Stålsett og sivil ulydighet

Det har vore mykje diskusjon rundt politiet sin tiltale og straffepåstand om ubetinga fengsel for den profilerte biskopen, 84 år gamle Gunnar Stålsett. Mange har kasta seg inn i debatten – men tidvis synes den vere prega av at spørsmålet har ulike, i seg sjølv viktige, lag. Skil vi mellom desse vert i alle fall debatten ryddigare. Vi tek det for gjeve her at Stålsett har handla i strid med ei lovføresegn som det er knytt ein straffetrugsel til. Spørsmåla vert då:

– Er politiet sin straffepåstand i tråd med praksis på området? Her er det sentrale prinsippet likebehandling – av Stålsett og av andre som begår same eller relaterte lovbrot. Domstolen får her det siste ordet.

– Skal ein få mildare straff fordi handlinga er gjort som sivil ulydnad? I utgangspunktet ikkje: Det ligg i uttrykket sivil ulydnad at ein handlar mot gjeldande normer. Det er lovgjevar si oppgåve å gjere vurderingane av kva normer vi skal ha, og utgangspunktet i demokratiet er at ein får gå vegen om dei politiske prosessane om ein vil ha endringar. I dette tilfellet har lovgjevar føreteke vurderingar av kva som skal vere tillete – og då er det opp til oss som borgarar å respektere det. Ein klar praksis med «strafferabatt» for sivil ulydnad ville vore som ein invitasjon til å bruke slike verkemiddel for politiske ytringar. Det må i så fall gjelde òg dei som har synspunkt som vi ikkje har same sympati med som vi kan ha med Stålsett sine intensjonar.

– Kan det likevel vere moralsk rett å ty til sivil ulydnad? Absolutt, nokre gonger kan det òg vere ein plikt å sette seg opp mot lovene. Men løna for det får ein ikkje i domstolen..

– Bør bruken av fengsel reduserast – for slike og for andre lovbrot? Det kan godt vere – og ein del politikarar tek allereie til ordet for lovendringar på området. Og generelt er det eit gode for oss om vi kan redusere bruken av fengselsstraffa. Men den politiske responsen er ikkje heilt utan bismak. Politikarar kappast om å stille seg i solidaritet med Stålsett. Diverre er det ikkje like ofte at ein gjer det same for dei mange andre og mykje meir resurssvake som går i fengsel.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.