Straff som styringsmiddel – dimensjonar og visjonar

“Straff som styringsmiddel“ – tankane flyg lett til spørsmålet om korleis vi kan bruke straff, eller strafferetten meir generelt, som verkemiddel for å løyse samfunnsproblem, same om det handlar om korrupsjon, vald i nære relasjonar, narkotikasmugling eller skattesvindel. Fokus er då typisk sett på korleis staten kan regulere og sanksjonere visse handlingar, for å motverke desse handlingane og verknadane av dei – same om det gjeld krenkingar av einskildindivid eller av viktige kollektive gode slik som vårt politiske system og offentlege midlar. Dette perspektivet er nok klart det som står sterkast i våre samtidige kriminalpolitiske diskusjonar, og knyt an til aktuelle tema i strafferettstenkinga, slik som staten si sikringsplikt, som den omtalast som innanfor EMD-praksis. For å gjere det lett for oss, skal vi ganske enkelt kalle dette perspektivet for maktperspektivet på bruk av strafferetten som styringsmiddel. For det handlar ganske enkelt om staten si oppgåve med å kontrollere dei av borgarane sine handlingar som er så alvorlege at dei rettferdiggjer bruk av straff – staten sitt mest brutale verkemiddel i fredstid.

Viktig som dette perspektivet er, det er likevel berre eit av perspektiva som vi må ha med oss i diskusjonen om straff som styringsmiddel. Eit anna slikt perspektiv, som av og til vert stilt opp som motsetnaden til maktperspektivet, er det vi kan kalle eit rettighetsperspektiv. Her er fokuset typisk sett på rammer for staten sin maktutøving, i form av at staten må respektere ytringsfridomen, retten til privatliv og andre individuelle rettar slik dei kjem til uttrykk i både Grunnlova og internasjonale konvensjonar, ikkje minst Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Òg dette perspektivet er relativt synleg i dagens kriminalpolitiske diskusjonar, ikkje minst som eit resultat av den styrka stillinga til menneskerettane gjennom dei siste tiåra. Eit tydeleg døme på det, er det nylege arbeidet med eit nytt straffebod mot konverteringsterapi, der fleire menneskerettslege spørsmål vert drøfta.

Eit tredje perspektiv, som er noko mindre artikulert i dagens kriminalpolitiske diskusjonar, er det vi kan kalle regelsystemperspektivet. Kvar gong vi tek i bruk strafferetten som eit styringsmiddel byggast rettssystemet om i noko, om enn i liten grad. Men, dårleg regulering kan samstundes prege strafferetten som regelsystem negativt, til dømes ved å skape eit uheldig unntak frå eit prinsipp eller ei regelmodell som det i seinare omgangar det vert bygd vidare på i form av nye uheldige unntak frå.  Grunnleggande i dette perspektivet er ikkje minst Grunnlova § 96 sitt lovskrav og den fordringa på presis lovgjeving som det grunnlovsbodet ber i seg. Men regelordningsperspektivet omfattar ikkje berre slike eksplisitte krav til god regulering, men ei god del mindre synlege og artikulerte ideal og standardar for god regulering – slik som konsekvens i lovgjevinga – som bidreg til å gjere reguleringa tilgjengeleg og anvendeleg i praksis. Slik sett er dette eit perspektiv som juristen gjerne er meir oppteken av enn politikaren. Men all den tid at rettsordninga er politikken sitt medium og styringsmiddel meir generelt, er det ikkje mindre viktig av den grunn.

Og så er her er eit fjerde perspektiv, som igjen går litt på tvers av dei andre, og som handlar om strafferetten ikkje som eit styringsmiddel i snever meining, men snarare som det vi kan kalle ein identitetsmarkørperspektivet. Saman med Grunnlova er kanskje strafferetten den delen av rettsordninga som mest av alt er med på å definere kven vi er som samfunn. Vi, for vår del, står i ein tradisjon av nordisk strafferett som over tid har hatt fokus på lågt straffenivå, ein preferanse for andre verkemiddel enn straff for løysing av sosiale problem, og inkludering snarare enn ekskludering av samfunnsdeltakarane, òg dei som gjer brotsverk – alt motsett av meir repressive strafferettsordningar i mange andre land. Men den nordiske strafferetten har kanskje hatt sin gullalder og er på ingen måte noko vi kan ta for gjeve. I delar har vi alt tapt den av syne.

Desse fire dimensjonane er alle relevante når vi skal diskutere «straff som styringsmiddel», og der ein kompleks samanheng mellom dei. Det er ikkje tale om fire frikopla perspektiv, men like mykje fire tannhjul som grip inn i kvarandre: Maktperspektivet heng som sagt nært saman med staten sin sikringsplikt, som igjen heng nært saman med individa sin rett til å vere trygge i samfunnet. Staten sin makt bygger samtidig på eit fungerande rettsvesen, og det i sin tur krev at ein har omsorg for regelsystemperspektivet. Og ikkje minst, makt er noko ein skal utøve med varsemd, og i så måte kviler det heile på ein strafferett som vert halden innanfor sunne rammer. Ein strafferett som ekskluderer i staden for å inkludere, bidreg mest til å forsterke sosiale problem og utfordringar som overlaster så statsmakta og den rettsordninga som den er forma av.

Denne nære samanhengen mellom dei ulike perspektiva forklarer kvifor god kriminalpolitikk og bruk av strafferetten som styringsmiddel er så krevjande – det krev både tid og ettertanke om kva som eigentleg er gode strafferettslege løysingar. I det perspektivet er der trekk ved vår samtidige kriminalpolitikk som er mindre positive. Politisk engasjement i strafferetten er sjølvsagt eit gode i eit demokrati. Men vert strafferetten for mykje drege inn i den politiske dynamikken og kampen om veljarar gjennom enkle slagord og løysingar, symbolsk posisjonering og markering av handlekraft gjennom «sterke» standpunkt og motsetnader, så får vi ikkje tilstrekkeleg plass til desse perspektiva.

Ser ein på ein del av kriminalpolitikken i dag og resultata av den i strafferetten, er det nok av døme på konsekvensane av det. For min del hadde eg blitt imponert av om nokon la fram ein heilskapleg visjon for strafferetten. Styrer vi i god retning, og om ikkje, kvar vil vi? Inger Louise Valle si berømte Kriminalmelding på slutten av 1970-talet fekk ein del kritikk for sitt innhald. Men som prosjekt var den i høgste grad beundringsverdig.

Innlegget er ein utvida versjon av innleiinga mi på debatten om «Straff som styringsmiddel» under Arendalsuka (17/8 22)

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.