Borgarting lagmannsrett sin dom i saka 22-113143AST-BORG/03, som endte i dissens 5-2 i favør av domfelling for forsettleg drap illustrerer eit vanskeleg spørsmål. Ein mann vart domfelt for forsettleg drap etter straffelova § 275 og nokre andre brotsverk som eg ikkje går inn på her, til straff på 10 år og 6 månaders fengsel. Tiltaleposten for drap var forma slik (men her anonymisert):
Straffeloven § 275
for å ha drept en annen.
Grunnlag:
Onsdag 26. september 2018 ca kl. 20.50, i ** i Oslo, skjøt han ** med en haglgevær som han hadde ladet med to patroner. Haglladningene traff *** i høyre overarm og gikk videre inn i brysthulen. *** døde umiddelbart av skadene.
Av tiltalen å døme, så verkar saka ganske enkel og grei, juridisk sett – eit ganske så typisk forsettleg drap. Men saka er meir komplisert, og her er det sentrale følgjande konklusjon frå lagmannsretten (s. 8 i avgjerda).
«Lagmannsretten legger følgelig etter bevisførselen til grunn at skuddene gikk av allerede ved at tiltalte klappet sammen haglen etter lading. Haglmunningen var på det tidspunktet maksimalt 1,5 meter fra Østbys høyre overarm og rettet mot henne i ca. 45 graders vinkel nedover.»
Saka vart ikkje slept inn for Høgsterett, men aktualiserer likevel eit prinsipielt problem som saka gav godt tilfelle til å avklare. Føremålet med denne teksten er berre å vise det problemet, og eg går såleis her ikkje inn på verken bevisvurderinga eller vurderingane knytt til forsett. Dei har vore utfordra av andre i Lars ble dømt for hagledrap: – Jeg er ikke en morder – VG, og her berre føreset vi at det førelåg drapshensikt som fleirtalet la til grunn. (Mindretalet, ein fagdommar og ein lekdommar, fann det ikkje bevist at gjerningspersonen handla med forsett.) Ein del av grunngjevinga for fleirtalet var at det såkalla adekvanskravet, som krev at følga ikkje har inntrådd på ein så «fjern og upåregnelig måte» at gjerningspersonen ikkje bør tilreknast ansvar for følga, var innfridd.
La oss ta eit steg tilbake, og stille spørsmålet slik:
Kva rettsleg betyding har det at ei tilsikta følge realiserer seg på ein ukontrollert måte som følgje av gjerningspersonen sin handlemåte, før gjerningspersonen får fullført sin eigen handlingsplan?
Er det tale om dødsfølge, så kan ein i utgangspunktet tenke seg tre ulike svar her.
- Det har ingen innverknad for straffansvaret: Gjerningspersonen har fått realisert forsettet sitt, og kan dermed dømmast for forsettleg drap.
- Det har innverknad på vurderinga av straffansvar, slik at gjerningspersonen berre kan dømast for forsøk på drap, jf. 275 jf. § 16.
- Det har innverknad på vurderinga av straffansvar, slik at gjerningspersonen berre kan dømast for aktlaust drap, jf. § 281.
Ei utfordring her er at ingen av svara er heilt optimale, og i drøftinga av det kjem vi innom nokre punkt der eg viser vidare til «FFS», som er Gröning/Husabø/Jacobsen, Frihet, forbrytelse og straff, 2. utgåve 2019.
Vi kan starte med alternativ 1 om fullbyrda forsettleg drap er treffande på det viset at offeret faktisk er død som følgje av handlingsmåten til gjerningspersonen: Gjerningspersonen har nådd det målet som vedkommande har sett for seg å realisere. Ein kan her òg peike på at adekvanslæra gjer at årsaksutviklinga etter gjerningspersonen har gjort sitt, i utgangspunktet ikkje har betydning for straffansvaret, og på bakgrunn av det argumentere for at den heller ikkje skal ha betydning om den er annleis i førekant (av det gjerningspersonen har sett for seg). Det synes vere slik lagmannsretten sitt fleirtal har resonnert. Der er likevel innvendingar å rette mot den tilnærminga.
Den eine er at variasjonane av faktiske tilfelle må her takast med i vurderinga. Legg ein det til grunn som ei generell løysing, vil, til dømes, den som skal køyre det kidnappa offeret til ein parkeringsplass for å avrette vedkommande, straffast for forsettleg drap om han kolliderer på vegen dit med det som utfall at den kidnappa omkjem. Det verkar urimeleg. Eit slikt ansvar må såleis i alle fall avgrensast til tilfelle der gjerningspersonen er komen på forsøksstadiet. Ei mogleg løysing for dei tilfella er å gjere ein regel som seier at dersom ein først har kome inn på forsøksstadiet, skal den seinare hendingsgongen ikkje ha noko å seie (igjen, parallelt med adekvanslæra).
Strafferetten er ikkje heilt ukjent med at ein tilskriv den gjerningspersonar eit slikt utvida ansvar dersom ein først kan klandrast for noko. Tenk til dømes på det strenge ansvaret vi har for handlingar som skjer i rus, jf. straffelova § 25 tredje ledd. Problemet er at vi ikkje har ei slik etablert lære om utvida ansvar på dette området – i alle fall ikkje som eg kjenner til! Utvidingar av ansvaret som til dømes rustilfella representerer inneber òg eit brot med det som må vere det prinsipielle utgangspunktet, så om ein skal konstruere ei slik lære for dei tilfella som vi her diskuterer, må ein klargjere gode grunnar for det.
Det er den første innvendinga, eller i alle fall eit argument for at Høgsterett burde vurdert saka, som igjen heng nært saman med den andre innvendinga mot alternativ 1): Parallellen til adekvanslæra underslår at den rettar seg primært mot tilfelle der gjerningspersonen har utført det omtalar som «den forutgående handling» (FFS s. 170-172), altså den handling som inneber at gjerningspersonen, i tråd med sin eigen plan, mister kontrollen over den vidare hendingsgongen. Det punktet er ikkje nådd så lenge gjerningspersonen har, stadig ut frå sin eigen plan, meir igjen å gjere, som til dømes i denne saka. Det betyr, ikkje minst, at gjerningspersonen enno ikkje har nådd det tidspunktet der ein ikkje lenger kan avstå frå den straffbare handlinga. Det er eit særleg relevant poeng for drapstilfella. I dei tilfella er nettopp synspunktet om den store «psykologiske» – eigentleg normative skilnaden mellom til dømes å førebu og å gjennomføre drapet, ofte løfta fram (FFS 370-371). Å døme for fullbyrda forsettleg drap så lenge gjerningspersonen, etter eiga oppfatning, har hendingsutviklinga under eigen kontroll, strir mot det synspunktet.
Kva så med dei alternative løysingane? Alternativ 2 om domfelling for forsøk etter straffelova § 275 jf. § 16 er i utgangspunktet nærliggande, i den meining at vilkåra er klart oppfylt: Det føreligg eit fullføringsforsett, og gjerningspersonen (i eit tilfelle som dette) har klart passert den nedre grensa for forsøk. Når det òg kan rettast innvendingar mot den er det fordi den strir mot det intuitive at ein gjerningsperson som har ønska å drepe nokon, og som har gjort noko som resulterer i nettopp det, skal vurderast som å ha forsøkt å drepe den som no er død. (Føresetnaden for straffansvar er i alle tilfelle at den nedre grensa for forsøk er trådd over.)
Frå det perspektivet er alternativ 3 (domfelling for aktlaust drap) meir adekvat. Det alternativet har på si side har sjølvsagt den implikasjonen at straffa vert lågare; strafferamma etter § 281 er 6 års fengsel, medan § 275 har ei strafferamme på 8 til 21 års fengsel og ei normalstraff på 12 år. Samstundes «treff» òg den løysinga mindre godt, for gjerningspersonen i vårt tilfelle har gjort «meir» enn det typiske aktlause drapet: Gjerningspersonen har gått inn for å drepe, og forsøkstilfella fangar akkurat det inn betre.
Svakheitene ved det siste alternativet kan samstundes peike i retning av eit mogleg fjerde alternativ: Kanskje er utfordringane her eit uttrykk for at det i nokre tilfelle hadde vore tenleg med eit alternativ for grovt aktlaust drap. Sjølv om ein til dømes ved dødsfølge i trafikken har heva nivået for å domfelle for aktlaust drap etter § 281, så er tilfella av aktlause drap svært ulike – og nokre er klart meir alvorlege enn andre. Men det er i tilfelle ei løysing som lovgjevar må vurdere, og som har mange systematiske implikasjonar, og som i sin tur heng saman med ein breiare diskusjon av kor adekvat konstruksjonen eventuelt forsett i straffelova § 22c.
Konklusjonen av denne drøftinga er såleis at der ikkje er eit heilt klart svar på kva som er rett løysing, men at den løysinga som lagmannsretten sitt fleirtal har basert seg på, klart kan problematiserast. Den mest nærliggande slutninga ein kan trekke av avgjerda er at den problematikken som her har vore diskutert, rett og slett ikkje er reflektert nærare over. Det skulle i seg sjølv vere tilstrekkeleg grunn for Høgsterett til å ta opp saka og avklare det som altså er eit meir generelt spørsmål – for sjølv om saka er spesiell, så har spørsmålet både prinsipiell og praktisk relevans, særleg om ein skal basere seg på eit slikt «ansvar for alle følger av ei forsøkshandling»-synspunkt som synes vere påkrevd for å kunne nå den konklusjonen fleirtalet gjorde.
Dette er en veldig god og interessant kommentar. Jeg mener at adekvanslæren er resultat av et skinnproblem, da gjerningspersonen i realiteten vil mangle et fullverdig og dekkende forsett i de typetilfeller som adekvanslæren vil avgrense ansvaret mot. Jeg skriver litt om dette i boken «Hensikt og omkringliggende begreper i strafferetten» på s. 379-380.
Uansett er jeg enig med Jørn i at adekvanslæren ikke er aktuell for dette typetilfellet. Adekvanslærenforutsetter at gjerningspersonen har gjort det som var det tiltenkte middelet – selve drapshandlingen – for å nå målet (dødsfølgen). I denne saken er det en utenforliggende og ukontrollert årsak som overtar hendelsesutviklingen før middelhandlingen blir satt i verk. Dermed har ikke Lars kommet til det stadiet der man vurderer å avgrense et straffeansvar fordi en forsettlig drapshandling fører til død på en upåregnelig måte.
Hagledommen blir etter mitt syn enklere å forstå hvis man vurderer den i lys av hva hensiktsforsettet egentlig er. Jeg har i min doktoravhandling argumentert for at hensikt er et komplekst begrep, men at det typisk sett dreier seg om handlinger som har en teleologisk (formålsrettet) logisk struktur. Handlingen bærer i seg en bestemt middel-mål-logikk. Man gjør noe, f.eks. å trykke på avtrekkeren, som et middel til å oppnå noe mer, f.eks. å ta livet av en annen. (Dette kan igjen være en del av en middel-mål-rekke hvor formålet er å skremme en befolkning. I så fall foreligger også terrorhensikt.)
I Haglesaken var middelet ment å være å trykke på avtrekkeren. Når våpenet går av av seg selv, er det en utenforliggende årsak som overtar hendelsesforløpet på en måte som bryter den tilsiktede middel-mål-logikken i handlingen. Lars mangler derfor forsett om det som forårsaker døden. Og det betyr at forsettet ikke dekker dekker gjerningsbeskrivelsen. Selve drapshandlingen i snever forstand (det gjerningspersonen gjør for å forårsake død) må være viljestyrt, og man skal også ha forsett om årsakssammenheng. Det holder ikke at formålet er å drepe, altså at man har forsett om dødsfølgen, hvis drapshandlingen ikke er forsettlig.
Så er spørsmålet hvordan dette bør klassifiseres rettslig sett. Da er det naturlig å ta et stillbilde på det tidspunkt i handlingsrekken der det utenforliggende årsaksforholdet overtar, og spørre om gjerningspersonen på dette tidspunkt hadde overtrådt den nedre forsøksgrense. Siden lagmannsretten mener at Lars var sekunder unna å trykke på avtrekkeren idet våpenet gikk av av seg selv, har handlingen etter mitt syn klart overtrådt forsøksgrensen. Dermed blir straff for forsøksansvar mest nærliggende.
Jørn nevner fire ulike løsninger over, og jeg er enig i resonnementene. Jeg vil legge til en mulig femte løsning: Å dømme for forsøk og uaktsomt drap i konkurrens. Det finnes ingen holdepunkter for en slik løsning i kildene, men på et teoretisk plan er det den eneste måten å fange inn alle sider ved handlingen på. Ved drapsforsøk får man markert forsettet, og ved uaktsomt drap får man markert den faktisk inntrådte dødsfølgen. Samtidig holder man fast ved at selve drapshandlingen ikke var viljestyrt (under gjerningspersonens rasjonelle kommando). Men siden denne løsningen ikke finnes i rettskildebilde fra før, bør man nok nøye seg med forsøksstraff, ev. uaktsomt drap.
La meg avslutte med å presisere at jeg ikke synes flertallets begrunnelse for at Lars hadde drapshensikt, er helt overbevisende. Og hvis bevisbedømmelsen på dette punktet er feil, er riktig svar uaktsomt drap.
Takk til Katrine for utfyllande kommentar. Her er det litt ulike sider å diskutere, men gjeve tematikken for mitt innlegg er det som synes mest nærliggande å kommentere, den femte løysinga som Katrine skisserer: Å domfelle både for forsøk på drap og aktlaust å ha valda død. Det er rett at det er ei tenkeleg løysing. Som det er peika på dekkast då både forsøkshandlinga og det aktlaust valda utfallet. Frå eit samløpsperspektiv («konkurrens») så er der samstundes innvendingar å reise mot denne femte løysinga. Eit generelt siktemål i vurderingar av bruk av eitt eller fleire straffebod, er å unngå «dobbeltstraff», altså at same handlingsmåte eller feil tel vert lagt gjerningspersonen til last fleire gonger. Å døme for både forsøk på drap og aktlaust å ha valda død kan seiast gjere det, då det aktlause ved handlemåten i dette tilfellet nettopp er det som utgjer hovudtrekk ved forsøkshandlinga.
Enig med deg i det. Det er ikke en ideell løsning.
Ellers er det enkelte som mener at forsett må kunne konstateres fordi Lars innså muligheten for at våpenet ville gå av ved sammenklapping. De mener at han hadde hensiktsforsett som dekker drapsbestemmelsen.
Men en mulighet er ikke nok for hensikt. Og lagmannsretten har aldri sagt at tiltalte hadde en plan A (å trykke på avtrekkeren) og en plan B (å drepe ved å klappe sammen våpenet). De har faktisk sagt det motsatte:
«Det er etter en samlet vurdering av bevisførselen bevist at tiltaltes eneste hensikt med å hente haglen og lade denne mens den var rettet mot B, var å skyte mot henne for å drepe.»
Å klappe sammen et våpen som går av av seg selv, er ikke «å skyte mot henne for å drepe». Dommen omtaler heller ingen bevis som tilsier at Lars tok en bevisst beslutning om å drepe ved å klappe våpenet sammen. Det eneste de finner bevist, er hva de mener han ville gjøre i fremtiden. Dette ligner nesten litt på den hypotetiske varianten av dolus eventualis. (Og det kan også rettes innvendinger mot en slik bevisvurdering. Fordi mennesker har fri vilje, kan vi etter strafferettens strenge beviskrav, normalt ikke bevise hva noen vil gjøre i fremtiden, bare hva de har til hensikt å gjøre i fremtiden.)
Dolus eventualis kan også avfeies fordi man ikke har bevist at Lars har forestilt seg at våpenet sikkert ville gå av av seg selv før planlagt tidspunkt – og tatt et valg om at han i en slik situasjon likevel ville bruke det til å drepe på dette fremskyndede tidspunktet.
Når flertallet senere argumenterer for at Lars likevel anså det som mulig at våpenet ville gå av ved sammenklapping, begrunnes det i hans generelle kjennskap til at våpen kan ha funksjonsfeil. Slik generell kunnskap danner normalt grunnlag for uaktsomhet. Hvordan dette beviser at Lars på gjerningstidspunktet har tenkt på at dette konkrete våpenet ville ha en slik feil som ville aktualiseres i situasjonen, forblir uklart.
I min nyeste forsettsartikkel som vil bli publisert i TfS snart, skriver jeg litt om faren med å sammenblande påregnelighet med forsett. Selv om man kunne innsett noe hvis man fikk et spørsmål om det og tenkte seg om, betyr ikke det at man i en opphetet situasjon nødvendigvis har koblet sin generelle kunnskap på det som foregår i situasjonen. Påregnelighet er et begrep som hører hjemme i uaktsomhetslæren (og som ansvarsbegrensning i adekvanslæren, som uriktig er anvendt her).