(Ut)danning av juristar – i lys av NAV-saka

NAV-saka er ei svært alvorleg sak, med mange sider som bør ettergåast nærare når vi har fått fakta på bordet. Det har samstundes vore teke til ordet for at erfaringane frå saka bør føre til endringar på jus-studiet. Min gode kollega, Asbjørn Strandbakken til dømes har argumentert for det. 

Som undervisar i strafferett på fakultetet, er eg av ei heilt anna meining. Jus er kompliserte greier med mange dimensjonar ved seg. Jusen er for det første grunnstrukturen i samfunnet vår. Rettsstaten set rammene for politikken og sikrar grunnleggande rettar for kvar einskild av oss. Her heng jusen nært saman med grunnleggande førestillingar om rettferd og makt, om demokrati og einskildindividet sine rettar. Denne dimensjonen av jusen krev av juristen at denne er ein slags praktisk filosof, som forstår desse store trekka og ser seg sjølv som ein forvaltar av dei. Jusen er samstundes eit komplisert regelsystem. Lovverket er stort, kjeldegrunnlaget enno større. Internasjonale konvensjonar, førearbeid og høgsterettspraksis er andre viktige kjelder for juristen. Rettsreglane dekker samstundes nær sagt alle samfunnsområde og samverke mellom menneske. Konkursrett, strafferett, barnerett, trygderett, menneskerettar, asylrett, avtalerett. Lista kunne vore gjort mykje lengre. I kvart av desse felta er det ei mengde av juridiske spørsmål som kan dukke opp, og som kjeldene ikkje gjev klare svar på. Og så er jusen røyndom. Den er rammeverket for einskildmennesket sitt liv, grunnlaget for eigedomsretten du har til sakene dine, reglane du kan appellere til når nokon har krenka deg og reglane som staten baserer sine inngrep i ditt liv på. Den skal ikkje minst vere livslinja for den som er utsett i samfunnet – den som ikkje kan bruke si sosiale makt til å få sine rettar igjen. Òg den skal kunne kome til jussen, til advokaten og domstolen og der igjennom få sin rett. Jusen bør ha eit menneskeleg ansikt. 

Så kva slags juristar bør vi utdanne?  Samfunnet treng juristar av ulik karakter, i ulike institusjonar slik som domstol, forvaltning, rettsvitskap, politi og advokatverksemd. Dei ulike institusjonane må naturleg nok spesialisere seg på sine område. Men grunnlaget for all juridiske verksemd bør vere ei utdanning som set ein inn denne samansette karakteren. Vi har hatt tradisjon for å fokusere på dei mange ulike reglane. Dei store samfunnsendringane i dag krev ikkje minst juristar som kan forstå og forvalte rettsordninga vidare med forståing for den viktige og samansette rolla retten har i samfunnet. Med andre ord er spesialisering av jusutdanninga etter mitt syn heilt feil veg å gå.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.