Domstolen som kulturprofil? Kommentar i forkant av lagmannsretten sin dom i «kulturprofil-saken»

Det er stor mediemerksemd knytt til at det er venta dom frå lagmannsretten i den mykje omtalte «kulturprofil-saka». Ein mann med viktige roller i norsk kulturliv vart dømt i tingretten for seks valdtekter til samleie, tre valdtekter til seksuell omgang, og eitt tilfelle av seksuell omgang med barn under 16. Saka er omtala mellom anna i Klassekampen i dag: Nå avgjøres omkampen | Klassekampen.

At ei slik sak vekker merksemd og interesse er ikkje overraskande, i lys mellom anna av metoo og at den tiltala sjølv har vore open i media om saka og sitt syn på den. Saka har òg vore gjort til gjenstand for eit kritisk blikk frå dansk hald. Den aktualiserer då òg spørsmål knytt til kva som faktisk har skjedd og korleis det kan avgjerast: Kven av dei involverte er mest truverdige? Kva forventingar og normer ligg til grunn for måten vi vurderer om ei forklaring er truverdig eller ikkje? Og korleis påverkast dommarar her av sosiale endringar i deira vurderingar? Saka vil sikkert – uavhengig av utfallet av ankesaka – verte utgangspunkt for mange diskusjonar knytt til kulturendringar i samfunnet og korleis både offentlegheita og rettsapparatet responderer på det.

Med tanke på det siste synes mange å stille seg spørsmålet; vart den tiltalte i tingretten domfelt og straffa så strengt på grunn av metoo? Skulle ankesaka leie til same resultat, vil nok det spørsmålet lett aktualisere seg igjen. Svaret på det trur eg snarare er det motsette.

Straffutmålinga er ikkje ei fri øving. Lovgjevar og frå Høgsterett, som i norsk samanheng har ei svært viktig retningsgivande rolle, set styrande utgangspunkt for dei lågare domstolane. Òg fastsetting av straff er det juristar kallar «rettsanvendelse» – bruk av generelle rettslege utgangspunkt på eit konkret faktum. Det er sjølvsagt ei større innslag av skjønn i fastsetting av straff enn på mange andre punkt i strafferetten, men utgangspunktet er likevel det same. Domstolen i ei sak som denne vil òg vere svært medviten om at det er ei profilert sak, og av den grunn særleg oppteken av at den ikkje vert påverka av det. For domstolen skal slik sett denne saka vere ei sak som alle andre: ei individuell sak som skal handterast ut frå dei generelle utgangspunkta lovgjevar og Høgsterett har lagt til grunn.

Når det vart ei streng straff i tingretten, var det delvis for at det vart domfelt for mange krenkingar. Det er heller ikkje heilt uvanlig med svært strenge straffer for seksuallovbrudd (i ei særlig alvorlig sak med overgrep mot barn, til dømes, vart det idømt 21 års fengsel, sjå HR-2020-2136-A). I valdtektssaker er òg forvaring ein aktuell reaksjon, slik som den mykje profilerte danser-saka (omtale frå vg.no) illustrerer. Ein viktig del av bakgrunnen for at det vert strenge straffer for seksualbrotsverk er at domstolane ser til lovgjevar og lovverket, som her har markant har heva straffenivået. Tilfelle av overgrep mot personar som var «bevisstløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg» den seksuelle omgangen, som det heiter i § 291, vart i 2000 rekna som valdtekt, og straffenivået er her generelt heva – utgangspunkt som Høgsterett tydeleg har lagt til grunn for sin retningsgjevande praksis. Det er dette som er domstolen sitt viktige referansepunkt i straffesaker, ikkje den offentlege debatten.

Kulturprofilsaka er av offentleg interesse, uavhengig av kva resultat lagmannsretten kjem til. Strafferetten er eit viktig uttrykk for måten vi forstår rett, galt og rettvise i samfunnet, og offentleg engasjement og debatt om strafferetten er openbert av verdi. Men nettopp i lys av det, er det domstolen si viktige oppgåve å verne om si uavhengigheit. Det er viktig for demokratiet, for det er lovgjevar som skal gjere vurderingane av kva straffer vi skal ha. Det er viktig for domstolane, for deira uavhengigheit frå så vel politikk som samfunn er avgjerande for at dei skal kunne fylle sin rettsstatlege funksjon. Og det er viktig for at den einskilde skal få ei rettvis vurdering, basert på dei reglane lovgjevar har gjeve, og ikkje på stemningar, debattar og trendar i samfunnet.

Desse grunnane stiller samstundes krav til oss. Midt opp i det store engasjementet som slike saker kan skape, bør vi prøve å ha forståing for domstolane si særeigne rolle i slike saker. Domstolen er ingen kulturprofil. Vert vi for ivrige og tolkar den einskilde dommen som ein respons på og innlegg i offentlege diskusjonar og endringstrekk, så misforstår vi lett kva domstolen si rolle og funksjon er – og det vert vi, ikkje domstolen, som «politiserer» rettsstaten.


I dag, fredag, fall dommen og er alt mykje omtalt i media, til dømes i NRK: Kulturprofilen vart frifunnen for åtte av dei påståtte overgrepa, men dømt for eitt og straffa i eitt års fengsel. På grunn av det lågare beviskravet for oppreisningserstatning, vart han likevel dømt til å betale det. Den siste ordninga, som kan verke underleg for mange, fortener ei nærare forklaring og omtale. I denne posten berre minner eg om  poenget i innlegget frå i går: Domstolen si oppgåve er å ta stilling til den konkrete saka ut frå gjeldande reglar – ikkje å delta i ein breiare, om enn i seg sjølv veldig viktig diskusjon om korleis vi kan løyse samfunnsutfordringar slik som seksuelle overgrep openbert er.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.