Nye bidrag til valdtektsdebatten

Valdtektslovgjevinga har som nemnt i tidlegare postar vore eit sentralt tema for meg det siste året. I tillegg til boka Valdtektsstraffebodet – Gjeldande rett og spørsmålet om reform (Fagbokforlaget, 2019), publiserte eg saman med min professorkollega her på fakultetet, Henriette Sinding Aasen nyleg ein artikkel om utfordringane med eit straffebod med manglande samtykke som det sentrale gjerningselementet – sjå vidare vårt bidrag i festskriftet til ein annan professorkollega; Henry John Mæland, som nyleg fylte 70 år.Tittelen på bidraget var: Når mangler et «samtykke»? Utfordringer knyttet til et samtykkesbasert voldtektsstraffebud.

Det vert òg nye runder om denne tematikken i Oslo seinare i haust, mellom anna skal eg bidra til Brennbart: Voldtektsproblemet den 28. november.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.