Våren 2020

2019 ebba ut som eit ganske normalt år. Strafferettskurset – som så ofte dominerer hausten min – kom i hamn på tampen av året, og nokre nye publikasjonar kom ut, slik som bidraget mitt til festskriftet til dåverande Riksadvokat Tor-Aksel Busch – om forholdet mellom teori og praksis i strafferetten. Våren 2020 har derimot vore spesiell for oss alle. Men livet på universitetet går ganske bra vidare på i det digitale liv. Her er noko av det som har vore gjort så langt i år. Viktigast er kanskje at Frihet, forbrytelse og straff (2. utg. 2019), no vert supplert av ei ny bok med same forfattarar, i tillegg til at Asbjørn Strandbakken no er med på laget. Boka omhandlar mange av dei mest sentrale brotsverka i straffelova og er venta i handelen tidleg på hausten. Ein ny artikkel er òg på veg i trykk i Zeitschrift für die gesamte Strafrechtswissenschaft. Her tek eg for meg ein del utviklingstrekk i strafferetten som eg har observert i arbeidet mitt dei siste åra, og spør om ikkje dagens utvikling i ganske stor grad synes å realisere tankegodset til den tyske strafferettsforfattaren Liszt. Nyleg vart eg forresten intervjua i Morgonbladet (med ei teikning av meg som du får sjå sjølv om du ikkje kjem forbi betalingsmuren:), der eg mellom anna uttalar meg litt om betydninga av rettsordninga – noko ikkje minst vi har sett tydelege uttrykk for gjennom pandemien som seinare kom.

Bli første kommentator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.