Dette har vore ein aktiv haust. Vi (eg, Linda Gröning og Eriling Johannes Husabø) publiserte i august ny, andre utgåve av Frihet, forbrytelse og straff – En systematisk fremstilling av norsk strafferett, som òg vert brukt på det årlege kurset i strafferett for fjerdeårsstudentane ved fakultetet, der eg er kursansvarleg og underviser saman med Erling Johannes Husabø. Samstundes har eg arbeidd med mange tematikkar. Debatten om valdtektsstraffebodet (sjå postar nedanfor) har halde fram. I september var eg i Oslo og snakka om utviklinga av narkotikastraffelovgjevinga – medan vi ventar i spenning på rusreformutvalet sine konklusjonar. Seinare same månad var eg i Sandefjord og snakka om utviklinga i forholdet mellom sanksjonar etter strafferetten, konkurranseretten og forvaltningsretten meir allment. I haust hadde eg òg bidrag i debatt under Bergen Exchanges om Corruption and Law Enforcement. Valdtekt, narkotika, konkurranserett og korrupsjon – fellesnemnaren? Dei kanskje mest spennande spørsmåla for strafferettsforskarar: Korleis utviklar strafferetten seg – og kan vi på noko måte bidra til ei meir rasjonell og rettferdig strafferettsutvikling?
Å ta stilling til desse spørsmåla krev både av oss at vi studerer og reflekterer over strafferettsutviklinga. I tillegg må vi som forskarar reflektere nøye over korleis vi kan utvikle kunnskap som bidrar til ei betre utvikling av strafferetten særleg og rettsreglane generelt. Om det siste, sjå mellom anna mitt nylege bidrag i festskriftet til fakultetet i samband med 50-årsfeiringa av juristutdanninga i Bergen om Law, Legal Science and Methodological Pluralism.
Bli første kommentator