det viktige poenget her er likevel at desse skrivingane opnar for eit svært stort spenn i forklaringa av kvifor lovgjevar vil kriminalisere konverteringsterapi, noko som lett gjev rom for å alternere mellom dei alt avhengig av kva ein treng for å strekke straffebodet vidt. Det er uheldig, og kan òg lett skape problem i praksis når det kjem til spørsmål om ein skal rekne det som eitt eller fleire brotsverk når det er tale om konverteringshandlingar mot fleire personar og til spørsmål om samløp («konkurrens») mellom dette straffebodet og andre straffebod. Sjølv om vi her har med ein konseptuelt krevjande tematikk å gjere, bør eit lovframlegg om kriminalisering vere tydelegare på dette punkt enn tilfelle er her i notatet. Som vi skal sjå seinare, har det innverknad på den nærare utforminga av straffebodet og vil vere styrande for ein del andre val som ein her må gjere.

  1. Relevansen av samtykke: Barnet ut med badevatnet?

I forlenginga av det føregåande, drøftar departementet relevansen av samtykke. I Solberg-regjeringa sitt notat, var samtykke teke med som ei klar avgrensing av rekkevidda av straffebodet, grunngjeve i skadefølgeprinsippet: «På samme måte straffes den som utfører konverteringsterapi overfor en person over 18 år [ev. 16 år] dersom mottakeren ikke har samtykket eller det foreligger andre omstendigheter som gjør handlingen utilbørlig.» I Støre-regjeringa sitt framlegg går ein vekk frå det, mellom anna fordi det er vanskeleg å avgjere kva når det er tale om eit (strafferettsleg) verksamt samtykke i denne samanhengen (s. 77):

«Å stå imot direkte eller indirekte «konverteringspress» vil ofte kreve usedvanlig stor grad av psykisk motstandskraft fra den utsatte. For personer som har en særlig sterk sosial tilhørighet i et miljø, som for eksempel et religiøst miljø, vil det å bryte ned miljøets verdier og forventninger kunne ha store personlige konsekvenser og føre til isolasjon og utestengelse. I en slik kontekst vil det være vanskelig å vurdere hva som ligger bak et samtykke, og i hvilken grad sosialt press kan påvirke den utsattes opplevelse av sin egen handlefrihet.»

Det kan ha gode grunnar for seg ikkje å bruke samtykke som ei generell avgrensing av straffebodet i denne samanhengen, sjå òg s. 84-86 i notatet. Men i notatet forsvinn med det samstundes samtykke litt for mykje ut av syne. Sjølv om det ikkje skal vere eit eige vilkår, gjer skadefølgjeprinsipp-argumentet seg likevel framleis gjeldande. Etter mitt syn bør samtykke-aspekt klart bør vere ein del av premissane ein kan trekke på når ein i grensetilfelle skal vurdere om handlinga «klart egnet til å påføre vedkommende psykisk skade». Det vil ikkje berre stemme best med skadefølgjeprinsippet, men òg med dei generelle rettsstridsvurderingane ein må gjere i strafferetten. Handlingar ein (informert og oppriktig) samtykker til bør generelt reknast som mindre eigna til å skade ein enn handlingar utan desse kvalitetane. Dette er implisitt adressert i høyringsnotatet på s. 104, der det mellom anna heiter: «Relevante momenter i vurderingen vil blant annet være om handlingen er begått overfor en person i en sårbar situasjon eller en person utsatt for direkte eller underliggende press, samt maktforholdet mellom partene» – det er jo situasjonar der det er mindre grunnlag for å tale om eit verksamt samtykke. Andre stader er framlegget meir kategorisk på at samtykkeaspekt ikkje er relevante, sjå til dømes s. 40.

Gjeve kor viktig og prinsipielt grunnleggande samtykketematikken her trass alt er, så er det grunn til å ønske seg nærare og tydelegare avklaring av korleis ulike samtykkeelement skal «vektast» i vurderinga av om handlinga er klart eigna til å skade. Sjølv om vilkåret «klart egnet til å påføre psykisk skade» kan gje inntrykk av eit faktisk, nærast statistisk vurderingstema, er det klart at det i alle fall i delar vil vere vurderingsstyrt kva slags handlingstypar som generelt skal reknast til denne kategorien – slik det er for dei fleste andre vilkår i strafferettslege gjerningsskildringar.

  1. Vilkåret «psykisk skade»

Framlegget til straffebod, særleg om ein les det som eit vern av einskildindividet, heng nært saman med valdsbrotsverka i kap. 25 i straffelova. (Straffebodet er tenkt som ny § 270, og vil dermed gå inn i kapittel 24 om «Vern av den personlige frihet og fred»). Valdsbrotsverka i kapittel 25 er særleg innretta mot fysisk skade. Departementet gjev sjølv uttrykk for tvil om uttrykket «psykisk skade», og viser til at berre «alvorlig psykisk skade» er i dag brukt i straffelova, meir presist i § 11 som legaldefinerer «betydelig skade». Her er det grunn til å etterlyse ein noko nærare avklaring av kva departementet vurderer som å kvalifisere som «skade på psykisk helse», og samstundes minne om at straffelova generelt nyttar uttrykket «skade på kropp eller helse», der sistnemnte uttrykk vert rekna for å omfatte òg psykiske følger. Eit døme på det finn ein i dømes i § 273. Som vi kjem attende til; departementet har gjort eit særleg strafferammealternativ for tilfelle av «betydelig psykisk skade», som skal forståast med utgangspunkt i § 11 og dermed i seg sjølv vil ligge på «nivået over» § 273, jf. § 274 andre ledd, kan straffelova. Dermed kan forståinga av skade på kropp eller helse i § 273 i alle fall vere eit utgangspunkt for å verte meir presis om (å finne ein tilstrekkeleg terskel for) kva som krevjast på dette punktet for at straffebodet skal vere brote.

Som eg skal kome attende til nedanfor, synes det samstundes vere noko for stor nærleik mellom hovudalternativet og straffeskjerpingsalternativet i framlegget. Eit alternativ i samanhengen er å «justere ned» kriteriet her frå «klart egnet til å påføre psykisk skade» til eit alternativ som eg var inne på i mitt førre framlegg, «klart egnet til å krenke … integritet», og samstundes justere ned strafferamma for hovudalternativet til 2 år, og – som eg kjem attende til – gjere eit meir fullverdig grovheitsalternativ for dei tilfella som har konsekvensar eller elles er av meir alvorleg karakter i art og omfang.

  1. Grov aktløyse om skadeevne: Eit unødvendig tillegg?

Framlegget frå Støre-regjeringa er generelt klart meir vidtgåande og vurderer konverteringsterapi strengare enn det tidlegare framlegget få Solberg-regjeringa. Det kan, frå eitt perspektiv, gje grunnlag for lettare å rettferdiggjere unntak frå generelle utgangspunkt i strafferetten, slik som når det kjem til spørsmålet om krav til eit strengt aktløyse-krav om barn sin alder. Men ein kan òg snu på det og seie at eit med ei slikt utviding av straffebodet, så er det særleg viktig å halde att på nokre punkt for at det sama straffebodet ikkje skal verte for vidtrekkande, og det perspektivet kunne godt vore løfta fram meir i notatet.

I den samanhengen synes eg særleg at det er grunn til å problematisere valet om eit eige tillegg om at «[u]vitenhet om en handling er klart egnet til å påføre psykisk skade fritar ikke for straff dersom tiltalte grovt kan bebreides for sin uvitenhet». Her er det grunn til å minne om at forsettet vil berre krevje at ein er klar over (som sannsynleg) dei faktiske omstenda som gjer handlinga «klart egnet» til å påføre psykisk skade. At den tiltalte til dømes hevdar at ein har forsøkt å undertrykke ei viss seksuell orientering, men reknar det som eit gode for den som det gjeld, vil såleis straffast etter hovudalternativet som forsettleg trass i «uvitenheten». Departementet sine skrivingar og grunngjevingar her på s. 106 (og i noko grad i den føreslåtte lovteksten sjølv – «grovt kan bebreides for sin uvitenhet») kan gje inntrykk av at departementet synes å strekke delar av læra om «rettsuvitenhet» inn i kravet til forsett, og at det er med på å skape behov for eit slikt aktløysetillegg. Med meir adekvate utgangspunkt om grenseoppgangen mellom forsett og rettsuvitenhet, kan det etter mitt syn vere grunn til å problematisere om dette tillegget eigentleg er eit velgrunna/naudsynt. Alternativet bør i alle tilfelle knytast nærare til det som er definisjonen av grov aktløyse i  § 23 andre ledd.

  1. Skjerping av strafferamma ved uaktsom betydelig psykisk skade

Strafferamma er i dette framlegget heva til 3 års fengsel, samstundes som at departementet har lagt inn eit særleg tillegg om aktlaus «betydelig psykisk skade». Ein del av grunngjevinga er at konverteringsterapi-straffebodet som er føreslått, ikkje har eit eige grovheitsalternativ, jf. § 24. Men her kan ein spørje kvifor departementet i så stor grad vil knyte den skjerpa strafferamma til åleine slike skadefølger. Slike kan ligge langt framme i tid, sett frå det tidspunktet som konverteringsterapihandlinga skjer, og løysinga knyt samstundes grovheitsalternativet svært nært til grunnstraffebodet: Det er ein kort veg frå forsettleg å handle på eit vis «som er klart egnet til å påføre vedkommende psykisk skade» til å ha «opptrådt uaktsomt med hensyn til at en person påføres betydelig psykisk skade» om slik skade inntrer: Har ein gjort noko som er klart eigna, så vil ein som hovudregel ha handla aktlaust om skade vert resultatet, og den forma for «psykisk skade» som det er tale om, vil lett kunne manifestere seg i eit slikt omfang at det er tale om «alvorleg psykisk skade» som omfattast av § 11. Høyringsnotatet trekk til dømes fram angst, depresjon, sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk som aktuelle følgjer, sjå s. 75.

Tematikken koplar oss samstundes tilbake til spørsmål om vern av individ eller kollektive gode, som nemnt ovanfor. Mange andre straffebod, inkludert i det aktuelle kapittelet, har jo nettopp grovheitsalternativ, og særleg om ein vil framheve dei meir allmenne eller kollektive sidene ved konverteringsterapiproblematikken knytt til (særleg) skeive som ei sårbar gruppe, kan det vere grunn til å tenke i retning av eit grovheitsalternativ i staden for ei slik straffeskjerping berre for denne følgjetypen. Grovheitsalternativet er ein konstruksjon som passar betre med straffelova generelt, og dette kapittelet i seg sjølv, som òg opnar rom for eit noko meir differensiert vurdering av dei handlingane, der meir planlagt, «profesjonell» og omfangsrik konverteringsterapi-praksis som òg er prega av sterk maktubalanse mellom dei involverte, gjev grunnlag for å rekne tilfellet som grovt. Med ei endring som nemnt i «grunnstraffebodet» knytt til «psykisk skade», og nedjustering av strafferamma der til dømes til 2 år, vil ein då òg kunne få ein tydelegare avstand mellom grunnstraffebodet og straffeskjerpinga.

Avslutningsvis, mange av dei vurderingane som her må gjerast avhenger av eit tydelegare standpunkt til det første vi tok opp, kort sagt; er straffebodet primært tenkt å verne om det einskildindividet som vert utsett for konverteringsterapien, eller skal det først og fremst understøtte våre meir kollektive normer om likeverd, likestilling og respekt individet sin seksuelle orientering og kjønnsidentitet? I arbeid med utforming av straffebod er «begge deler like mykje» ikkje eit godt svar.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.